Peder Tomren si webside

tilbake til Gudsordet

"Eg orkar ikkje dette åleinelivet ", sa Gud.

Den søte juletid er i tjømda. Det skal vaskast og stellast i huset. Juledukane skal på bordet. Lysa skal hengast opp i vindauga. Dekorasjonane skal fram, og stearinen skal brenne. Treet skal dekorerast, og pakkane skal kjøpast.

Dei bortreiste barna skal vende heim. Dei skal på ferie og ligge så lenge dei vil om morgonen, og dei skal stellast med og dullast med av foreldra. Det er kosetid for alle partar.

Julemiddagen skal i gryta på julaftan. Den smakar ekstra godt, og så skaper den ei spesiell lukt i huset. Folket skal pynte seg, og dei skal samlast rundt bordet til hygge og godt samver. Det er jul, og det er kjekt. Så godt å vere i lag og kjenne at ein har kvarandre. Dette er tida på året ein har sett fram til.

Andre har brukt lang tid på å grue seg til juletida. Dei håper den går fort over utan for store vanskar. Det som er vanskeleg heim, blir ekstra vanskeleg denne tida. Saknet etter nære og kjære som ikkje er der lenger, kjennast ekstra godt, og åleinelivet er spesielt tungt i desse tider.

Gud har det på same måte.

Juletid er høgtid både positivt og negativt. Kjensler blir forsterka begge vegar, og dei samsvarar med det som Gud i himmelen kjenner på.

Han skapte alt så flott ein gong. Jorda var som den flottaste hagen med stor variasjon og stor rikdom. Alt var perfekt, men det var noko han mangla: Nokon å vere i lag med, og nokon å dele alt det flotte med. Han kunne søkje kontakt med torsken i havet, men det var ikkje den store responsen. Han kunne gjere det same med hjorten i skogen og med måsen i lufta, men det var ikkje noko betre der.

Så skapte han menneska, og då vart alt såre vel. Han kunne kommunisere med dei. Han kunne oppleve nærleik og fellesskap med dei, og han kunne dele med dei alt han hadde. Livet kunne ikkje vere betre.

Så opplevde Gud si livs største sorg. Menneska vende han ryggen. Dei valde det vonde, og dei måtte vekk. Gud vart åleine i Paradiset, og åleinelivet var ikkje til å halde ut. Her måtte det handlast fort. Han var villeg til å gjere alt for å gjenopprette kontakt med menneska og få dei tilbake til fellesskapet og nærleiken.

Kva er beviset på at Gud hadde det slik? Det er barnet i krybba. Han kom sjølv til jord og vart eit menneske mellom oss, og englane møtte gjetarane på marka og song om fred på jord og glede i Gud. Dei såg langt fram. Dei såg ein ny tilstand der freden er rundt menneska og inne i dei, og Gud gleder seg storleg over dei. Det har kome ei nyskapt jord der kommunikasjonen og fellesskapet rundt bordet er gjenoppretta. Gud får dele alt sitt med desse menneska, og han er storleg fornøgd. Derfor song englane så sterkt. Alt dette på grunn av barnet i krybba.

tilbake til Gudsordet

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg