Peder Tomren si webside

tilbake til Humor

Om kjærleik og samliv

Når ein gifta seg i gamle dagar, var det fordi staten sa det og presten meinte det var best. I dag kan ein slenge seg saman med den eine sambuaren etter den andre utan at staten så mykje som lettar på lokket. - Turid, 7 år

Når ein giftar seg, gir ein kvarandre et tausheitsløfte. Hvis ein ikkje held det, blir ein skilt, og då må ein dele på lampane og knivane, og som regel blir ein ikkje einige om kven som skal ha barna. Dei som ikkje blir einige om det, må gå til ein børsmeklar. Han bestemmer at den eine skal ha barna, så får heller den andre eit spisebord ekstra. - Regina, 7 år

Det har ingenting å bety korleis ein ser ut. Sjå på meg - eg er veldig kjekk, men har likevel ingen å gifte meg med. - Brian 7 år

For å få kjærleiken til å vare er det viktig å vere ein god kyssar. Då kan det hende at kona di gløymer at du aldri tek ut søpla. - Erik 8 år

Folk som er forelska held kvarandre i hendene så ikkje ringane skal dette av, for dei kostar mange pengar. - Tine 7 år

I gamle dagar sa ein "Eg elskar deg" til folk. No treng ein heldigvis ikkje å anstrenge seg så forferdelig skrekkelig lenger. Eg trur det held at ein seier: "Kom hit!". - Holger 8 år

Hvis ein elskar nokon, så blir ein veldig usymmetrisk og klarer ikkje å tenkje heilt rent. Det trur eg er gøy. - Frithjof 6 år

Mange som er forelska blir litt dummare. Litt bortreiste i sitt eige ytre landskap liksom. - Jo Thomas 9 år

Det viktigaste når ein giftar seg, er at ein har ein god monolog. - Karina 8 år

I ein familie kan ein seie akkurat kva ein meiner utan å være redd for at nokon andre skal meine det same. - Haakon 6 år

Er det betre å vere singel eller å vere gift?
- "Det er betre for jenter å vere singel enn for gutar. Gutar treng nokon til å rydde opp etter seg." - Anna, 9 år

Når er det greitt å kysse nokon?
- "Det er aldri ok å kysse ein gut. Dei berre slevar på ein. Det var derfor eg slutta med det." - Jeanette, 10 år

Korleis ville du få ekteskapet ditt til å fungere?
- "Seie at ho er vakker, sjølv om ho ser ut som ein lastebil" - Rick, 10 år
- "Det er lurt å huske namnet på kjæresten sin, elles blir det bråk."
- "Hvis det er like strevsamt å vere forelska som å lære seg å skrive, veit eg ikkje om det er verdt det."

tilbake til Humor

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg