Peder Tomren si webside

tilbake til Gudsordet

Denne fortærande erriterande mannen.

"No får det vere nok. No må vi sette ein stoppar for dette. Det går over alle støvleskapt."

Orda lydde på eit krisemøte i det religiøse rådet i Jerusalem. Det var leiaren for rådet som bar dei fram med sterkt engasjement og stor innleving.

"Alle våre levedagar har vi lagt oss i skinnet for å vise folket korleis dei skal leve", heldt han fram. "Vi har vist fram vår gode gange på gatene. Vi har gjeve 10 % av pengane våre til fattige. Vi har lete maten ligge roleg i skuffa to dagar i veka fordi vi skulle faste, og vi har vore stamgjestar i tempelet der vi har bedt bønene og undervist folket. Og så kjem denne mannen frå Nasaret og vil rive ned heile byggverket vårt. Eg blir så eitrande sinna at eg ser raudt".

Stemninga i rommet steig etter som leiaren kom med det eine fyndordet etter det andre. Dei andre vrei seg på stolane, banka forsiktig i bordet og nikka eller kremta til kvarandre. Ja, no får det vere nok. No må det gjerast noko, meinte dei. Dei fleste meinte det.

"Vi veit alle korleis denne mannen har farta rundt og skapt kaos både her og der, og no skal de få eit nytt kapittel i denne følgjetongen. Simon, du må kome fram hit. Du bad inn til selskap, og du bad også denne Jesus. No må du fortelje oss kva som skjedde heime hos deg denne dagen".

Simon var ikkje den som applauderte mest til leiaren sine intense ord. Han sat meir stille, og han prøvde å skjule at han var ikkje heilt med. No røyste han seg og gjekk forsiktig fram til vitneboksa. Han snudde seg mot dei andre, og så byrja han å fortelje:

"Eg innviterte til selskap heime hos meg ein dag, og Jesus var ein av gjestane". Simon sa ikkje noko om at han var nyskjerrig på denne personen, og at han hadde lyst til å bli litt meir kjend med han. Det passa seg ikkje å seie det i denne samanheng. "Alt gjekk greitt", held han fram. "Lammesteika og vinen stod på bordet. Praten og stemninga var god, men så vart det heilt stille. Ei som bur i Undergangen 13 stod brått i døra, og så bevega ho seg innover i rommet. Vi kan seie at ho er ei av dei som har bordell heime hos seg. Ho stoppa ved beina til Jesus. Ho gret så det fossa, og ho vaska beina hans med tårene sine. Så brukte ho håret sitt til tørke dei, og til slutt bøygde ho seg ned og kyste dei".

Stemninga i rommet var stigande etter som Simon fortalde, og til slutt var den på bristepunktet. "Men kva gjorde du då?", spurde hr. Nassam på andre benkerad noko høglydt. "Heiv du ho ikkje på dør?". "Ja, og Jesus med?", kom det frå ein annan lenger bak. "Nei, eg fekk meg ikkje til det", svarte Simon lavmeldt, "men eg tenkte på det. Og det rare var at denne Jesus skjønte kva eg tenkte på. Han snakka til meg, og han snakka om å tilgi og å elske. Så såg han på kvinna og sa at ho skulle få tilgjeving for det ho hadde gjort".

"Forstår de no kva eg meiner når eg seier at no får det vere nok?" Det var leiaren som braut inn med brask og brann medan Simon tusla tilbake til plassen sin. Leiaren brukte slik stemme at han måtte hoste og harke etterpå. "Denne Jesus held seg saman med horkvinner og horkarar, og han går inn til kjeltringar og slabbedaskar. Han bryt ned alt vi har prøvd å bygge opp av religiøs standar i folket, og han er ein fare for alle som prøver så godt dei kan å nærme seg Gud. Vi må bli kvitt denne mannen", lydde den siste kraftsalva, og applausen ville ingen ende ta.

"Han snakka om å tilgi og elske", tenkte Simon med seg sjølv, men han sa ingen ting.

tilbake til Gudsordet

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg