Peder Tomren si webside

tilbake til Gudsordet

Eg er liten og veik

Det finst menneske eg aldri blir ferdig med å sjå opp til. Ein av desse er apostelen Paulus. Sett ned på av mange, men han opplevde det som få andre har opplevd. Han såg sjuke menneske bli friske rundt seg. Folk som var fanga av vonde ånder, vart sette fri, og han fekk livlause personar på beina igjen. Men så seier han ting som eg ikkje forstår. Han var glad når han var veik, når han vart mishandla, når han var i naud, og når han kjende på angsten. Han var sterk når han var svak, seier han.

For min eigen del må eg seie: Eg vil gjerne vere frisk og rask. Eg vil gjerne at kroppen skal vere i tipp topp form slik at eg kan farte rundt på beina, i bilen eller i båten og gjere det eg har lyst å gjere. Det er så godt når systemet fungerer slik det skal, og ein kan kaste seg ut i det eine etter det andre. Det er ikkje innlysande at det er slik. Eg fekk merke det sommaren 2007.

Vi skulle flytte ut av huset der vi budde. Det var mykje pakking, vasking og tunge løft, og etterpå gav kneet beskjed om at det vart litt for mykje. "Det er overbelastning eller slitasje", sa doktoren, "det har med alderen din å gjere". Med alderen min å gjere? Eg har passert 25, men det får då vere måte på. Kneet skulle bli godt igjen det, for eg skulle til Sunnmøre og gå i fjella. Vel, den som lever får sjå korleis det blir.

Det er andre ting eg gjerne vil, og det er å meistre jobben min. Eg kan legge ned mykje energi for at folk skal få noko ut av det eg formidlar. Ein kan kjenne det godt inne i seg når folk seier: "Å du for ein kjekk mann", eller: "Dei eldre er så glad i deg".

Det er slik vi helst vil ha det, men i 2007 byrja det å butte imot. Livet vart for vanskeleg.

Eg som hadde meistra det meste og stått på både her og der. No skulle gjeremåla leggast til side, for eg hadde behov for å gjere noko med meg sjølv. Saman med andre fekk eg legge på bordet den eine tingen etter den andre: Alle kampane som hadde vore i livet. Frustrasjonen som hadde kome både titt og ofte. Slitasjen som hadde vore der både i arbeid og på heimebane mange år bakover. Einsemda som hadde dukka opp når ein minst venta det, og angsten for ikkje å strekk til.

Det var som å vandre rundt i dette huset som heiter Peder Tomren, og der kom ein til ulike dører. På den eine døra stod det: "Den lille guten". Den døra vart opna, og ut kom det ein liten kar som hadde det så godt og trygt rundt seg, men som var utrygg, vàr og sårbar inne i seg. Han bar også alltid på ein lengt etter nærleik, kjærleik og stadfesting, men det var ikkje så lett å finne når miljøet sa at ein skulle ikkje skjemme bort ungane, og ein skulle ikkje skryte.

No, mange år etter, kjende eg at slitasjen var der. Overskotet var borte. Eg kjende meg tom, svak og sårbar, og eg opplevde meg sett til side og til lita eller til inga nytte.

Eg skulle starte i ny stilling medan eg kava med å kome i oppreist stilling på to bein, og eg kjende på det same: Eg er liten og veik, og eg kjenner angsten for ikkje å strekke til. Då er det så velsigna godt å sjå korleis Paulus hadde det når han møtte kyrkjelyden i Korint. Han var veik, redd og skjelvande (1. Kor. 2,3), og så er det dette utrulege verset i 2. Kor. 12,10 der han seier at han er glad når han kjenner seg veik, i naud og angstfull. Ja, det siste året har eg møtt noko av det same, men eg kjenner meg ikkje glad for det. Eg har eit stykke igjen før eg når Paulus sitt nivå.

I virket mitt ber eg også på ein draum eller ein djup lengt. Det er å få sjå Guds rike i verksemd og å sjå menneske bli rørt ved av Gud. Eg har sett det før, og eg vil gjerne sjå det igjen. Menneske som vil leve saman med Jesus og vere med og feira æva i eit fullkome rike ein gong. Det er så moro når folk blir lækte frå vonde opplevingar som dei ber inne i seg, og det er så moro når folk med fysiske plager blir løfta ut av det. Sjå Guds rike i verksemd med kjærleik og helbred.

Kva skal vi gjere for at dette skal vere hos oss? Skal vi ta oss saman og bli betre menneske på dei fleste område? Nei, det fører ingen stad hen.

Så kjem noko som er viktig: Guds rike hos oss har å gjere med det at vi er den vi er. Det handlar om å vere sanne, ekte og ærlege. Å vere sann kristen har å gjere med det å vere sant menneske. Det handlar om å tore å vere svak og tore å opne dører til dei romma der det ligg sårbare ting. For i Guds rike er det som følgjande: Der ein er liten - der kan Gud vere stor. Der ein er svak - der kan Gud sleppe til med sin styrkje. Å vere stor er å tore å vere liten. Å vere sterk er å tore å vere svak.

Eit fellesskap som gir rom for det svake, kan bere Guds kraft i seg. Eit slik fellesskap kan røre ved dei himmelske kreftene, og det kan trekke Guds rike sitt virke til seg slik at dette riket får virke og røre ved menneske.

tilbake til Gudsordet

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg