Peder Tomren si webside

tilbake til Gudsordet

Fjella skal synge i kor.

Eg har fått nokre fjellturar etter at eg kom tilbake til Haram. Det er så godt å klatre fjellsidene og kjenne at sveitten renn, og det er så godt å kome opp og få den utsikta. Det er helsebot å ta inn over seg landskapet og fargane og suge inn den friske lufta. Det er flott å oppleve dette saman med andre, og det kan vere godt å gjere det åleine. Det er så stille i naturen. Ein kan høyre vinden suse og bekken sildre, og ein kan høyre fuglesongen, men elles er det stille. Naturen kan vere ein plass å kome nær seg sjølv, lufte tankane og kjenne på livet.

Fjella skal danne kor.

Men så har eg fantasert om ein ting: Tenk om fjella rundt oss skulle byrja å synge. Kanskje Skjerdingen 1060 m.o.h. kunne vere 2. bass og ta opp tonen, og så kunne Gamlemsveten vere 1. bass og fylgje på. Så heiv Hildrehesten seg på og så Hellandshorner og så alle dei andre toppane. Kva med øyane ut forbi her då? Dei kunne ta sopranstemma og danne fortroppen medan dei dansa til songen frå fjella. Det ville vere litt av eit skue for øyrene og auga, og det ville vere ei spesiell oppleving å gå i denne naturen. Men dette er vel berre å leike seg med fantasien.

Naturen skal vere med.

Stopp ein halv no. Det har ikkje gått heilt rundt for presten. Dette er noko som skal kome. Ein tekst frå Det gamle testamentet (Salme 98) seier at elvane skal klappe i hendene, og fjella skal juble i kor. Korleis kan det gå til? Når bodskapen om Jesus har nådd alle folkeslag, skal han kome tilbake til jord, og han skal reinse og gjenskape heile skaparverket. Guds nærleik skal gjennomsyre alt så sterkt at heile naturen vert himmel. Det skal stige fram noko heilt nytt, og alt skal vere med i songen til han som har gjort dette. Då kan det bli fjellturar med hopp og danse i staden for slit og sveitte. Du verda kor eg gler meg til dette. Hyttetomta på Ulla er alt tinga.

tilbake til Gudsordet

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg