Peder Tomren si webside
Tomrefjord.

Ein plass med lange tradisjonar i båtbyggeri.

Under Aretgarden i Store-Tomren låg husmansplassen Øverbø-Røysplassen, og det vart fødestaden til min farfar, Andreas A. Tomren.

Rundt 1890 kom han til Ulla for å vere "tømbermann" og fiskar, og der vart han verande livet ut.

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg

Forfedre til Vilhelm Andreasen Tomren - frå Tomrefjord.

tilbake til Slekt

Fyrste Generasjon.

1. Vilhelm A. Tomren var son til Andreas Andersen Tomren (person nr. 2) og Helena Ingeborg Johansdtr. Hellevik. Han var fødd 15. mai 1905 i Tomren-huset på Ulla på Haramsøya, og han var døypt 16. juli 1905 i Haram kyrkje, Haramsøy. Han døydde 9. juni 1967 i Stavanger av hjarteinnfark 62 år, og han vart gravlagd 14. juni 1967 frå Haram kyrkje, Haramsøy.

Vilhelm gjekk på folkeskule på Ulla frå 1912 til 1919, og som lærar hadde han først Rasmus Godøy. Godøy var ein flink lærar og ein allsidig person som betydde mykje for lokalsamfunnet. Seinare hadde far Helga Haram som lærar. Ho var søster til Gurine Haram som var gift med Petter P. Haram (Petter-Petter). Helga døydde av tæring i 1921 27 år gamal.
Vilhelm vart konfirmert 28 sept 1919 i Haram kyrkje, Haramsøy. Seinare tok han fiskarhøgskule, og han var fiskar heile sitt yrkesaktive liv. Mange på Ulla hadde det som yrke, og det var naturleg å gå den vegen. Der var ikkje så mange andre tilbod.

På midten av 1930 talet var Vilhelm med "Torland" til Grønland for å fiske kveite. Dei hadde med små båtar som likna på lettbåtar, og dei brukte desse til fisket. Dei sette kveitelinene frå småbatane, og dei brukte dei når dei skulle drage linene. "Torland" var ein stor båt, og der isa dei ned kveitefangsten, og dei hadde småbåtane om bord i storbåten.

Vilhelm var også med "Ullaholm". Det var ei kviteskute frå Sverige, og det var Petter, bror til Vilhelm som eigde den. Rundt midten av 1950 talet var Vilhelm med "Falkøy". Han var med "Fensfjord" som var frå Longva. Han var med "Sjøvik" som mellom anna dreiv fiske på Grønland, og den siste båten far var med, var "Roventa" frå Lepsøy. Det var Oskar Seth som hadde den båten.

Frå 1959 til 1964 eigde far båten "Fiskenes" saman med broren Olaus og sonen Andreas. Båten var bygd hos Aas på Vestnesbukt, og den var 77 fot lang. Det var ein staseleg båt. Dei dreiv sildefiske utafor Mørekysten om vinteren. Dei var til Island og Grønland, og dei dreiv i Nordsjøen.

Vilhelm var ein arbeidsmann. Han var stor og sterk, og han var ikkje redd for å ta eit tak. Han var snill og hjelpsam, og han var ikkje redd for å låne ei hand. Han tok mellom anna ein gong vaskemaskina til naboen på ryggen og bar den frå fjøra og opp i huset. Far hadde humøret, og han kunne vere ein skøyar og ein fant. Han vart sjeldan sint, men vi lytta når han sa noko.

Han gifta seg 6. apr. 1935 med Borghild Hansdtr. Ulla i Borgund kyrkje. Borghild var dotter til Hans Andreas Hansen Ulla og Anna Dorothea Pedersdtr. Ulla frå Negard på Ulla. Dei var gift i 32 år før far døydde i 1967, og etter det var mor enkje i 25 år. Mor og far fekk 5 born, og du les meir om dei på fila:

"Forfedre til Borghild Hansdtr. Ulla".

I 1939 kjøpte dei småbruket "Lynghol" innafor Håneset på Haramsøy. Vilhelm budde der så lenge han levde. "Lynghol" var eit småbruk, og det var Hans Haram (Anfinn-Hans) som bygde murhuset i 1916. Helga og Petter med borna sine (søster til mor og bror til far) flytta inn i huset saman med mor og far, og dei budde i 2. etg. i 10 år til dei bygde eige hus i 1949. På 1980-talet vart huset seld, og no (2009) er det nokon frå Tyskland som har det som feriehus.

Andre generasjon (Foreldre):

2. Andreas Andersen Tomren var son til Anders Sivertsen Løvoll (person nr. 4) og Marit Alfsdtr. Selnes. Han var fødd 8. mars 1867 på husmansplassen Øverbø-Røysplassen under Aretgarden i Tomrefjord. I 1901 er plassen kalla Halsbakk. Andreas var konfirmert i 1882 på Vatne.
Han kom til Ulla på Haramsøya, og der døydde han 28. des. 1942 i ein alder av 75 år. Han vart gravlagd 2. jan. 1943 frå Haram kyrkje, Haramsøy.

Det var far til Andreas, Anders Sivertsen (Sjur) Løvoll, som kom til Øverbø-Røysplassen. Han selde heimegarden på Løvolla i 1866 og flytta til farsgarden (Aret) inne i Tområ. Det var truleg grunnen til at Andreas fekk namnet Tomren. Han bytta ikkje namn etter at han kom til Ulla, slik mange gjorde.
No er det Gunnhild Kvernmo som har denne plassen. Ho er dotter til Gerhard Tomren som var halvbror til Andreas. Gunnhild er gift med Alf Kvernmo, og dei har bygt huset om til å bli ei fin hytte.

Andreas kom til Ulla rundt 1890 etter at mora døydde i 1888, og etter at faren gifta seg opp igjen i 1889. Han overtok garden Tomren bnr. 32 i Ullahamaren i 1892. Det var opprinneleg eit tømmerhus som stod i Fiksdal i Romsdal. Tømmeret vart teke ned, frakta til Ulla og sett opp igjen der. Det same skjedde med Petter-huset på Ulla som Petter Hellevik (svoger til Andreas) kjøpte og sette opp. No har det huset namnet Hellevik-stova.
Andreas var fiskar og bygningsmann. Han var mellom anna på Haram og på Lepsøya og dreiv med snekkararbeid, og det er fortalt at han og ein annan mann rodde frå Ulla til Nogva for å snekkre.

Han var eigar av båten "Håbet" saman med bror til Helene, Petter Hellevik. Båten var dekksbåt og seinare motorbåt. Den vart etter kvart gamal, og den fekk lekkasje. I mai 1913 vart den seld til Buholmen for kr 2000,-. Same året starta Andreas og sonen Ingvald forhandlingar om ny båt på Vik i Tomrefjord (Ingvald kjøpte båtparten til Petter Hellevik for kr. 900,- i 1912).
Ny båt som også fekk namnet "Håbet", vart ferdig til jul i 1913. Den var 43 fot lang og 14 fot brei, og den hadde ein 18 hestar Alfa motor. Det var Martinus Stongnes på Fjørtofta som var agent for den motoren, og han monterte den i båten. Motoren vart prøvekøyrd på land etter at den var montert, men berre ei kort stund p.g.a. kjølinga. Sjølve båten kosta kr 2300,-, og Martinus Stongnes skulle ha kr 4000,- for mototen og monteringa. Andreas og Ingvald fekk eit lån på kr 6000,- i Haram Sparebank til kjøp av båten. Andreas og Ingvald var godt nøgde med båten. Det var ein G.V. Ulla som skaffa vegn og anna utstyr. Dei brukte båten til sildefiske vinteren 1914, og seinare på året var det torskefiske med garn. Elles dreiv dei linefiske. Det var godt fiske denne tida, men i 1914 kom krigen.

Andreas gifta seg med Helena Ingeborg Johansdtr. Hellevik 18. sept. 1892. Ho var frå Ivargarden i Hellevika på Lepsøya. Brudefolka er nemnde som "Tømmermand" Andreas Andersen Tomren f. 1867 i Vestnes og konfirmert i Vatne i 1882 - og Elene Ingeborg Johansdtr. Hellevig f. 1871 og konfirmert i 1886 i Harham. Fedrane er nemnde som gardbrukar Anders Sivertsen Løvold og gardbrukar Johan Iversen Hellevig. Forlovarar var Johannes Jakobsen Hellevig og Johan Iversen Hellevig. Datoen for denne vigselen er også nemnd i samband med dåpen til sonen Magnus Johan 19. januar 1896. Kjelda her er Haram kyrkjebok nr. 10, 1884-1896 side 94 nr. 4.1.

Når det gjeld Andreas og Helena sine born, sjå fila "Forfedre til Vilhelm A. Tomren - Hellevika".

Tredje generasjon (Besteforeldre):

4. Anders Sivertsen Løvoll var far til Andreas (person nr. 2) og son til Sivert (Sjur) Aretson Tomren (person nr. 6) og Ane Olsdtr. Løvoll (person nr. 7). Han var fødd i 1830 på Løvolla i Tomrefjord, og han døydde i 1914 på husmannsplassen Øverbø - Røysplassen i Tomrefjord i ein alder av 84 år.
Foreldra var ikkje gifte, og Anders voks opp på Løvolla saman med mor si. Mora gifta seg i 1837 med Ola Eriksen Misfjord Løvoll.

I 1856 kjøpte Anders heimgarden på Løvolla, men 10 år seinare selde han den og flytta til farsgarden (Aretgarden i Stor-Tomren) inne i Tomrefjorden der han bygsla Øverbø-Røysplassen (bnr 11). Ved folketeljing i 1875 er Anders nemnd som plassmann og fiskar. I 1901 er plassen kalla Halsbakk. Etter at Anders døydde i 1914, gjekk plassen tilbake til garden.

Anders gifta seg med Marit Alfsdtr. Selnes i 1858. Ho var dotter til Alf Olsen Selnes og Hanna Hansdtr. Ås. Ho var fødd i 1828 på Selnesa og døydde i 1888 på Øverbø - Røysplassen i ein alder av 60 år.

Anders og Marit fekk følgjande 5 born:

i. Lars Andreas Andersen Løvoll var fødd i 1856 på Løvolla, og han døydde i 1865 berre 9 år gamal.

ii. Ane Andersdtr. Løvoll var fødd i 1859 på Løvolla. Ho vart gift til Kleiven på Otrøy`n.

iii. Hanna Andersdtr. Løvoll var fødd i 1862 på Løvolla. Ho kom til Rørset på Otrøy`n.

iv. Sivert Olaus Andersen Løvoll var fødd i 1864 på Løvolla. Han kollsegla og vart borte på Hellandsfjorden. I 1887 fekk han ei dotter Sofia Karoline med Ingeborg Olsdtr. Helland. Ingeborg gifta seg i 1890 med Knut Aretson Tomren som var barnebarnet til Sivert (Sjur) Aretson Tomren. Sivert var far til Anders som det er snakk om her. Eller sagt på ein annan måte: Anders var halvbror til Knut sin far, Aret Sivertson Tomren.

v. Andreas Andersen Tomren. Dette er person nr. 2 som er omtala lenger oppe på denne sida.

Marit Alfsdtr. Selnes døydde i 1888, og Anders gifta seg for andre gong året etter med Petrine Aretsdtr. frå Gunnaplassen. Ho var fødd i 1853 og døydde i 1928.

Anders og Petrine fekk følgjande 3 born:

i. Matias Sigurd Andersen Tomren som var fødd i 1890. Han gifta seg med Petrina Lid frå Ørskog. Dei busette seg der, og Matias vart gardbrukar. Han døydde brått av hjarteinnfark.

ii. Anna Andersdtr. Tomren var fødd i 1891 og døydde i 1969. Ho var syerkse, og ho var ugift. Ho vart buande på Øverbø - Røysplassen, og i 1942 fekk ho skyldelt frå eit areal kring huset som vart bnr. 33 Markholsbakken. Kjøpesummen var 370 kroner. I 1975 fekk arvingane skøyte på eigedomen, og same året tok Gunnhild Kvernmo, dotter til Gerhard, over her.

iii. Gerhard Andreas Andersen Tomren var fødd i 1894 og døydde i 1976. Han gifta seg med Margit Pauline Østensdtr. Edvardsen i 1937. Margit var fødd 1912. Gerhard og Margit kom på bnr. 19. Dei fekk borna:
Gunnhild Astrid f. 1938 og Magne Øivind f. 1946.

Gunnhild gifta seg med Alf Martin Kverno, og dei har borna: Marit f. 1962, Nina f. 1965, Arne f. 1966 og Grethe f. 1969. Familien bor i Molde.

Magne er gift med Gerd Jacobsen. Dei har borna: Trude f. 1968 og Gøril f. 1972. Dei bur i Molde.

Fjerde generasjon (Oldeforeldre)

6. Sivert (Sjur) Aretson Tomren var far til Anders (person nr. 4) og son til Aret Arneson Tomren (person nr. 10) og Berit Sjursdtr. Li (person nr. 11). Han var fødd i 1811 i Aretgarden som høyrde til Store-Tomren i Tomrefjord. Aretgarden hadde bruksnr. 9. Sivert døydde på heimegarden i 1899 i ein alder av 88 år. Han vart også kalle Sjur.

Han overtok garden etter far sin Aret Arneson Tomren i 1839 og dreiv den til 1860. Han betalte 100 dalar for skøyta på 1 pund og 15 mark. Han måtte samstundes innfri ei obligasjonsgjeld som var på garden.
Det var Sivert som flytta husa på garden opp i det tunet som er no. Det var etter at fonna gjorde stor skade på garden medan far til Sivert, Aret, dreiv den. Meir om fonna lenger nede under omtale av Aret person nr. 10.

Han var ei stor løve til ein mann, og han var svær til å arbeide. Han slo alle myrene framover fjella, og det var mykje meir enn det andre gjorde. Kona Brit Einarsdtr. var derimot knøttande lita. Sivert og Brit budde i kårhus på garden etter at sonen Aret overtolk.

I 1830 fekk han sonen Anders (min oldefar) med Ane Olsdtr. på Løvolla bnr. 5.
7. Ane Olsdtr. Løvoll var dotter til Anders Jakobson Løvoll (person nr. 12) og Marit Ivarsdtr. Reistad (person nr. 13). Ho var fødd i 1805 i Veøy og døydde i 1888 i ein alder av 83. Anders var Ane sin stefar.
Ane gifta seg i 1837 med Ola Erikson Misfjord Løvoll f. 1813 og d. 1904. Dei fekk ikkje born, men dei tok til seg Marit Pedersdtr. frå Tueplassen på Bårdsnesa. Marit vart plasskone på Nerås bnr. 7.

Ola Erikson kjøpte halve garden Øvste Løvoll`n bnr. 3 av Anders Jakobson Løvoll i 1836 for 180 dalar, og den fekk namnet Løvoll bnr. 4. Skøytet vart tinglyst i 1840. I 1844 fekk Ola Anderson (son til Anders Jakobson Løvoll) skøyte på garden for 90 dalar, og han tok på seg kår for Ola Erikson og Ane Olsdtr. Garden kom seinare på auksjon, men Ola og Ane fekk bu der, og Ola dreiv med garden til ny mann tok over. Det var Anders Sivertson Løvoll (min oldefar) som hadde garden frå 1856-1866.

I 1831 fekk Sivert dottera Massi med Magnhild Olsdtr. på Løvolla bnr. 1. Massi døydde truleg som lita.

Sivert (Sjur) gifta seg i 1834 med Brit Einarsdtr. frå Innigarden på Gjelsten. Ho var fødd i 1805 og døydde i 1878. Sivert og Brit fekk sonen Aret i 1836.

Aret Sivertson Tomren (1836-1923) er ikkje direkte i mine slektsledd, men det er verdt å ta med noko om han likevel. Han var gift 3 gongar, og han hadde til saman 20 born. Han var den barnerikaste faren på Vestnes. Aret var halvbror til Anders Sivertson Løvoll som var min oldefar.
Aret fekk skøyte på Aretgarden frå far sin Sjur (Sivert) i 1860. Han bygde både ny stove og ny lød på garden. Stova var av nytt tømmer som var skore i Fiksdalen, på Fiksdalssaga. Det var Knut Stokkeland som bygde. Løa brann i 1915, og sonen til Aret, Kristoffer, bygde ny løe året etter.

Aret gifta seg med Lassina Børgesdtr. frå Steinøygarden bnr. 4 i 1855, og dei fekk borna:

i. Berit Anna f. 1858. Ho kom til Fiksdalsstranda bnr. 2.

ii. Gurianna f. 1858. Ho gifta seg med Peder Trondson Orset som var gardbrukar på Otrøy`n. Dei hadde ti (10) born.

iii. Sivert Andreas f. 1859. Han vart 11 år gamal.

iv. Lasse Bendikt f. 1861. Han vart berre nokre veker gamal.

Lassina døydde i barsel i 1861, og Aret gifta seg opp att i 1862 med Kristianna Knutsdtr. frå Sætre bnr. 2. Ho var fødd i 1838 og døydde i 1882. Kristianna og Aret fekk sju born:

i. Knut Aretson Tomren var fødd 1863. Han gjekk underoffiserskule. Han gifta seg med Ingeborg Olsdtr. Helland i 1890, og dei budde på Helland fram til 1892. Det var med denne Ingeborg at Sivert Andersson Løvoll (bror til min bestefar Andreas A. Tomren) fekk dottera Sofia Karoline i 1887.
På Helland dreiv Knut mellom anna med landhandel. Alt i 1890 kjøpte han kårstova i Aretgarden og flytta ned i Gjeilen til stovehus. I 1900 finn vi han som plassmann og skomaker. Han fekk i 1895 bøkselsetel på Gjeilplassen under farsgarden.
Noko seinare reiste Knut til Amerika og var der først åleine, men han kom tilbake og henta familien. Han selde husa til Laurits Orseth i 1909. Laurits var son til Gurianna, halvsøster til Knut som vart gift til Otrøya.
Sofia Karoline vart med til Amerika.
Knut og Ingeborg fekk 5 born: Berit Kristianna som gifta seg i Minnesota. Edvard som vart farmar i Amerika der han vart gift og fekk mange born. Petrine Dortea som var noko åndssvak og vart verande i Noreg. Ho kom i forpleining på Rekdal og i Fiksdalen. Anna Elisabeth som gifta seg i Minnesota. Og Konran Ingvald. Han døydde i Amerika.

ii. Birgitte og iii. Lassina var tvillingar og fødd i 1865. Birgitte var døvstum og vart verande heime. Lassina levde berre nokre dagar.

iv. Lassina var fødd i 1867. Ho gifta seg med medisinstudent Jakobsen frå Gudbrandsdalen. Han var naturlækjar. Dei busette seg på Ny Jord på Hustad og hadde fleire born.

v. Mads var fødd i 1870. Han reiste til Amerika og gifta seg der med ei frå Nordland. Dei fekk 10 born.

vi. Sirianna var fødd i 1872. Ho vart verande heime.

vii. Marta var fødd i 1878. Ho hadde syforretning i Molde. Ho fekk sonen Klaus med Peder Johanson Årønes, og Klaus fekk seg heim på bnr. 47.

Aret gifta seg for tredje gong i 1890 med Karen Marie Magnusdtr. Parr Frostad. Ho var fødd i 1861 og døydde i 1952. Karen og Aret fekk 9 born, og det var:

i. Sivert Andreas f. 1890. Han reiste til Canada der han dreiv bankfiske med eigen båt og vart eit velståande mann. Han vart ugift. Han fekk skøyte på Røysplassen, bnr. 11 i 1923 for kr 1700,-, men selde den til bror sin, Peder, for kr 4000,-. Det skøytet vart tinglyst i 1947.

ii. Peder og iii. Kristoffer var tvillingar og fødd i 1892. Peder døydde 2 år gamal.
Kristoffer tok over garden. Han var ei periode i Minnesota, men han kom tilbake. Han bygde ny løe i 1916 etter at den andre brann året før. Han fekk også bygd kjellar under stovehuset.
Kristoffer gifta seg med Karen Rasmusdtr. Frostad i 1933, og dei fekk 2 døtre: Kari og Randi. No i 2009 er det sonen til Kari, Kurt, som har Aretgarden.

iv. Peder f. 1895. Han kom til Gjeilen bnr. 13 som låg under Aretgarden. Slik ser huset ut i dag.
Peder fekk skøyte der i 1935 for 5000 kroner. Han bygde stovehus då han tok over. Frå 1953 til 1971 var han i Canada. Han var verftsarbeidar og sjømann. I Gjeilen hadde han part i seterstøl saman med Aretgarden.
Peder gifta seg med Margith Kristnesdtr. Tomren frå Hægerbakken i 1933. Dei fekk borna: Arthur som reiste til Canada og fekk familie der, Kåre som kom til Trollhaugen under heimegarden, Oddbjørg som kom til Vik, Harald som reiste til Canada og dreiv med skogsarbeid, Kjell som vart sjømann og busette seg heime, Oliva som busette seg på Bårdsneset, bnr. 86, og Magny som gifta seg til Rekdal, bnr. 2.

v. Olga Marie f. 1897. Ho gifta seg med Mikal Farstad frå Lepsøya.

vi. Anton Matias f. 1900. Han gifta seg med Nikoline og reiste til Amerika. Dei hadde 5 born.

vii. Jon Kristian f. 1902. Han kom til Kristiseter, bnr. 2.

viii. Karl f. 1905. Han fekk Bjerkelund, bnr. 23 der han fekk skøyte på tomta i 1938 for 800 kroner. Han var skreddar.

ix. Oskar Rikard f. 1908. Han døydde i 1919.

Eg har laga ein kort oversikt over Tomrengarden si historie. Det starta som ein stor gard, Tomren Store, og med tida vart den delt opp i mindre gardar. Artegarden er ein del av det som var storgarden. Eg skriv også litt om sæterdrifta og kverna. Du kjem til denne oversikten ved å klikke på fila:

Tomren Store - kort historikk

Marit Alfsdtr. Selnes sine foreldre:

Så går eg over til Marit Alfsdtr. Selnes sine foreldre. Marit var første kona til Anders Sivertson Løvoll, og ho var mor til min bestefar Andreas Anderson Tomren.

8. Alf Olsen Selnes var far til Marit og son til Ola Sæmundson Selnes (person nr. 14) og Ane Alfsdtr. Rypdal (person nr. 15). Han var fødd i 1799 i Selnes i Tomrefjord, og han døydde i 1856 i Alfstad i Tomrefjord i ein alder av 57 år.
Han var frå bnr. 1, og han tok over Alfstad-Plassen i 1827. Det var det året han gifta seg med Hanna Hansdtr. Ås. Han dreiv Plassen til 1856.
Alfstad-Plassen var ein plass under heimegarden som Alf kom frå, Selnes.

Alf gifta seg med Hanna Hansdtr. Ås (person nr. 9) i 1827, og dei fekk borna:

i. Ane Alfsdtr. Selnes var fødd i 1825 og døydde i 1825. Ane levde i berre 3 veker.

ii. Ane Alfsdtr. Selnes var fødd i 1827 og døydde i 1827. Denne Ane levde i 14 dagar.

iii. Marit Alfsdtr. Selnes var fødd i 1828 på Selnesa og døydde i 1888 i Aretgarden i Tomrefjord i ein alder av 60 år.

iv. Ane Alfsdtr. Selnes var fødd i 1833 på Alfstad i Tomrefjord, og ho døydde i 1911 på Alfstad i ein alder av 78 år. Ho gifta seg med Karl Olson Barlindhaug i 1863, og dei fekk sonen Ole Andreas Selnes. Ane overtok heimegarden.
i. Ole Andreas Selnes var fødd i 1867 på Alfstad og døydde i 1959 på same stad i ein alder av 92 år. Han vart også kalla Ol-Andrias. Han overtok drifta av Plassen då faren døydde, men skøytet vart ført over til han etter at mora døydde. Han hadde Plassen frå 1911 til 1949. Rundt 1917 bygd han nye hus, både stove og løe. I 1946 sette han opp nytt naust. Han og Marie Aretsdtr. hadde ikkje barn.
I 1949 fekk Ingvald Faksen skøyte på Plassen for 3000 kroner og kår til Ole Andreas og Marie.
Ole gifta seg med Marie Aretsdtr. Lid i 1900.

9. Hanna Hansdtr. Ås var fødd i 1805 i Oppigarden på Ås og døydde i 1889 i Alfstad i Tomrefjord i ein alder av 84 år. Ho var frå Oppigarden på Ås bnr. 8. Ho var gift med Alf Olsen Selnes (person nr. 8), og ho var mor til Marit Alfsdtr. Selnes.

Femte Generasjon (Tippoldeforeldre)

10. Aret Arneson Tomren var far til Sivert (Sjur) Aretson Tomren (person nr. 6) og son til Arne Andersson Grov Tomren (person nr. 16) og Gjøri Aretsdtr. Tomren (person nr. 17). Han var fødd i 1781 i Aretgarden i Tomrefjord og døydde i 1843 same stad i ein alder av 62 år.
Han hadde Aretgarden på Tomren Store frå 1803 til 1839. Det var under hans tid at fonna i 1834 gjorde stor skade i Tomren. Eg har høyrt fortalt at det regna i 7 veker før raset kom. Det gjekk verst ut over Jogarden, men på Aretgarden var det skade på åker og eng. Garden skulle etter synsforretninga frå 1835 få redusert matrikkelskulda, men det vart truleg ikkje noko av. Aret hadde 1-2 hestar, 8-9 storfe og 18-20 småfe. Etter 1839 levde Aret og Berit på kår på garden.
Etter fonna i 1834 vart husa på garden flytta lenger ned mot sjøen. På biletet ser du eit av desse husa frå rundt 1834. I dette huset vart det handel i underetasjen pluss at det budde folk over.

Aret gifta seg med Berit Sjursdtr. Lid (person nr. 11) i 1811, og dei hadde ein son: i. Sivert (Sjur) Aretson Tomren.. Sjå person nr. 6.

11. Berit Sjursdtr. Lid var dotter til Sjur Ottason Lid (person nr. 18) og Ågot Ørjasdtr. Helset (person nr. 19). Ho var fødd i 1768 i Vollå på Lid og døydde i 1855 i Aretgarden i Tomrefjord i ein alder av 87 år.
Berit var frå Vollå på Lid bnr. 1. I 1799 fekk ho dottera Marit med Nils Nilsson Ellingseter frå Gunnagarden på Ellingsseter`n. Marit døydde av meslingar berre årsgamal.

12. Anders Jakobson Løvoll var stefar til Ane Olsdtr. Løvoll (person nr. 7), og han gifta seg med Marit Ivarsdtr. Reistad (person nr. 13) i 1821. Han var fødd i 1790 i Løvolla i Tomrefjord og døydde i 1855 i same stad i ein alder av 65 år.
Foreldra til Anders var Jakob Rasmusson Løvoll (1753-1819) og Ane Olsdtr. Langstein (1755-1833). Han hadde søskena Rasmus f. 1786; Ola f. 1788; Erik f. 1792; Jakob f. 1793 og Ane f. 1796.
Han overtok garden Løvoll - Øvste Løvoll`n bnr 3 i 1820, og han selde halve garden til Ola Erikson i 1836.

13. Marit Ivarsdtr. Reistad var fødd i 1788 i Øvre Reistad på Vågstrand og døydde i 1837 i Løvolla i ein alder av 49 år.
Ho hadde dottera Ane Olsdtr. då ho gifta seg med Anders. Marit og Anders fekk ikkje born.

Marit døydde i 1837, og i 1838 gifta Anders seg for andre gong med Siri Jørgensdtr. Nerem frå Jør`ngarden på Nerem bnr. 4. Ho var fødd i 1806 og døydde i 1849. Dei fekk borna Ola f. 1838; Jørgen f. 1841; Serianna f. 1843 og Anders f. 1847.

14. Ola Sæmundson Selnes var son til Sæmund Pålson Rødal (person nr. 20) og Ane Jespersdtr. Selnes (person nr. 21). Han var fødd i 1767 på Plass, Gjermanes, og han døydde i 1830 på Selnes i Tomrefjord i ein alder av 63 år.
Ola hadde også namnet Ola Samundson Kyrkje-Sylte Selnes. Foreldra Ane Jespersdtr. Selnes og Sæmund Pålson Rødal fekk seg først plass på Gjermanes etter at dei gifta seg i 1765 og sidan på Kyrkje-Sylte.
Ola var plassgut, og likevel kjøpte han i 1795 garden av Meinches sine arvingar for 200 dalar. I 1811 fredlyste han eggholmen Rogna. I 1819 skøytte han garden over på Sæmund for 8 dalar og kår.
På sine gamle dagar gifta han seg opp igjen med Berit Madsdtr. Eidhammar. Berit døydde på Krokset og var då kalla fattiglem.
Ola gifta seg med Ane Alfsdtr. Rypdal (person nr. 15) i 1793.

Born frå dette ekteskapet var:

i. Kristi Selnes. Ho var fødd i 1794 på Selnes, Tomrefjord. Kristi vart gift i Torsgarden på Marken bnr. 1.

ii. Sæmund Olson Selnes. Han var fødd i 1797 på Selnes, Tomrefjord og døydde i 1884 på Selnes, Tomrefjord, i ein alder av 87 år. Sæmund overtok garden Selnes. Han gifta seg med Guri Eriksdtr. Ellingseter (1791-1836) i 1819, og dei fekk borna: Ane Marta f. 1820; Mali f. 1821; Ola f. 1823; Berit Kristine f. 1827; Erika f. 1828; Manghild f. 1831; og Mads f. 1834.

Sæmund gifta seg opp igjen i 1838 med Lassina Nilsdtr. Frostad (1808-1879), og dei fekk borna: Nils f. 1838; Gjøri f. 1840; Siri f. 1841; og Nils f. 1844. Garden Selnes gjekk vidare til Ola Sæmundson Selnes (1823-1905).

iii. Alf Olsen Selnes. Han var fødd i 1799 på Selnes, Tomrefjord og døydde i 1856 på Alfstad, Tomrefjord, i ein alder av 57 år. Alf gifta seg med Hanna Hansdtr. Ås i 1827. Sjå person nr. 8.

15. Ane Alfsdtr. Rypdal var fødd i 1759 i Umundgarden, Rypdal og døydde i 1827 på Selnes, Tomrefjord i ein alder av 68 år. Ane var frå Umundgarden på Rypdal bnr. 4.

Sjette generasjon (Tipptippoldeforeldre)

16. Arne Andersson Grov Tomren var fødd cirka 1740 i Stryn, og han døydde i 1794 i Aretgarden i Tomrefjord i ein alder av 54 år.
Arne Arneson Grov var frå Stryn. Ved giftarmål i 1780 er han nemnd som skreppkar, og det året fekk han skøyte på 1 pund og 15 mark. Han dreiv Aretgarden frå 1780-1794.
Arne gifta seg med Gjøri Aretsdtr. Tomren (person nr. 17) i 1780.

Born frå dette ekteskapet var:

i. Aret Arneson Tomren. Han var fødd i 1781 på Aretgarden i Tomrefjord, og han døydde i 1843 på Aretgarden i Tomrefjord i ein alder av 62 år. Aret gifta seg med Berit Sjursdtr. Lid, dotter av Sjur Ottason Lid og Ågot Ørjasdtr. Helset, i 1811. Sjå person nr. 10.

ii. Anders Arneson Tomren. Han var fødd i 1783 på Aretgarden, Tomrefjord. Vi finn igjen Anders i Trondgarden på Lid bnr. 11.

iii. Brit Arnesdtr. Tomren. Ho var fødd i 1791 på Aretgarden, Tomrefjord. Brit fekk to barn med ein som skreiv seg for Ola Olson Molde. Det fyrst barnet var Arne f. 1824, og det er Tausa-Arne på Løvolla bnr. 4. Det andre barnet er Ola f. 1834 som kom til Fiksdalsstranda bnr. 3. Halvor Orset som er son til Gurianna Aretsdtr. Tomren, fortel etter mor si at det kom Søringar til Romsdal`n og kjøpte korn. Ein søring som dei kalla Konn-Ola kom fleire gongar. Han gjorde Brit i Aretgarden fruktsommeleg, og då vart Tausa-Arne fødd. Ti år seinare kom Konn-Ola tilbake, og ho Brit vart med born ein gong til. Då vart Stranda-Ola fødd.

Det er også fortald at Brit setra på Tommerseter`n den sommaren ho gjekk med Arne. Medan ho heldt på å koke og stelle i seterbua, fekk ho sjå ein bjørn som stod oppå buataket og såg ned til henne. Då treiv ho Brit ein neverkrull og tende lys i og stakk opp i ragget på bjørnen. Det tok fyr i heile dyret med ein einaste gong, og han bælja og sprang av stad. Han brann alldeles snau og sidan fann dei han dau!
Brit kom på legd, og i 1875 var ho på Krokset. Det er uvisst når ho døydde.

17. Gjøri Aretsdtr. Tomren var dotter til Aret Olson Tomren (person nr. 22) og Berit Olsdtr. Tomren (person nr. 23). Ho var fødd i 1746 i Aretgarden i Tomrefjord og døydde i 1807 i Aretgarden i Tomrefjord i ein alder av 61 år.
Gjøri overtok garden etter foreldra Aret Olson Tomren og Berit Olsdtr. Tomren.

Etter at Arne døydde i 1794, gifta ho seg igjen med Peder Olson frå Gjerde i 1795. Han var fødd i 1768 og døydde i 1850. Peder dreiv garden frå 1795 til 1803, men skøyta kom ikkje over til han. Men etter at Aret Arneson Tomren overtok garden, skulle Gjøri og Peder få drive halve garden så lenge dei kunne det.
Gjøri etterlet seg ein arv på 163 dalar då ho døydde i 1807. Det er truleg at Peder ikkje gifta seg opp att.

18. Sjur Ottason Lid var son til Otta Erikson Lid (person nr. 24) og Marit Sjursdtr. Flate (person nr. 25). Ho var fødd cirka 1739 på Vollå på Lid og døydde i 1796 på Vollå på Lid i ein alder av 57 år.
Sjur hadde garden Vollå på Lid frå 1766 til sin død 1796.

Han gifta seg for andre gong i 1785 med Ingeborg Pedersdtr. (1743-1813) frå Nerigarden på Gjelsten bnr. 8 etter at den fyrste kona, Ågot, døydde i 1784 berre 43 år gamal. Han fekk ikkje born med Ingeborg.
Ingeborg gifta seg for andre gong i Selnesa bnr. 1 etter at Sjur døydde i 1796, men det ser ut for at ho kom tilbake til Lid etter at ho vart enkje for andre gong. Ho hadde kår på Lid då ho døydde der.
Sjur gifta seg med Ågot Ørjasdtr. Helset (person nr. 19) i 1768.

Born frå dette ekteskapet var:

i. Berit Sjursdtr. Lid. Ho var fødd i 1768 på Vollå på Lid og døydde i 1855 på Aretgarden, Tomrefjord, i ein alder av 87 år. Berit gifta seg med Aret Arneson Tomren, son til Arne Andersson Grov Tomren og Gjøri Aretsdtr. Tomren, i 1811. Sjå person nr. 11.

ii. Erik Sjurson Lid. Han var fødd i 1770 på Vollå på Lid og døydde i 1851 på Vollå på Lid i ein alder av 81 år. Erik overtok garden etter faren Sjur, og han dreiv den frå 1797 til 1833. Erik gifta seg med Berit Larsdtr. Rekdal i 1798 (1775-1831), og dei fekk borna: Sjur f. 1799; Ingeborg f. 1800; Ågot f. 1803; Marit f. 1805; Lars f. 1807; Berit f. 1810; Sivert f. 1814; Ane f. 1815 og Erik f. 1818.

iii. Marit Sjursdtr. Lid. Ho var fødd i 1772 på Vollå på Lid. Marit døydde berre 5 månadar gamal.

iv. Ørja Lid. Han var fødd i 1774 på Vollå på Lid. Ørja vart brukar på Rekdalsbakken bnr. 14.

v. Otta Sjurson Lid. Han var fødd i 1777 på Vollå på Lid. Otta fekk seg plass i Gjelstenli`n bnr. 9.

vi. Marit Sjursdtr. Lid. Ho var fødd i 1781 på Vollå på Lid. Marit var konfirmert i 1799, og i 1801 tente ho hjå bror sin Ørja på Rekdal. Vi veit ikkje meir om henne.

19. Ågot Ørjasdtr. Helset var fødd i 1741 i Helset Øvre og døydde i 1784 i Vollå på Lid i ein alder av 43 år.
Ågot var frå Helset Øvre bnr. 1. Ho hadde ein bror Ørja som gifta seg med Agneta, søster til Sjur Ottason. Det vart altså søskenbyte.

20. Sæmund Pålson Rødal. Sæmund var enkjemann når han gifta seg med Ane Jespersdtr. Selnes (person nr. 21) i 1765.
Born frå dette ekteskapet var Ola Sæmundson Selnes.

21. Ane Jespersdtr. Selnes var dotter til Jesper Erikson ... Selnes (person nr. 26) og Siri Nilsdtr. Sørås (person nr. 27). Ho var fødd cirka 1728 på Selnes i Tomrefjord.
Rundt 1764 fekk Ane dottera Siri med enkjemannen Sæmund Pålson Rødal (person nr. 20), men jenta levde berre 14 dagar. Året etter, i 1765, gifta Ane og Sæmund seg. Dei fekk seg først plass på Gjermanes, og seinare kom dei på Kyrkje-Sylte.

Sjuande generasjon (tipptipptippoldeforeldre)

22. Aret Olson Tomren var son til Ola Knutson Tomren (person nr. 28) og Gjøri Aretsdtr. Nerås (person nr. 29). Han var fødd cirka 1709 i Tomren, Tomrefjord, og han døydde i 1782 i Aretgarden, Tomrefjord i ein alder av 73 år.
Aret fekk i 1737 bøkselsetel på halve farsgarden, og andre halvdelen tok han etter at mora Gjøri Aretsdtr. Nerås døydde i 1741. Han hadde garden frå 1737-1780. Det var 39 dalar igjen til arvingane då Aret døydde i 1782.
Aret gifta seg med Berit Olsdtr. Tomren (person nr. 23) i 1739.

Born frå dette ekteskapet var:

i. Ola Aretson Tomren. Han var fødd i 1740 på Aretgarden, Tomrefjord. Ola kom til Syltegjerdet i Fræna.

ii. Peder Aretson Tomren. Han var fødd i 1744 på Aretgarden, Tomrefjord. Peder vart brukar på Langsteina bnr. 1.

iii. Gjøri Aretsdtr. Tomren. Ho var fødd i 1746 på Aretgarden, Tomrefjord og døydde i 1807 på Aretgarden, Tomrefjord, i ein alder av 61. Gjøri gifta seg med Arne Andersson Grov Tomren i 1780. Sjå person nr. 17.

iv. Berit Aretsdtr. Tomren. Ho var fødd i 1749 på Aretgarden, Tomrefjord. Berit døydde truleg tidleg, for ho finst ikkje konfirmert, og ho var ikkje med i skiftet etter mora Berit Olsdtr. Tomren.

v. Aret Aretson Tomren. Han var fødd i 1754 på Aretgarden, Tomrefjord. Aret finn vi igjen i Hamballgarden på Itle-Frostad bnr. 6.

vi. Trond Aretson Tomren. Han var fødd i 1763 på Aretgarden, Tomrefjord. Trond vart brukar på Lid bnr. 10.

23. Berit Olsdtr. Tomren var fødd cirka 1720 i Øygarden, Tomren Lille og døydde i 1779 i Aretgarden, Tomrefjord i ein alder av 59 år.
Berit var frå Øygarden bnr. 1 Tomren Lille. Skiftet etter Berit i 1779 viste ei eige på heile 155 dalar. Då mannen Aret døydde i 1782, var det 39 dalar igjen til arvingane.

24. Otta Erikson Lid var son til Erik Erikson Misfjord (person nr. 30) og Brit Sjursdtr. Lid (person nr. 31). Han var fødd cirka 1710 på Vollå på Lid og døydde i 1763 på Vollå på Lid i ein alder av 53 år.
Otta Erikson hadde garden Vollan frå 1737 til 1766.
I 1735 vart Brit Hansdtr. stemt til tings for leiermål med "sin husbonds søn", Otta. Jenta vart straffa som "den der i utroskap er befunden" og fekk 14 dagar på vatn og brød. Det står ikkje noko om at Otta fekk straff. Barnet er ikkje ført i kyrkjeboka.
I 1755 vart Otta saman med andre bønder stemde for å ha hogge ulovleg i skogen til Hr. Holst, eigaren av Vestnesgodset, men det ser ut for at bøndene ordna opp for seg.
Otta gifta seg med Marit Sjursdtr. Flate (person nr. 25) i 1738.

Born frå dette ekteskapet var:

i. Sjur Ottason Lid. Han var fødd ca 1739 på Vollå på Lid og døydde i 1796 på Vollå på Lid, i ein alder av 57 år. Sjur gifta seg med Ågot Ørjasdtr. Helset i 1768. Sjå person nr. 18.

ii. Brit Ottadtr. Lid. Ho var fødd ca 1741 på Vollå på Lid. Brit er borte etter at ho er konfirmert.

iii. Erik Ottason Lid. Han var fødd ca 1743 på Vollå på Lid. Erik tente i Johangarden på Vestnes i 1762.

iv. Agneta Ottadtr. Lid. Ho var fødd ca 1747 på Vollå på Lid. Agneta gifta seg til Helset Øvre bnr. 1 med ein som heitte Ørja. Søster til Ørja, Ågot, gifta seg med bror til Agneta, Sjur Ottason.

v. Kari Ottadtr. Lid. Ho var fødd ca 1749 på Vollå på Lid og døydde ca 1756 på Vollå på Lid i ein alder av 7 år.

vi. Marit Ottadtr. Lid. Ho var fødd ca 1753 på Vollå på Lid og døydde i 1781, i ein alder av 28 år. Marit fekk i 1780 dottera Kari med Lars Johanson frå Jensgarden på Villa vnr. 5. Marit døydde året etter i 1781, men Kari voks opp på Lid. I 1801 tente ho på Haua på Stor-Frostad. I 1807 fekk ho dottera Marit med Hans Amundson frå Vossegarden på Itle-Frostad bnr. 2.

25. Marit Sjursdtr. Flate var fødd cirka 1717 i Flate og døydde i 1785 i Vollå på Lid i ein alder av 68 år. Marit var truleg frå Klasgarden på Flate.

26. Jesper Erikson ... Selnes var fødd cirka 1676 og døydde i 1747 på Selnes, Tomrefjord i ein alder av 71 år.
Jesper hadde garden frå 1710 til 1747. Han var truleg utabygds frå. Elles veit vi ikkje noko om opphavet hans. Han kom nok til Selnes alt i 1701, og då hadde han ein son på 2 år. Jesper må ha gifta seg med ei dotter på garden, og det var nok Ingeborg Selnes (ca. 1675-1723).

Med Ingeborg fekk Jesper fem born:

1. Ola f. ca. 1699 som truleg døydde før 1747.

2. Sylvei f. ca. 1701 som vart husmannskone på Øvre Helland.

3. Ingeborg som i l737 gifta seg med Erik Erikson frå Derìnn på Øverås bnr. 1. I 1738 hadde dei fått dottera Kari, og så veit vi ikkje meir om denne Ingeborg og Erik.

4. Ingeborg f. ca. 1711. Ho døydde i Selnesa i 1772. Det var truleg ho som i 1762 heldt til i Gunnagarden på Ellingseter`n. Ho var då "et gammelt skrøbelig og fattig quindfolk".

5. Siri f. ca. 1715. Ho kom til Faksin bnr. 1. Ho fekk sonen Ola med Anders Bjørnson frå Umundgarden på Sør-Sylte bnr. 6, men han døydde i 1744 før Ola var fødd. Ola døydde på Fakså 19 år gamal.

Jesper gifta seg for andre gong med Siri Nilsdtr. Sørås (person nr. 27) i 1724. Han etterlet seg ein arv på 33 dalar då han døydde i 1747.

Born frå dette ekteskapet var:

i. Siri Jespersdtr. Selnes. Ho var fødd ca 1724 på Selnes, Tomrefjord og døydde i 1801 på Selnes, Tomrefjord, i ein alder av 77 år. Siri fekk i 1750 sonen Knut med Anders Knutson frå Stokkeland bnr. 1. Knut vart konfirmert i 1772, og så er han borte. Seinare gifta Siri seg med Jon Andersson Reistad, og det vart dei som tok over garden i 1767. Siri Jespersdtr. og Jon Andersson fekk ikkje born, og garden gjekk til Siri sin søsterson, Ola Sæmundson Kyrkje-Sylte Selnes. Han overtok garden i 1795. Siri gifta seg med Jon Andersson Reistad i 1767.

ii. Ingeborg Jespersdtr. Selnes. Ho var fødd ca 1726 på Selnes, Tomrefjord og døydde på Vågstranda. Ingeborg fekk i 1755 sonen Jesper med Johan Sørenson på Plass i Kjellnesa. To år seinare gifta ho seg med Anders Toreson Kolstad frå Vågstrand og flytta truleg dit. Jesper døydde ugift på Selnesa i 1784.

iii. Ane Jespersdtr. Selnes. Ho var fødd ca 1728 på Selnes, Tomrefjord. Ane gifta seg med Sæmund Pålson Rødal i 1765. Sjå person nr. 21.

iv. Ane Jespersdtr. Selnes. Ho var fødd ca 1730 på Selnes, Tomrefjord og døydde i 1802 på Selnes, Tomrefjord, i ein alder av 72 år. Denne Ane fekk truleg sonen Ola i 1763 med Anders Kristenson frå Kristengarden på Rekdal bnr. 3. Ane hadde tent der. Ola vart første brukaren på Plass på Rekdal bnr. 3. Etter at Ane fekk Ola, flytta ho frå Vestnes og kom til ein stad i det som no er Fræna kommune. I 1801 har ho kome tilbake til Selnes som " logerende", og ho døydde året etter som enkje.

v. Nils Jesperson Selnes. Han var fødd ca 1732 på Selnes, Tomrefjord og døydde på Bårdsnesa. Nils vart brukar i Heimigarden på Bårdsnesa bnr. 4.

27. Siri Nilsdtr. Sørås var fødd cirka 1688 i Der`nord, Sørås og døydde i 1769 på Selnes, Tomrefjord i ein alder av 81 år.
Siri var frå Der`nord på Sørås bnr. 1. Ho var andre kona til Jesper Erikson (person nr. 26).

Ho gifta seg igjen etter at Jesper døydde i 1747, og det var med den mykje yngre Knut Jonson Ås frå Nordigarden på Ås bnr. 3. Dei kom begge på kår i 1767 då dottera Sire Jespersdtr. og mannen Jon Andersson Reistad frå Vågstranda tok over garden. Eiga etter Siri Nilsdtr. Sørås var på 48 dalar.

Knut Jonson Ås gifta seg opp igjen med enkja Magnhild Amundsdtr. frå Jetmundsgarden på Øverås. Ho var opprinneleg frå Klasgarden på Lid.

Åttande generasjon (Tipptipptipptippoldeforeldre)

28. Ola Knutson Tomren var son til Knut Haldason Frostad Tomren (person nr. 32) og Ane Knutsdtr. Tomren (person nr. 33). Han var fødd cirka 1660 i Tomren i Tomrefjord og døydde i 1727 same stad i ein alder av 67 år.
Ola hadde Aretgarden frå 1703-1727. Eiga etter han var 49 dalar. Han gifta seg med Gjøri Aretsdtr. Nerås (person nr. 29).

Born frå dette ekteskapet var:

i. Knut Olson Tomren. Han var fødd rett etter 1700 i Tomren, Tomrefjord. Knut kom til Skotgård på Otrøy`n. Han etterlet seg borna Ingebrikt i Ålesund, Ola Småge, Jakob Hoset og ei dotter Ane.

ii. Lisbeth Olsdtr. Tomren. Ho var fødd ca 1705 i Tomren, Tomrefjord. Lisbeth gifta seg i Andriasgarden på Itle-Frostad bnr. 5.

iii. Aret Olson Tomren. Han var fødd ca 1709 i Tomren, Tomrefjord og døydde i 1782 på Aretgarden, Tomrefjord, i ein alder av 73 år. Aret gifta seg med Berit Olsdtr. Tomren i 1739. Sjå person nr. 22.

iv. Trond Olson Tomren. Han var fødd i Tomren, Tomrefjord. Trond kom til Hamballgarden på Itle-Frostad bnr. 6.

v. Ane Olsdtr. Tomren. Ho var fødd i Tomren, Tomrefjord. Ane vart gift til Farkvam, no Rauma kommune. Det må vere ho som i 1747 fekk sonen Ola med Arne Ivarson frå Stienøygarden, bnr. 2. Guten døydde i 1750. Skiftet etter Ane fortel at ho ikkje hadde barn etter seg.

29. Gjøri Aretsdtr. Nerås var fødd cirka 1680 i Nerås og døydde i 1741 i Aretgarden, Tomrefjord i ein alder av 61 år. Gjøri Aretsdtr. var frå Nerås bnr. 6.

Ho gifta seg opp igjen same året som Ola døydde, i 1727, med Jon Sørensen Skorgen. Det er uvisst kvar han var ifrå, men han hadde truleg vore gift tidlegare i Skorgen. Han dreiv Aretgarden på Gjøri sin bøksel frå 1727 til 1737. I 1737 gjekk garden over til Aret, son til Ola og Gjøri. Jon kjem vekk frå Tomren etter at Gjøri døydde i 1741. Arven etter Gjøri var 56 dalar.

30. Erik Erikson Misfjord var fødd cirka 1660 i Misfjorden og døydde i 1743 på Vollå på Lid i ein alder av 83 år.
Erik var frå Misfjorden bnr. 2, og det er truleg at han gifta seg med Brit Sjursdtr. Lid (person nr. 31), dotter til Sjur Ottason.
Erik dreiv garden Vollan frå 1697 til 1737. Då han døydde i 1743, etterlet han seg 32 dalar.

Born frå ekteskapet med Brit Sjursdtr. Lid var:

i. Otta Erikson Lid. Han var fødd ca 1710 på Vollå på Lid og døydde i 1763 på Vollå på Lid i ein alder av 53 år. Han gifta seg med Marit Sjursdtr. Flate i 1738. Sjå person nr. 24.

ii. Ane Eriksdtr. Lid. Ho var fødd ca 1699 på Vollå på Lid. Ane kom til Øverås bnr. 1.

iii. Erik Erikson Lid. Han var fødd ca 1701 på Vollå på Lid. Erik gifta seg i 1723 med Berit Jetmundsdtr. Flate frå Flate bnr. 2. Dei kom til Romdalsvik på Sekkja. I 1723 har dei kristna sonen Sjur i Vestnes.

iv. Sjur Erikson Lid. Han var fødd ca 1704 på Vollå på Lid. Sjur etterlot seg barna Ola, Brit og Marit. Vi veit ikkje kvar dei heldt til. Sjur døydde truleg mellom 1740 og 1743.

v. Kari Eriksdtr. Lid. Han var fødd ca 1707 på Vollå på Lid og døydde i 1737 i ein alder av 30 år.

vi. Peder Erikson Lid. Han var fødd ca 1714 på Vollå på Lid og døydde ca 1734 i ein alder av 20 år.

31. Brit Sjursdtr. Lid var dotter til Sjur Ottason Lid? (person nr. 34) og Ukjent, var fødd cirka 1663 på Vollå på Lid og døydde i 1740 på Vollå på Lid i ein alder av 77 år.
Brit var truleg dotter til Sjur Ottason f. ca. 1624, men mora er ukjend. Det er truleg at mor til Brit også var gift med den forige brukaren av garden Vollan, Knut Jonson Lid. Brit hadde då fem halvbrør: Ola f. ca. 1640; Lars f. ca. 1644; Anders f. ca. 1647; Knut f. ca. 1649 (vart brukar på Fakså); Jakob f. ca. 1651 (kom til Uti`stauen på Bårdsnesa bnr. 3).

Det kan også vere at Brit hadde ei halvsøster (rett søster til dei fem gutane) som vart gift til Skjegstad bnr. 1.
Skiftet etter Brit Sjursdtr. viser ei nettoformue på 56 dalar.

Niande generasjon

32. Knut Haldason Frostad Tomren var fødd cirka 1620 i Stor-Frostad og døydde i 1677 i Tomren, Tomrefjord i ein alder av 57 år.
Knut Haldason var frå Stor-Frostad bnr. 3. I ekteskapet mellom Knut og Ane var det minst åtte born. Knut dreiv Aretgarden frå 1657-1677. Han skatta for garden til og med det året. Året etter, 1678, er "salige Knuds enche" kome i staden for han. Han døydde derfor truleg i 1677.
Knut gifta seg med Ane Knutsdtr. Tomren. (person nr. 33)

Born frå dette ekteskapet var:

i. Halda Knutson Tomren. Han var fødd ca 1653 i Tomren, Tomrefjord. I manntalet 1664-66 skal Halda vere 11 år gamal. Han var ikkje med i skiftet etter mora Ane truleg fordi han døydde før henne.

ii. Jon Knutson Tomren. Han var fødd ca 1656 i Tomren, Tomrefjord. Vi finn att Jon i Kristengarden i Løvikjin bnr. 8. Han skulle vere 8 1/2 år i 1664-66.

iii. Rasmus Knutson Tomren. Han var fødd ca 1658 i Tomren, Tomrefjord. Rasmus vart brukar i Hansgarden. Han var 6 1/2 år i 1664-66.

iv. Ola Knutson Tomren. Han var fødd ca 1660 i Tomren, Tomrefjord og døydde i 1727 i Tomren, Tomrefjord, i ein alder av 67 år. Ola gifta seg med Gjøri Aretsdtr. Nerås. Sjå person nr. 28.

v. Ola Knutson Tomren. Han var fødd ca 1662 i Tomren, Tomrefjord. I manntalet 1664-66 er Ola kalla "lille Olluf" og skulle då vere 2 år gamal. Vi veit ikkje meir om han.

vi. Elen Knutsdtr. Tomren. Ho var fødd ca 1664 i Tomren, Tomrefjord. Elen vart gift til Fremstedal bnr. 2.

vii. Ingeborg Knutsdtr. Tomren. Ho var fødd ca 1666 i Tomren, Tomrefjord. Ingeborg kom til Torsgarden bnr. 1 Marken.

viii. Marit Knutsdtr. Tomren. Ho var fødd i Tomren, Tomrefjord. Marit er berre nemnd i skiftet etter mor si, Ane.

33. Ane Knutsdtr. Tomren var dotter til Knut Knutson Tomren (person nr. 35) og Ukjent. Ho var fødd cirka 1625 i Tomren, Tomrefjord og døydde i 1703 i Tomren i Tomrefjord i ein alder av 78 år.
Ane gifta seg ikkje opp att etter at mannen Knut døydde i 1677. Ho sat med Aretgarden til ho døydde i 1703. Arven etter henne var på 64 dalar.
Ane gifta seg med Knut Haldason Frostad Tomren (person nr. 32).

34. Sjur Ottason Lid? var fødd cirka 1624 og døydde cirka 1696 i Vollå på Lid i ein alder av 72 år.
Vi veit ikkje kvar Sjur kom ifrå. Han hadde garden Vollan frå 1658 til 1696.
Det er truleg at enkja etter forige eigaren av garden, Jon Jonson Lid, gifta seg opp igjen med Sjur. Sønene til Knut er i manntalet frå 1664-66 førte som borna til Sjur. Vi veit ikkje kven kona til Sjur var.

Ungane til Knut Jonson Lid og kona var: Ola f. ca. 1640; Lars f. ca. 1644; Anders f. ca. 1647; Knut f. ca. 1649 (vart brukar på Fakså); Jakob f. ca. 1651 (kom til Uti`stauen på Bårdsnesa bnr. 3). Det kan også vere at dei hadde ei dotter som vart gift til Skjegstad bnr. 1.

Sjur gifta seg med ukjend person.

Born frå dette ekteskapet var:

i. Brit Sjursdtr. Lid. Sjå person nr. 31.

Tiande generasjon

35. Knut Knutson Tomren var fødd cirka 1575 i Tomren, Tomrefjord og døydde cirka 1665 i Tomren, Tomrefjord i ein alder av 90 år.

I 1603 delte Knut i Hansgarden garden sin mellom to søner, og det var Knut Knutson og broren. Dei overtok kvar sin våg. Knut Knutson skatta for sin part i alle år til og med 1657. I 1630 skatta han for 5 kyr og 2 ungnaut.
I 1645 var Knut Knutson gift og hadde to søner, men vi finn ikkje noko om kona og sønene. Ane som gifta seg med neste brukar av garden, var truleg dotter på garden.

I 1657 skatta Knut Knutson for 1 hest, 8 kyr, 4 geit og 6 sauar, men det året var han ikkje åleine om drifta. Dette året finn vi også Knut Haldason frå Frostad, og etter den tid tok han truleg over for fullt.
Knut Knutson er med i manntalet i 1664-66, og då er han nemnd som husmann. Han var i 80-åra og var då truleg på kår. Knut gifta seg med ukjend person.

Born frå dette ekteskapet var:

i. Ane Knutsdtr. Tomren. Sjå person nr. 33.

tilbake til Slekt

Opphav.

Det er flott å vere til, og det er flott å høyre til ein plass. Til denne plassen høyrer det også med menneske som betyr mykje.

I dette huset er eg fødd, og her voks eg opp. Småbruket heiter Lynghol og ligg på Haramsøy nord for Ålesund. Her var det mest mor som stelte huset og dei få husdyra, og far var borte på fiske.

Mor og far hadde fått barna sine. Familien var i boks, og den skulle festast til fotopapiret. Mor nærma seg 50 år, og tida for fødslar ebba ut. Men så kom det eit Sara-opplegg. To dagar etter mor sin 50 årsdag vart eg dregen ut med tanga, 5 kg. tung. "O du for ei hegre", sa jordmora. Eg var nok ikkje planlagt. Kanskje ein liten glipp, men likevel velkomen.

Kysten på Nordvestlandet byr på variert natur og ver og vind.

Himmelen kan vere blå og sjøen ligge still, og det kan vere praktfullt med ein fjelltur.

Regnet kan øse ned, vinden kan ta skikkeleg tak, og båra kan bryte mot land.

I havet er lyren og anna slags fisk,

eller ein kan få eit måltid krabbe.