Peder Tomren si webside

Ein luskar seg fram så lett på tå, og ein er beredt når motivet er der, uavhengig av tid og stad og forhold på ein og rundt ein.

Det gjeld å knipse i rett augneblinken, og nedanfor kan du klikke deg fram til nokre av mine knips.

Slektsfolk - gravminne - Haramsøy - Sørover

Meny:

Framside Om meg og mine Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg

Fotoalbum.

Eg har rota litt i gamle skuffer, og eg har masa litt på folk her og der, og så har det dukka opp eit gamalt bilete her og eit der. Eg vil fortsette å rote rundt og å mase på folk, for eg tenkjer det er verdifullt å ta vare på bilete av dei som levde før oss. Det eg har fått tak i, har eg lagt i album på nettet. Nedanfor får du lenker å klikke på for å kome til dei ulike albuma. Under kvart bilete i albuma er der ein tekst i raud farge. Du får eit større bilete ved å klikke på den raude teksten, og elles er det berre å leike seg.

Som sagt på Framsida: Eg vil gjerne få eit vink dersom du set på bilete som har med slekta mi å gjere. Eg er ikkje ute etter å ta det frå deg, men kanskje eg kunne låne det og legge det i samlinga mi.

Gamle bilete er verdifulle, men det kan vere moro med bilete av nyare dato også. På denne sida finn du noko av det. Det er berre å klikke i veg for den som har lyst.

Mor Borghild og ho si slekt.

Mor likte på ein måte å bli fotografert, men ho kunne ikkje erkjenne det. "Nei uff kor seg ser ut", var svaret, og så måtte ho sjekke hårfrisyren. Det gjaldt å framstille seg på ein fin måte, og ho kunne vere stolt som ein hane når resultatet vart bra.

På den andre sida var mor seg sjølv, også når der var eit kamera i nærleiken. Då kunne ein fange henne der og då, og det kunne bli morosamt.

Eg har nokre bilete av mor i ulike aldrar og i ulike siutasjonar. Eg har også nokre bilete av foreldra og søskena ho sine og av mor sine etterkomarar. Du er velkomen til å ta ein titt, og du finn dette albumet ved å klikke på lenka Borghild Tomren f. Ulla og ho sin familie nedanfor.

Borghild Tomren f. Ulla og ho sin familie

Far Vilhelm og hans familie.

Far var ikkje så interessert i fotografering. Han hadde viktigare ting å tenkje på i livet, men han var gjerne med å stille opp når det var spørsmål om det.

Han hadde derimot ei søster, Signe, som hadde med fotoapparatet hit og dit. Ho var flink til å fotografere, og mange av bileta i samlinga mi er frå henne. Dessutan ser det ut som om Tomren-folket var ivrige på å reise til fotografen. Det finst fleire "ordentlege" bilete av dei.

I albumet nedanfor er der bilete av far og hans foreldre og søsken. Der er også bilete av andre i familien hans, og der er nokre frå hans sjøliv om bord i "Falkøy" og "Sjøvik". Du finn dette albumet ved å klikke på lenka Vilhelm Tomren og hans familie.

Vilhelm Tomren og hans familie

Gravminne.

Det kan vere at nokon tenkjer at eg er litt gal. Det kan så vere. Dersom den tanken blir for påtrengande, er min kjære bror Andreas referanseperson. Han var med på galskapen.

Kva handlar det om? Det handlar om å fotografere gravstøtte. Ein litt kald haustdag i 2005 hadde vi to ei runde på gravplassen ved Haram kyrkje på Haramsøya. Eg ville fotografere støttene til ein del personar i slekta vår. Det var ikkje berre eit påfunn, men tanken var å ta vare på gravminna.

Dei aller fleste av desse gravstøttene har tilknytning til Ulla, og dei gjeld folk både frå Tomren-slekta og frå Ulla-slekta. Du finn dei ved å klikke på lenka Gravminne Haramsøy.

Gravminne Haramsøy

Haramsøy.

Nokon liker dottera, og nokon liker mora. Smak og behag er så ulik. Det kan ikkje diskuterast, heiter det, eller kanskje det kan det. Vi er i alle fall ulike alle saman.

Jordkloden er også så ulik frå plass til plass. Nokon koser seg blandt dei bratte fjella, og nokon kjenner velvære i det opne landskapet. Men alle plassar har si sjarm. Der er så mykje fint rundt oss. Det gjeld å opne augo og sjå det.

Likevel er der plassar som betyr meir for oss enn andre. For meg er Haramsøya den kjæraste plassen på jord. Det er ikkje fordi denne øya overgår alle andre plassar i prakt og venleik, men det har noko med røtene å gjere. Det vil alltid vere noko spesielt med den plass ein har trødd barneskoa sine. På lenka Haramsøy nedanfor har eg samla nokre bilete frå denne øya i finever og i ruskever.

Haramsøy

London 2004.

Før i tida var London uendeleg langt borte. Det var ein storby ein berre høyrde om, og det var utenkeleg for den alminnelege mann og dame å kome dit. I dag er det heilt annleis. I alle fall om ein bur i Skien. Bussen fører oss til Torp flyplass ved Sandefjord, og derifrå er det Ryanair som tek oss med til Stanstad utanfor London. Det underlege er at dei skal ikkje så mange pengar for flyturen heller. Er du ute i god og tingar bilett, kan du få den for 90 kroner.

Fruen og eg heiv oss på ein tur ei utvida helg i mai 2004. Far i huset hadde planlagt alt i minste detalj, og fruen hengde på så godt ho kunne. Byen er stor. Der er masse å sjå på, og der er masse å oppleve. Ein må velje.

Vi fekk med oss litt denne helga. Vi var innom Themsen, Buckingham Palace, Tower of Londen, Tower Bridge, Madame Tussaud og ulike marked. Du ser bilete ved å klikke på lenka London 2004 nedanfor.

London 2004

Lanzarote 2005.

Det var lenge eg ikkje bevega meg utafor landet sine grenser. Eg kunne i alle fall ikkje tenkje meg ein tur opp i lufta. Ei vond oppleving i samband med ein flytur sat djupt i. Men på underleg vis ordna det seg, og det vart aktuelt med ein "luftetur" igjen.

Sydentur var noko vi høyrde om når andre fortalde om det, men så kunne det bli aktuelt for oss også. Hausten 2005 pakka vi kofferten for vår første tur til sydlege strøk, og målet var Lanzarote på Kanariøyene.

Vi reiste frå den mørke og sure norske hausten til sommar og sol. Det flott å nyte varmen rett før jul. Vi budde like ved ei fin sandstrand, og der var forskjellige ting å vere med på. Vi var mellom anna i ein nasjonalpark der vi møtte lavaen på nært hald. Bilete frå denne reisa finn du ved å klikke på lenka Lanzarote 2005.

Lanzarote 2005

Gran Canaria 2006.

Turen til Lanzarote hausten 2005 gav meirsmak. Hausten etter gjekk det i same retning. Det frista å brekke av den mørke og sure årstida med sommar og sol. Vi reiste igjen til Kanariøyene, men denne gongen til Gran Canaria.

Vi stasjonerte i byen Puerto Rico på sørvest kysten av øya. Dette er ein flott plass å reise til dersom ein vil ha sol og sommar seint på året. Vi var der ei veke frå 13. til 20. oktober, men det hadde ikkje gjort noko om vi reiste 14 dagar seinare. Lufttemperaturen låg på ca. 30 grader, og for oss var det vel trykkande midt på dagen. Men det er smak og behag.

I og omkring Puerto Rico er der fine sandstrender, og denne delen av Gran Canaria har 320 soldagar i året. Øya har også fjellandskap, og der er turløyper dersom ein vil vandre i fjellet. Klima og vegetasjonen varierer ein god del rundt om på øya. Du finn bileta våre dersom du klikkar på lenka Gran Canaria 2006 nedanfor.

Gran Canaria 2006

Stormfullt hav.

Det er noko med det landskapet ein har vokse opp med. Det kan vere skogen, eller det kan vere fjellet og fjorden. Det kan vere elva eller viddene, og det kan vere havet. Oppveksten min var ved havet, og det har alltid tiltrukke meg. Det blanke stille, det bølgande eller det brusande havet rører ved noko i sjela. Ved havkanten kan ein få kontakt med noko i seg sjølv.

I september 2007 hadde Solfrid og eg ei veke på Ulla på Haramsøy, og då møtte vi mellom anna stormen og det mektige havet. Det var grusomt moro å oppleve, og du finn nokre bilete derifrå på lenka Stormfullt hav Ulla september 2007.

Stormfullt hav Ulla september 2007.

Israel 2008.

Endeleg skjedde det. Eg fekk besøke det landet eg har lese og snakka mykje om. Det var ingen ferietur, men den var full av innhald og inntrykk.

Turen starta i Jerusalem der vi møtte noko av den religiøse og politiske spenninga. og der vi gjekk den vegen som Jesus gjekk på slutten av livet sitt.

Vidare gjekk turen til området rundt Genesaretsjøen der vi også gjekk i Jesu fotspor, og turen vart avslutta med fridagar i Bet Yam ikkje langt frå Tel Aviv. Fotoapparatet vart flittig brukt desse dagane, og du finn nokre av bilda ved å klikke på lenka nedanfor, Israel 2008.

Israel 2008.

Iona 2008.

Øya Iona ligg på vestkysten av Skotland, og øya har ei historie som går mange hundre år tilbake. Den har også vore eit kyrkjeleg senter over lang tid, og den har si betydning den dag i dag. Der er mellom anna ein Abbed som går tilbake til 1200 talet, og der er store keltiske steinkors som har ei historie tilbake til 750.

Nokre prestar frå Møre bispedøme fekk vere der ei veke i september 2008 saman med prestar frå Newcastle i England. Det var ei givande oppleving. Bilete frå denne øya finn du på lenka Iona 2008.

Iona 2008.

Opphav.

Det er flott å vere til, og det er flott å høyre til ein plass. Til denne plassen høyrer det også med menneske som betyr mykje.

I dette huset er eg fødd, og her voks eg opp. Småbruket heiter Lynghol og ligg på Haramsøy nord for Ålesund. Her var det mest mor som stelte huset og dei få husdyra, og far var borte på fiske.

Mor og far hadde fått barna sine. Familien var i boks, og den skulle festast til fotopapiret. Mor nærma seg 50 år, og tida for fødslar ebba ut. Men så kom det eit Sara-opplegg. To dagar etter mor sin 50 årsdag vart eg dregen ut med tanga, 5 kg. tung. "O du for ei hegre", sa jordmora. Eg var nok ikkje planlagt. Kanskje ein liten glipp, men likevel velkomen.

Kysten på Nordvestlandet byr på variert natur og ver og vind.

Himmelen kan vere blå og sjøen ligge still, og det kan vere praktfullt med ein fjelltur.

Regnet kan øse ned, vinden kan ta skikkeleg tak, og båra kan bryte mot land.

I havet er lyren og anna slags fisk,

eller ein kan få eit måltid krabbe.