Peder Tomren si webside

tilbake til Gudsordet

"Frå ille til verre", tenkte Peter. "Jesus er kidnappa".

Apostelen Peter var ein artig kar. Han var så impulsiv. Han kunne sprette opp som ein hjort og dette ned som ein lort.

Jesus nemnde ein gong for vennane sine at han skulle lide og døy i Jerusalem. Då skulle alle forlate han og la han vere igjen åleine. "Å nei då", svara Peter, "det kan vere at dei andre vil forlate deg, men det skal ikkje skje med meg". Han sa det med kraft og mynde i stemma, og så heiv han like godt på: "Eg skal til og med døy saman med deg dersom det blir behov for det".

Ja, ja, det er lett å vere stor i munnen når utfordringane ikkje er der. Men Peter gjorde sitt beste for å leve opp til det han hadde sagt. Jesus vart teken til fange, og Peter hogg øyra av ein av pøbelen. Jesus var derimot ikkje med på notane, for han sette øyra på plass igjen.

Peter gav seg likevel ikkje. Han sneik seg inn på tempelplassen i Jerusalem for å fylgje med på kva som skjedde med Jesus. Han kjende på eit visst ansvar. Det var grytidleg om morgonen. Lufta var skarp, men der var heldigvis eit bål å varme seg ved. Andre hadde oppdaga det same bålet, og etter kvart vart det mange rundt der.

Då skjedde det. Ei jente kjende Peter igjen, og ho røpa for dei andre kven han var. Han var kamerat til denne Jesus frå Nasaret som akkurat no var fanga. Men Peter lyfta hovudet og stemma så godt han kunne og heva seg over alle antydningar. Han kjende ikkje Jesus. Han skjøna ikkje kva dei snakka om ein gong. Så la han på nokre banneord for å legg vekt bak orda.

Då høyrde han den lyden. Hanen som gol, og så huska han kva Jesus hadde sagt. Peter skulle fornekte han før hanen var ferdig med å gale. I det same kom Jesus farande forbi. Det var soldatar som drog hardt i han. Men der var tid nok til at blikka til desse to kunne møtast. Blikket til Jesus og blikket til Peter. Det var eit blikk som limte seg fast i Peter sitt minne, og som han bar på resten av livet. No gjaldt det ikkje å lyge for å berge seg sjølv, men han gjekk bort og gret over sitt eige svik.

Dramaet enda på verst mogleg måte. Jesus var dømd til å døy, og han vart spikra til ein kross. Peter fekk ikkje gå bort og gjere opp sviket sitt. Han vart setande i møkkakjellaren med det dårlege samvitet sitt, med smerten og sinnet som han retta mot seg sjølv. Dette var noko han måtte bere på resten av livet.

"Jesus er kidnappa".

Så tok det heilt overhand for Peter. Ei av kvinnene i flokken kom heseblesande tidleg søndags morgon og fortalde at nokon hadde stole Jesus. Dei hadde borte seg inn i grava og teke han med seg. Det var Peter og Johannes som høyrde dette først. Den impulsive Peter heiv seg rundt og la på sprang med ein gong. Han hadde ikkje tid til å tenke over saka før han sette i veg. "Frå ille til verre", dunka det i hovudet hans medan han sprang. "Er det aldri fred å få?"

Johannes var ei anna type. Han vart ståande og klø seg i hovudet og tenke over saka før han sette beina i rørsle i retning grava.

Men stakkars Peter. Trim var ikkje det han likte best i livet. Det var kjekkare å slappe av på sofaen med ei god matbit på bordet. Alle desse fjellturane og desse jobbeturane sleit heilt ut kroppen. Han forstod ikkje at Johannes orka å halde på med det der.

Men denne søndags morgonen fekk han igjen for latskapen sin. Han kava seg av gåre så godt han kunne, men det gjekk ikkje lenge før Johannes pusta han i nakken, og plutseleg var han langt forbi han.

Det låg i korta at Johannes skulle kome først fram til grava, men han stoppa på utsida. Han måtte tenkje over saka. Ei stund seinare kom Peter med tunga ut av munnen, men han var ikkje tenkt å tenkje over saka. Han gjekk rett inn i grava. Etter litt kom også Johannes inn.

Kleda som tomt hylster.

Peter tok eit raskt overblikk over situasjonen. Likkleda til Jesus låg på golvet som eit tomt hylster, og plagget som han hadde hatt rundt hovudet, låg samanrulla for seg sjølv. "Dett var dett", tenkte Peter, men Johannes sette i gong tankane sine igjen. "Dersom tjuvar hadde stole Jesus, måtte dei ta med seg han og kleda som han hadde på seg", tenkte han. "Eller dei måtte rive opp likkleda for å få Jesus ut av dei, og då hadde kleda lege her som ein rotehaug". Men her er likkleda sameleis som då dei var på Jesus. Skilnaden er berre at dei no er tomme.

Peter og Johannes går ut av grava og legg på heimveg. Dei er først stille, men så byrjar Johannes å avsløre tankane sine. "Jesus må ha fordufta ut av kleda sine", seier han. Det er einaste løysinga på mysteriet. "Han må ha kome tilbake til livet i eit nu og fordufta ut av alt saman. Og dette hovudplagget som ligg samanrulla for seg sjølv. Det er ei levande hand som må ha gjort det. Der må ha vore liv inne i grava", seier Johannes.

Peter høyrer kva Johannes seier, men det går ikkje heilt inn. Han vimsar hit og dit mellom steinar og kvistar medan dei beveger seg bortover. Han var så stor i munnen før alt dette starta, og så datt han ned som ein lort ved bålet på tempelplassen. No forstår han svært lite. Johannes seier at Jesus er tilbake til livet.

tilbake til Gudsordet

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg