Peder Tomren si webside

tilbake til Reisemål

Gran Canaria 2006

Hotell og hotell

Turen til Lanzarote 2005 gav meirsmak, og året etter var det Gran Canaria som stod for tur. Vi reiste midt i oktober, og vi landa ved Las Palmas til sommar og sol etter ca. 5 timar i lufta. Bussen tok oss frå flyplassen til hotellet Morasol i Puerto Rico på sørkysten av øya. Det var eit hotell med god standard, og romservicen kom kvar dag med oppreidd seng og nye handkle. Solfrid og eg budde i 1. etasje med bassenget rett utanfor der frua hadde seg ein dukkert før frukost dag etter dag. Hotellet ligg like ved sjøen med utsikt over båthamna, og det er lett å kome dit frå sentrum av byen.

Puerto Rico såg ut som ein by av hotell. Dei låg på rekke og rad og oppover fjellsidene. Der var ikkje mange bustadhus å sjå, og vi lurte på kvar "kanariane" budde. Vi høyrde at dei heldt til lenger inne på øya. Turismen har gjort det for dyrt for dei å bu i turistbyane.

Tur med strandliv.

Gran Canaria er ein fin plass å reise til dersom målet er å få avbrekk frå mørke og sure haustar i Noreg. Temperaturen i lufta låg på 30 - 35 gradar dag etter dag, og det kunne til tider bli for trykkande. Puerto Rico har ca. 320 soldagar i året, og der er tørt klima. Det kan vere at midt i oktober er litt for tidleg å reise.

Det var ingen problem å finne ei strand å ligge på. Der var ei i sentrum av Puerto Rico, og ca. 2 km utanfor byen var der ei fin strand som heiter Amadores. Der var det køyrt på sand, og det var bygt moloar som skulle verne mot bårene. Der eller andre plassar var det berre å slenge seg ned på sanden og nyte livet til ein måtte ut i sjøen for å svale seg ned. På strendene var der senger til bruk, og på Amadores var vi så naive at vi trudde vi berre kunne ta med oss ei seng og sette den der vi ville. Men den gong ei. Oppsynet kom og tala oss til rette. Vi hadde "no respect", sa dei.

Gratis drosjetur.

Så godt å kome seg vekk frå jag og mas til ein ferieplass der ingen kjenner deg, og du får gå i fred. Vel, slik er det til ein viss grad. Du kan bli lei av alle desse som ropar "lady" etter deg fordi dei har nokre flotte tilbod. Han far i familien ville gå forbi desse, men ho mor hadde større tendens til å stoppe. Kanskje det var derfor dei ropte "lady". Dei ville tilby ein flott dag på den flotte stranda Anfi. Vi skulle få gratis drosje dit, og så var der litt omvisning på eit anlegg, men den kunne vi hoppe av når vi ville. Som takk skulle vi få eit stort handkle, ei T-skjorte og ei flaske vin.

Ja, dette måtte vi prøve, men vel framme fekk vi servert ein anna versjon. Vi måtte vere med på heile omvisninga dersom vi skulle få desse fine tinga. Her var det nok Time Share som var ute etter å selje leiligheter til oss. Det vart ingen ting for oss, men vi fekk gratis drosje tilbake.

Øya på tvers og bananar i lange baner.

Gran Canaria har meir å by på enn strender. Vi var med på ein busstur tvers over øya. Vi var opp i 1700 m.o.h., og der møtte vi tåka. Vegane var smale, og dei minna om vegane på Vestlandet i gamle dagar. Sjåføren la seg på fløyta når vi kom til desse krappe svingane, og då burde andre bilar halde seg borte. Guiden vår fortalde at om vinteren kunne det kome snø på dei høgste toppane, og kanariane vart ville når dei høyrde at snøen hadde kome. Då køyrde dei til fjells på sommardekka sine, og i snøen vart dei som barn. Dei leika og boltra seg, og dei bygde snømenn på bilane sine.

Der er fire klimatiske soner på øya, og det kan vere stor skilnad på desse. Det varme og tørre klimaet på sørkysten liknar klimaet i Marokko i Afrika. Lenger nord på øya merka vi at klimaet var meir fuktig, og vegetasjonen var meir frodig. Der var det mange som dyrka bananar, og det skjedde ute i det fri eller i store drivhus. Bananar som veks ute, er mindre ein dei frå drivhusa, men dei er søtare på smak. Vi lærte også kvifor bananen veks oppover. Den veks nedover på klasen, men så vil den bøye seg oppover mot lyset, og då kjem den bøygde forma.

Fiskarbyen Mogan.

Havet rundt Kanariøyane er varmt, og delfinen held til mellom anna her. Ein dag skulle vi på tur til den lille fiskarbyen Mogan, og då vart det delfinsafari på same tid. Men der var ingen delfin å sjå. Kanskje vi treft lunchpausa.

Det var turistar å sjå i Mogan også, men den byen er ikkje så prega av turismen som det Puerto Rico er. Stemninga var rolegare, og der var ikkje folk som stadig skulle selge noko til deg. Der var fiskemottak, og folk stelte med båtane sin her og der. Gatene i byen var smale og koselege og flott dekorerte med blomar. Turen til Mogan denne dagen var ei god oppleving.

Fiskemiddag på El Molino.

Vi såg ingen delfin ute på havet. På hamna i Mogan såg vi masse fisk, men vi hadde ikkje fisketroe til å fange dei med. For å få litt smak av fisk måtte vi gå på restaurant i Puerto Rico. Kvar skulle vi så gå? Det måtte bli El Molino. Der var ein kjekk kelnar som Solfrid og søstera mi Helga likte godt. Dei hadde til og med fått smellkyss av han på kinnet. Så den saka var biff.

Vi mennene var ikkje så opptekne av kelnerane som sprang fram og tilbake, men vi var einige om at El Molino var ein koseleg plass å få seg noko å ete. Dette vart vår plass til å få oss mat, uvisst om det var p.g.a. dei grøne plantane der inne eller av andre grunnar.

Fleire bilde frå Gran Canaria finn du på denne lenka: Bilde Gran Canaria 2006.

tilbake til Reisemål

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg