Peder Tomren si webside

Gudsordet gir rettleiing for livet. Det vil verne oss mot det som bryt ned, og det vil vise oss det gode livet.

Gudsordet vil snakke med oss om det å ikkje strekke til, og det vil fortelje oss at vi er meir verdifulle enn alt anna som finst.

Gudsordet ser bak alle truslar, og det teiknar for oss ei framtid i liv og glede.
Meny:

Framside Om meg og mine Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg

Gudsordet.

Då kom du hit, og nedanfor ser du ein oversikt over betraktningane så langt. Her er det litt fri flyt av tankar rundt eit tema, og personar får lagt ord i munnen som dei kanskje aldri har hatt der, men i min fantasi var det slik. Dette betyr ikkje at alt er fri fantasi. Det er bibelske forteljingar som er elta i mi hjerne, eller det er tankar utifrå eit bibelsk innhald. Du kan vere med på dei ulike reisene i den bibelske verda ved å klikke på lenkene nedanfor.

Ha besøk utan å vite det - mai 2007

Rådslagningsmøte i himmelen - mars 2007

Eg er liten og veik - mars 2008

"Frå ille til verre", tenkte Peter "Jesus er kidnappa" - mars 2008

Denne fortærande irriterande mannen - april 2008

Fjella skal synge i kor - desember 2008

"Eg orkar ikkje dette åleinelivet", sa Gud - desember 2008

Han vart oss, og vi skal bli han - desember 2008

Opphav.

Det er flott å vere til, og det er flott å høyre til ein plass. Til denne plassen høyrer det også med menneske som betyr mykje.

I dette huset er eg fødd, og her voks eg opp. Småbruket heiter Lynghol og ligg på Haramsøy nord for Ålesund. Her var det mest mor som stelte huset og dei få husdyra, og far var borte på fiske.

Mor og far hadde fått barna sine. Familien var i boks, og den skulle festast til fotopapiret. Mor nærma seg 50 år, og tida for fødslar ebba ut. Men så kom det eit Sara-opplegg. To dagar etter mor sin 50 årsdag vart eg dregen ut med tanga, 5 kg. tung. "O du for ei hegre", sa jordmora. Eg var nok ikkje planlagt. Kanskje ein liten glipp, men likevel velkomen.

Kysten på Nordvestlandet byr på variert natur og ver og vind.

Himmelen kan vere blå og sjøen ligge still, og det kan vere praktfullt med ein fjelltur.

Regnet kan øse ned, vinden kan ta skikkeleg tak, og båra kan bryte mot land.

I havet er lyren og anna slags fisk,

eller ein kan få eit måltid krabbe.