Peder Tomren si webside

tilbake til Gudsordet

Han vart oss, og vi skal bli han.

Jul er kos saman med andre. Huset er reint og pynta. Lysa er i vindauga, på borda eller andre plassar. Dekorasjonane er framme. Treet er lysbelagt og pynta, og pakkane ligg under der. Middagen smaker aldri så godt som på julekvelden, og den lagar denne julelukta i huset. Jul er ei tid til samver og hygge, for dei som har nokon å vere saman med.

Og forteljinga er kjend. Barnet vart fødd i stallen i mørke natta med foreldre rundt seg, og senga var husdyra sitt matfat. Gjetarane på marka fekk besøk heilt frå himmelen med bod om at Gud var på jord, og vismennene kom til barnet med kostelege gåver.

Vi treng dykkarutstyr.

Så langt er alt såre enkelt, men det står ein mann på brygga og bed oss ta på dykkarustyr. Det er apostelen Johannes. Han vil ha oss med ein tur på djupet. "Ordet (Gud) vart menneske", seier han i Joh. 1,14. Eller kanskje vi kan seie "materie" eller "det skapte".

Dette betyr for det første: Jesus skulle bli alt det menneskelivet kan vere. Han skulle gjere seg til eitt med alt det som er oss. Han skulle kjenne på kroppen alle livet sine fjelltoppar og mørke dalar.

Han gjekk inn i livet sin fest og glede. Det gjorde han mellom anna då han var i bryllaup i Kana og berga festen. Han gjorde kar med vatn om til kar med den beste vinen. Han smakte på angsten då han kjempa så sterkt med døden i Getsemanehagen at sveitten vart til blod, og han gjekk inn i einsemda då han hang på krossen. Støttespelarane hadde flykta for å redde seg sjølv. Heiagjengen no bad han gå ned frå krossen slik at dei kunne tru på han. Ingen forstod kvifor han måtte henge der. Å du, kor fristande det var å stige ned og vise kva han var god for. Men han hadde kome til jord for å henge der, og klimakset kom når også hans eigen Far i himmelen snudde han ryggen og let han smake den totale forlattheit.

For det andre: Jesus er menneske også i dag. Han veit kva det er å leve her ved utgangen av 2008 anten det er i Noreg eller i Zimbabwe. Han er nær i det som er vårt tilvære. Han bur inne i alle sine ved sin Ande. Han er i festen når livet er ein leik å leve, og han er der når livet er å kjempe seg opp motbakkar og børa kjennest litt for tung å bere. Han er i alt, for alt er velkjent for han.

Og kva er det han vil med å kome og bli oss? Han vil lyfte alt og alle ut av all driten og plassere oss i livet og festen hos Gud. Målet er altså å omslutte alt og alle med sin himmelen der tinga er heilt annleis, men korleis skal det bli der dersom vi kjem dit med all driten vår? Og då er vi ved pointet. Driten måtte ryddast bort først.

For det tredje har vi då: Jesus vart all driten i universet og på jorda. Gud gjekk gjennom heile historia og gjennom heile skaparverket pluss himmelrommet og ruska saman alt der som ikkje var like fullkome som han er sjølv, og så sa han til Sonen sin Jesus: "No skal du vere alt dette". Han vart alt vi er og alt vi har gjort, som ikkje var heilt bra, og så stod han til ansvar for alt.

Og ut av dette stig det opp noko heilt ufatteleg. Englane var inne på det då dei song som fred på jord og menneske som Gud har glede i. Dei såg ein ny tilstand som var på veg der freden er inne i menneska og rundt dei, og der Gud er såre nøgd. Alt Gud har skapt er vunne tilbake, og dei nyt samveret og livet i djupe drag. Han som kom julenatt, skal kome tilbake som den store Kongen, og dette nærveret skal vere så sterkt at alt og alle skal bli gjennomsyra av han og omdanna til å bli lik han. Heile skaparverket og alle Jesu vennar skal ikledast den drakta som han har, og dei skal leve det livet han lever med hans glans og hans herlegdom. Det skal vare for all framtid.

Det og dei som høyrer Gud til, skal bli lik han fordi hans Son kom og vart alt det vi er.

tilbake til Gudsordet

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg