Peder Tomren si webside
Humor

Få latteren og hjernecellene på gli:

  • Det barn får seg til å seie
  • Utrulege prestasjonar
  • Leike seg litt
  • Meny:

    Framside Om meg og mine Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

    Lenker:

    Blogg

    Humor.

    Barnemunn.

    Vi er så ulike vi menneske, og slik skal det vere. Nokon er tenkande, rolege og seriøse. Andre er spontane, sprudlande, og dei tek ting på hælen. Eller dei fleste av oss har ei blanding av litt av kvart. Poenget er å vere den ein er.

    Der er nokon som sprer liv og latter mellom oss, og det er så flott. Dei som kan vere aller flinkast til det, er barna. Dei kan virke så gjennomtenkte, og dei kan seie det på ein så seriøs måte, men så blir det så moro. Eit tema dei funderer over, er dette med kjærleik og samliv. Eg har samla nokre utsegn frå barnemunn om dette tema på lenka Kjærleik og samliv.

    Kjærleik og samliv

    Prestasjonar.

    Eg var ikkje så glad i skulen, men eg glimta til av og til. Det kunne vere moro med geografi, og eg la litt prestisje i å pugge hovudstader. Men det er lenge sidan no.

    Der er ein figur som heiter Yakko. Han kan ramse opp namna på landa i verda, og han har til og med sett melodi på denne ramsa. Vil du vere med på det, kan du klikke på lenka Yakkos verd. Det er ganske imponerande.

    Yakkos verd

    Vi har sett det før. Folk som beveger seg over større flater og lager ulike figurar og bokstavar. Det skjer mellom anna på idrettsarena. På lenka Oppvisning Sør-Korea finn du ei stor gruppe menneske som lagar eit imponerande spel.

    Oppvisning Sør-Korea

    Du har sikkert sett desse firkanta terningane der kvar side er inndelt i mindre ruter. Dei har ulike fargar, og så kan du vri og bende på dei. Vitsen er at alle dei små rutene på kva stor rute skal ha same fargen. Kanskje du har prøvd dette til og med. Eg har aldri fått det til, men ei 3 år gamal jente i Asia klarte det på knappe to minutt. Heilt imponerande. Du kan sjå det sjølv på lenka 3 åring løyser Kubiks Kube.

    3 åring løyser Kubiks Kube

    Leike seg.

    Nokon liker å sete å fundere over ditten og datten og å finne ut av ting. Ei periode for ei tid tilbake sat vi med teikningar over ulike figurar og skulle finne t.d. fem ting som mangla i den eine teikninga i forhold til den andre.

    No har ein kome litt lenger. Det finst animasjonar (levande bilete) der vitsen er den same, finne avvik mellom to bilete. Vil du prøve deg på noko slikt, kan du klikke på lenka Finne fem feil. Når du kjem dit, må du klikke på Play for å starte.

    Finne fem feil

    Vinter er ei av årstidene våre. Det er ikkje alltid snø i våre dagar, men den kjem på besøk av og til. Då er det moro å vere barn og vere ute og utfalde seg. Men du kor fristane det er å vere rampete og kaste snøball på nokon. På videosnutten Rampete ungar er det ein reporter som får erfare det. Du ser den ved å klikke på denne lenka nedanfor.

    Rampete ungar

    Opphav.

    Det er flott å vere til, og det er flott å høyre til ein plass. Til denne plassen høyrer det også med menneske som betyr mykje.

    I dette huset er eg fødd, og her voks eg opp. Småbruket heiter Lynghol og ligg på Haramsøy nord for Ålesund. Her var det mest mor som stelte huset og dei få husdyra, og far var borte på fiske.

    Mor og far hadde fått barna sine. Familien var i boks, og den skulle festast til fotopapiret. Mor nærma seg 50 år, og tida for fødslar ebba ut. Men så kom det eit Sara-opplegg. To dagar etter mor sin 50 årsdag vart eg dregen ut med tanga, 5 kg. tung. "O du for ei hegre", sa jordmora. Eg var nok ikkje planlagt. Kanskje ein liten glipp, men likevel velkomen.

    Kysten på Nordvestlandet byr på variert natur og ver og vind.

    Himmelen kan vere blå og sjøen ligge still, og det kan vere praktfullt med ein fjelltur.

    Regnet kan øse ned, vinden kan ta skikkeleg tak, og båra kan bryte mot land.

    I havet er lyren og anna slags fisk,

    eller ein kan få eit måltid krabbe.