Peder Tomren si webside

tilbake til Reisemål

Iona 2008

Iona - kyrkjesenter og pilegrimsmål

Møre bispedøme har ein venskapsavtale med den anglikanske kyrkja i Newcastle. I september 2008 reiste nokon av oss over dit for å vere i lag med prestar derifrå ei veke. Vi skulle vere i lag på øya Iona. Reisa gjekk med fly frå Vigra til Gardermoen, frå Gardermoen til Rotterdam og derifrå til Newcastle. Frå Newcastle var det minibuss tvers over landet til vestkysten av Skottland ein regntung dag med dristige forbikøyringar p.g.a. stramt tidsskjema.

Iona er ei øy på ca. 9 kvadratkilometer. Høgste punktet er 101 m.o.h. Der er 125 fastbuande på øya, men mange fleire kjem hit i løpet av året. Øya er eit turistmål, eit pilegrimsmål og eit retreatsenter.

Litt historie.

I tidleg middelalder vart øya sete for eit viktig kloster. Tradisjonen fortel at klosteret var grunnlagt av den irske munken Columba i år 563 e. Kr. Columba og 12 kompanjongar søkte eksil her etter at dei hadde vore involvert i eit slag. Klosteret vart ein suksess, og det spelte ei viktig rolle i utbreiinga av kristen tru i området. Iona vart etter kvart eit senter for mange søsterkloster som vart opprett i Storbritannia og i Irland.

Øya vart eit senter for opplæring og for produksjon av skriftleg materiale. Den vart også senter for keltisk kristendom, og den var til støtte for den keltiske måten å rekne ut heilagdagar på. Den keltiske utrekningsmåten var i opposisjon til den romerske som var mest brukt i Vest Europa den tida. Iona mista etter kvart si høge stilling mellom anna på grunn av vikingane sine raid i området og fordi andre kloster si innflyting vaks. Vikingane sine herjingar starta i 794, og etter det mista Iona si viktige rolle for folk i Irland, men øya si betydning for Skottland auka utover på 800 talet. Den vart eit viktig åndeleg senter, og mange skotske kongar vart gravlagde på øya. I tillegg er her graver til folk frå Irland, Noreg og Frankrike.

Høgkrossen.

På slutten av 700 talet vart dei store krossane på øya laga. Dei vart typiske for Iona, og dei var truleg dei første krossane med den ringen som vart kjenneteikn på keltiske krossar. Desse ringane kunne også ha den praktiske nytta å halde opp dei horisontale stengene.

Ved fronten av katedralen på Iona står mellom anna St. Martin krossen som er frå 800 talet e. Kr. Den er ein av dei best bevarte keltiske krossane på dei britiske øyene.

Nonnekloster.

Ein nonneorden tilknytta benediktarane vart etablert her i 1208 e. Kr. Nonneklosteret blomstra fram til reformasjonen på 1500 talet. Då vart bygningar rivne, og alle unnateke 3 av dei 360 uthogde krossane på øya vart øydelagde. Rundt 1760 var det ikkje mykje meir igjen av klosteret enn det som er der i dag. Likevel er dette dei mest komplette restane av eit nonnekloster frå middelalderen i Skotland.

Så gale kan ein oppføre seg om ein er viking eller reformator.

Katedralen.

Katedralen på Iona (Iona Abbey) er no ei økumenisk kyrkje. Det vil seie at folk frå mange trussamfunn kjem hit og feirar gudsteneste. Alle som er på øya, kan vere med på gudstenestene. Vi var med på nokre kveldssamlingar. Kvar dag hadde sitt tema, og dei hadde eit sterkt preg av keltisk tradisjon. Fokus var mellom anna på det nære og konkrete, det Gud gir i naturen frå dag til dag.

Katedralen er interessann for pilegrimar og besøkjande både av historiske og av religiøse grunnar. Den er den mest fråseggjorde og den best bevarte kyrkjelege bygningen på vestkysten av Skotland som har overlevd frå middelalderen. Den har arkitektoniske detaljar og monument frå ulike periodar. Ein av desse monumenta er St. Martin krossen.

Iona-fellesskapet.

George Macleod grunnla i 1938 Iona-fellesskapet. Det skulle vere eit økumenisk kristent fellesskap av menn og kvinner frå ulike stadie i livet og frå ulike tradisjonar innafor den kristne kyrkje. Dei skulle alle gi seg til det å søkje nye måtar å leve ut Jesu evangelium. Dette fellesskapet er ei leiande kraft i den fornyinga som i dag skjer innafor keltisk kristendom.

Pilegrimsvandring.

Fellesskapet på Iona arrangerer mellom anna kurs i pilegrimsvandring, og då praktiserer det ein også. Eit slikt kurs var der den veka vi var der, og vi fekk høve til å vere med på ei slik vandring. Vi starta i lett sol og fint ver. Stemninga var god. Vi gjekk på hard asfalt, og vi kom over til stiar i terrenget. Pause med mat måtte til, og det skjedde nede ved sjøen. Etterpå gjekk vandringa over marker, og regnet byrja å melde sitt nærver. Så godt det var at nokon hadde teke på seg støvlar. Verre var det for frua som gjekk i luftige sommarsko.

Kva er målet med ei slik vandring? Det er som ei vandring i livet sine ulike terreng. Vi har solfyllte dagar då vi kan smile, for livet er godt å leve. Dei kjem også dagane då skyene trekker over, regnet gjer oss våte og kalde, og det er ikkje kjekt å vere oss. Vi går på hardt underlag slik at vi kjenner det, og vi går på marker der det glir av seg sjølv. Vi går, og vi stoppar opp. Vi set oss ned og får undervisning om livet si vandring, og vi gjer oss våre tankar sjølve.

Vi går også der andre har gått før oss. Vi er ikkje dei første på denne kloden. Vi får vi plass på ei lenke der mange har gått før oss, og der andre vil kome etter oss. Vi er ein del av ein stor samanheng, og det kan gjere noko med korleis vi styrer skuta vår gjennom livet.

Iona var på ein måte som alle andre plassar, men det var også noko spesielt med denne lille plassen. Her er ei lang historie. Mange av både høg og lav rang har søkt til denne øya slik fok gjer det i dag, og her har føregått ei gudstilbeding lenger enn det som er vår eiga historie.

tilbake til Reisemål

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg