Peder Tomren si webside
Islam - religion og politisk system.

  • Jihad - Heilag krig.
  • Kvinnesyn.
  • Foholdet til jødane.
  • Religionsfridom.
  • Meny:

    Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

    Lenker:

    Blogg

    tilbake til Smått og stort

    Innleiande refleksjonar.

    Heilag krig - jihad.

    Der er hendingar i vår verd som set spikra i minnet vårt. 10. september 2001 var det val på nytt Storting i Noreg. Dagen etter slo eg på TV-en for å få med meg dei siste nytt resultata. Det var derimot ikkje stortingsvalet som møtte meg gjennom skjermen, men det var terrorangrepet på World Trade Center i New York. Det ufattelege hadde skjedd, og folk var i sjokk. Denne hendinga vart ein milepæl i vår historie.

    Etter angrepet på World Trade Center kom ein fram til at hovudmannen var Mohammed Atta. Han etterlot seg eit brev der han kunngjorde at terrorhandlinga var for Allah og for den løna som venta han i paradis. Han siterte ein tekst frå Koranen der han ber Allah om styrke til å gjennomføre den planlagde handlinga.

    I mai 2007 såg eg eit innslag på TV frå Libanon. Atter ein gong var det uroleg der. Den libanesiske hæren kjempa mot den islamistiske organisasjonen Fatah al-Islam i flyktningleirane i Beirut. I innslaget såg vi ein soldat frå Fatah al-Islam som var tildekka i andletet. I den eine handa heldt han eit gevær, og i den andre handa hadde han eit eksemplar av Koranen.

    Eg er ein del inne på heimesida www.memri.org. Der kan ein lese kva muslimske leiarar uttalar mellom anna om jihad, heilag krig, og ein kan sjå desse talane på video . Det er underleg kor stor del av talane som er sitat frå Koranen. Eg har inntrykk av at for desse leiarane kan krig og drap skje på oppdrag frå Allah, og det kan skje til ære for han. Det kjem også fram at alle sanne muslimar skal vere med i jihad.

    I møte med dette må eg spørje: Finn terroristar inspirasjon til handlingane sine i Koranen (islam si heilage bok)? Er der ein samanheng mellom religionen islam og undertrykking og drap av menneske? Kvar skal ein gå for å finne ut av dette? Eg vel å vende meg til personen "Mark Gabriel". Dette er ikkje hans opprinnelege namn, men det er det han kallar seg no. Det ville sette livet hans i fare dersom han stod fram med det rette namnet sitt.

    Du finn det eg skriv om dette ved å klikke på denne lenka: Tidlegare muslim "Mark Gabriel".

    Islam etter Muhammed.

    Islam kom til fordi Muhammed hevda at han fekk openberringar frå Allah gjennom profeten Gabriel. Desse openberringane vart skrevne ned i boka Koranen. I tillegg til Koranen finst Hadith som fortel om ting Muhammed sa og gjorde. Dette er grunnlaget for den islamske lære, men korleis har folk etter Muhammed forhalde seg til det han lærte og gjorde? Eg har teke for meg nokre muslimske leiarar frå Muhammed si tid og fram til vår tid og sett på korleis dei grunngir det dei arbeidde for. Dette har å gjere med grunnleggande haldningar som finst i den muslimske verda i dag. Eg kjem mellom anna inn på grunnlaget for Osama bin Laden sine terrorhandlingar og grunnlaget for Irans president Mahmoud Ahmadinejad sitt atomprogram.

    Denne korte historiske oversikten finn du ved å klikke på denne lenka: Islam etter Muhammed.

    Det eg skriv her heng saman med "Tidlegare muslim Mark Gabriel". Derfor kan det vere lurt å lese den lenka før du les den historiske oversikten.

    Kvinnesyn.

    Ein onsdags kveld såg eg på programmet Holmgang på TV 2. Ein gut hadde drepe 3 av søstrene sine, og temaet for tv-programmet var tvangsekteskap og æresdrap. I programmet var det med ei ung jente som hadde blitt tvinga til å gifte seg. Seinare klarte ho å flykte frå dette ekteskapet. No levde ho i skjul, og ho kunne ikkje stå fram med fullt namn. Ho gjekk under namnet "Jeaneth". Grunnen var at det kunne vere fare for livet hennar dersom ho hadde kontakt med familien sin, og dersom ho stod fram med det verkelege namnet sitt. Mot slutten av programmet, etter at ein hadde snakka fram og tilbake om kvinnesyn, tvangsekteskap og æresdrap, sa "Jeaneth" noko som eg opplevde ikkje vart fanga opp av dei andre i studio. Ho sa: "Det er islam".

    I november 2004 kom den 47-årige nederlandske filmskaparen Theo van Gogh syklande nedover ei gata i Amsterdam. Brått vart han overfallen og skoten åtte eller ni gongar av ein muslimsk fundamentalist av marokkansk opphav. Deretter vart strupa hans skoren over, og gjerningsmannen Mohammed Bouyeri stakk to knivar ned i brystet på han. På den eine kniven var det festa sitat frå Koranen og ein ny trussel om drap mot Gogh sin samarbeidspartnar Ayaan Hirsi Ali frå Somalia.

    Kva hadde Theo van Gogh gjort som fortente dette? Han hadde kjempa mot kvinneundertrykking i islam, og han hadde laga film om det temaet. Mohammed Bouyeri la ikkje skjul på at drapet var religiøst motivert, og under rettssaka presiserte han at han ikkje angra på det han hadde gjort. "Eg har handla ut ifrå mi tru. Og eg har til og med uttala at om det hadde vore far min eller lillebror min, ville eg ha gjort det same", sa han mellom anna.

    I april 2007 gjekk norsk-somaliske Kadra Noor på 26 år ut i VG og sa at Koranen sitt syn på kvinner bør tolkast på ny. Ho etterlyste ein debatt om kva rettar og plikter den moderne muslimske kvinne har. Ho vart møtt med ei svært kald muslimsk, mannlig skulder. Pressetalsmann Gulam Sarwar i Central Jamaat-e Ahl-E Sunnat i Oslo seier at Kadra ikkje bestemmer noko som helst. "Vi kan ikkje endre Koranen eller islam på grunn av henne. Vi tek avstand frå hennar uttale, ho har ikkje noko med å krenke vår religion", seier Sarwar.

    Ikkje lenge etter vart Kadra overfallen og banka opp i Oslo sentrum. Ho fortel at angriparane ropte "der er ho som har trakka på Koranen". "Så stimla dei rundt meg og eg vart slått i bakken. Dei sto i ring rundt meg og sparka og slo. Nokon ropte vers frå Koranen, andre slengde skjellsord. Ein av dei seier til meg at "i Somalia drep vi slike som dykk", seier Kadra. Fredag 13. april uttala ho på NRK 1: "Det er eit eller anna med islam og kvinnesynet som ikkje fungerer i Noreg"

    Eg skriv meir om dette på denne lenka: Islam og kvinnesyn.

    Stoffet har eg henta frå den somaliske kvinna Ayaan Hirsi Ali. Ho gjorde opprør mot det muslimske miljøet ho voks opp, og for det vart ho avvist av familien sin. Ho måtte reise frå landet sitt. Ho kom til Nederland, og der måtte ho ha livvakter p.g.a. trapstruslar.

    Forholdet til jødane.

    7. mai 2002 sende eit barnetvprogram på Iqra TV i Egypt eit intervju med 3 1/2 år gamle Basmallah. Basmallah blir spurt om ho liker jødar, og til det svarar ho nei. Grunnen til det er at dei er "aper og grisar". Dette sa altså ei 3 1/2 år gamal jente på barnetv i Egypt, for slik var det Allah snakka om jødane i Koranen. Vil du lese intervjuet med Basmallah, kan du klikke her.

    Ayaan Hirsi Ali fortel at ho høyrde ikkje anna enn hatefulle ting om jødane frå ho var liten. Når noko var gale, til dømes at det ikkje kom vatn frå springet, var det jødane som var ute med sine vonde strekar igjen. "Jøde" er det styggaste skjelsordet som finst både på somalisk og på arabisk, og Hirsi Ali var med å be til Allah fem gongar om dagen om at jødane skulle utryddast. Ho seier at antesemittismen overgår all anna etnisk reinsing, og jødane si historie i Europa er unik (1). Dei opplevde Holocaust då 6 mill. jødar var utrydda, og dei møter same haldninga i dag.

    Det er mange døme på at muslimske leiarar i dag har som mål å utslette Israel. Hamas sin representant i Libanon, Osama Hamdan, uttalte på Al-Kawthar TV 6. august 2007 at deira endelege mål er å viske dette "vesen" (Israel) bort frå jorda si overflate (2). Det same seier ein annan Hamas leiar, Mahmoud Zahar, på Al-Manar TV 25. januar 2006. I desember 2005 uttrykkte Irans president Mahmoud Ahmadinejad tvil om utryddinga av jødane under andre verdskrig fann stad, og i april 2006 uttalte han at "Israel er eit råttent, inntørket tre som vil bli utsletta av ein storm". Han gjentok Ayatollah Khomeini sine ord om at Israel må fjernast frå kartet: "Allah er villeg, og med makta frå Allah vil vi snart oppleve ei verd utan USA og sionisme". Han seier også at "einkvar som anerkjenner Israel vil brenne på bålet til dei islamske lands raseri".

    Muhammed Nimr Al-Zaghmount er leiar for Det Islamske Palestinske Råd i Libanon. På Al-Kawthar TV 15. mai 2007 sa han mellom anna: "Palestina vil bli vunne tilbake berre ved å kjempe mot sionistane. Eg seier ikkje "kjempe mot jødane", for desse folka er ei klynge sionist-gjengar som plyndrar... Koranen seier: "Gjer deg klar for dei med den krafta du kan ... " Men vi seier til Allah: Vi ønskjer ikkje det fordi vi er redde dei vil kalle oss terroristar. Dersom det å drepe sionist jødar, amerikanarane, engelskmennene og franskmennene i Palestina, i Irak og i Afghanistan, er å rekne som terrorisme - så er eg nr. 1 terrorist".... "Allah sin profet (Muhammed) har lova oss at jødane skal samle seg i Palestina, og at muslimane skal kjempe mot dei og totalt drepe dei. Til og med steinen og treet vil seie: "Oh muslim, der er ein jøde bak meg. Kom og drep han". Du kunne fortelje meg at eg stolar på overnaturleg hadiths. Eg trur at ikkje dette er overnaturleg, men det er kjerna i trua vår".

    Dette uforsonleg forholdet mellom jødar og muslimar har vore i lang tid tilbake, og kva er rota til det? Eg let igjen Mark Gabriel kom til orde.

    Du er velkomen til å klikke og lese på lenka: Islam og jødane..

    Religionsfridom.

    Vi er glade i det som er vårt, og vi vil gjerne snakke fint om det til andre. Det er heilt naturleg, for vi vil gjerne at folk skal tenke godt om oss og om det som tilhøyrer oss. Muslimar vil gjerne framstille religionen sin som noko positivt. Det er heilt forståeleg, for trua er ein vesentleg del av mange muslimar sitt liv, og det som er ein del av ein sjølv, vil ein skal vere positivt. I motsetnad til mange i Vesten kan mange muslimar ikkje tenke seg å leve utan trua si. Då blir det ikkje noko liv igjen.

    Kva er det som er positivt for oss? Eg tenkjer at det er det som er gode impulsar for oss. Det er det som gir livet eit godt innhald, og det kan vere fridom til å tenke og å uttrykke som ein vil. Det kan vere fridom til å bu og å arbeide som ein vil. Det er å bli respektert og verdsett som den ein er, og det fridom til å velje tru. Er der fridom i islam til sjølv å velje tru og til å gå over til anna tru dersom ein ønskjer det?

    I 2007 var ei svært uvanleg sak til handsaming i det egyptiske rettsvesen. 45 egyptiske kristne kjempa for retten til å gå tilbake til si kristne tru. I april i år sa imidlertid ein lavare rettsinstans at dei 45 ikkje har lov til å forlate islam. "Islam forbyr alle som er fødde muslimar og alle som frivilleg er blitt muslimar, å forlate den islamske trua. Ein kan ikkje skifte religion på same måte som vinden skiftar retning", heiter det i domspremissa frå rettsaka i april. Domen vart anka, og seinare på året skal den prøvast for Egypts Supreme Administrative Court.

    Eg skriv meir om dette på lenka Islam og religionsfridom.

    Presisering.

    Eg vil med det eg skriv om dette emnet sette eit kritisk lys på Islam slik den er framstilt i boka Koranen, og slik den kjem til uttrykk i Hadith (sjå avsnittet "Kjerna i islamsk tru" på sida "Tidlegare muslim Mark Gabriel"). Eg vil presisere at eg ikkje er ute etter å framstille muslimar som høyrer til denne religionen, på ein negativ måte. Det er læreinnhaldet i Islam eg vil forhalde meg til.

    Det kan vere farleg å gi seg ut på slike analyser. Redaktør i Magasinet, Vebjørn Selbekk, måtte gå i dekning med familien sin då det storma som verst rundt karikaturteikningane av profeten Muhammed i 2006. Selbekk vart truga på livet.

    I august 2007 bad nederlenderen Geert Wilders om at Koranen skulle bannlysast i landet, og han samanlikna boka med Hitlers Mein Kamp. Denne oppfordringa kom etter eit angrep på den tidlegare muslimen Ehsan Jami. Wilders hevda at islamistar (radikale muslimar) bruker Koranen som unnskyldning for og inspirasjon til vold. Ein kan vere einig eller ueinig i Wilders sitt utspel, men det er ille at Wilders no må fraktast i pansra bil til nye plassar kvar dag. Han har motteke fleire drapstruslar (3).

    Det er mange variantar av islam i verda, men det er noko alle muslimar er einige om: Islam sine basisprinsipp skal ikkje kritiserast, granskast eller på nokon måte motseiast (4). Det skaper sterke reaksjonar når desse prinsippa vert utfordra. Under karikaturstriden uttalte ein dansk imam (lærar) at eit menneskeliv ikkje betyr noko når det er snakk om profeten Muhammed si ære. Dette er haldningar som kan føre verkeleg ille av gårde.

    Møte muslimar med kjærleik.

    Vi skal stå islam imot, dette systemet som held menneske fanga, men vi skal vise kjærleik mot muslimane. Mange muslimane er svoltne på sanninga. Dei tørstar etter kjærleik, tilgjeving og nåde. Dei søkjer fred fordi dei er desillusjonerte over jihad. Mange kvinner er frustrerte fordi dei er nekta elementære menneskerettar, og dei blir forfulgde og straffa dersom dei ikkje er lydige mot tradisjonen som er Koranen og islamsk lov. Muslimar lengtar etter eit personleg forhold til Gud som deira personlege Frelsar og Far.

    Hadde Jesus levd i dag, hadde han gått til moskeane og forkynt den gode bodskapen. Han hadde vitja muslimane i heimane deira og på arbeidsplassen deira. Han hadde forkynt tilgjeving, og han hadde møtt dei med sanninga. Han hadde aldri vist dei frå seg.

    Utfordinga til den kristne kyrkje i dag er å møte muslimar med opne armane, vise dei Jesu kjærleik, fortelje dei at Jesus døydde for dei, og gi dei håp om at syndene deira kan bli tilgjevne.

    I møte med islam står vi overfor ein fiende som vert dreven av tru, og oppskrifta er i Koranen. Målet er å kontrollere heile verda og få den til å underkaste seg islam slik at islamsk lov og styre skal vere den einaste form for autoritet i heile verda.
    Fiendskapen mellom jødar og arabiske muslimar stammar frå Koranen der jødar blir omtala som barn av grisar og apekattar. Derfor har Hamas og al-Jihad i Palesina erklært heilag krig mot jødane.
    Løysinga på alt dette er berre om Jesus kan lækje muslimar sitt hjarte og sette dei fri frå systemet som fangar dei.

    1. Ayaan Hirsi Ali: "Krev din rett" s. 104.
    2. Kjelde: http://www.memritv.org/clip/en/1527.htm.
    3. Kjelde: http://www.dutchnews.nl/news/archives/2007/08/wilders_calls_for_koran_to_be.php
    4. Ayaan Hirsi Ali: "Krev din rett" s. 43.

    tilbake til Smått og stort

    Opphav.

    Det er flott å vere til, og det er flott å høyre til ein plass. Til denne plassen høyrer det også med menneske som betyr mykje.

    I dette huset er eg fødd, og her voks eg opp. Småbruket heiter Lynghol og ligg på Haramsøy nord for Ålesund. Her var det mest mor som stelte huset og dei få husdyra, og far var borte på fiske.

    Mor og far hadde fått barna sine. Familien var i boks, og den skulle festast til fotopapiret. Mor nærma seg 50 år, og tida for fødslar ebba ut. Men så kom det eit Sara-opplegg. To dagar etter mor sin 50 årsdag vart eg dregen ut med tanga, 5 kg. tung. "O du for ei hegre", sa jordmora. Eg var nok ikkje planlagt. Kanskje ein liten glipp, men likevel velkomen.

    Kysten på Nordvestlandet byr på variert natur og ver og vind.

    Himmelen kan vere blå og sjøen ligge still, og det kan vere praktfullt med ein fjelltur.

    Regnet kan øse ned, vinden kan ta skikkeleg tak, og båra kan bryte mot land.

    I havet er lyren og anna slags fisk,

    eller ein kan få eit måltid krabbe.