Peder Tomren si webside
Israel 2008.

Tanken kom for mange år sidan. Reise til Israel. Det var dette landet eg hadde lese mykje om i studia, og eg hadde vore der mange gongar i talar og preiker, men det kan vere eit stykke frå tanke til handling.

Så skjedde det i oktober 2008 i regi av SI reiser, og det var den tida på året då Lauvhyttefesten blir feira. Det låg til rette for innhaldsrike dagar, og det vart det også.

På denne sida vil eg seie litt om dette landet si historie. Eg vil formidle inntrykk frå turen, og eg vil reflektere rundt det eg opplevde. Velkomen til å vere med.

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg

tilbake til Reisemål

Historie - Opplevingar - Inntrykk

Landet som må stole på seg sjølv.

Det var frammøte på Gardermoen ca. 2 ½ time før avreise. Vi fekk ikkje vite på førehand kvar vi skulle skjekke inn, og kva gate vi skulle gå til. Det skulle vi få greie på ved frammøte. Slik informasjon må ein vere varsam med å gi ut.

Ei heil gruppe møtte fram i grisotta med mykje søvn i augo. Vi vart ført til eine enden av avgangshallen. Der var det å stå i kø og vente på tur. Folk frå Israel var på plass. Dei sleppte inn ein og ein, to og to eller litt større grupper til intervju. Spørsmåla var: "Er dette din koffert? Er det berre du som har pakka den? Kva er målet med å reise til Israel? Skal du treffe nokon der? Har du kontakt med nokon i regionen?" Så vart bagasjen skanna før vi kunne gå gjennom nokre passkontrollar og mot gaten. Den var i underetasjen, og frå den vart vi køyrde med buss ut til flyet som stod ute på flyplassen.

Alt vel så langt. Vi fann plassane våre i flyet, men det tok tid før vi letta. Etter ei stund vart nokre av oss bedt om å kome ut, og blant dei var eg. Noko av bagasjen hadde kome på eit flyt som skulle til London, og desse måtte kontrollerast igjen før dei kunne takast inn i flyet vårt. Eg måtte ut og opne kofferten min saman med ein israelsk offiser og gå gjennom innhaldet. Det var dei same spørsmåla igjen, om det var mitt alt som var der. Det var i orden, og endeleg kunne vi ta av frå norsk jord.

Vi hadde fått ei aning om at vi skulle til eit land og eit folk som hadde lært at dei måtte stole på seg sjølve.

Jerusalem - litt historie.

Flyet landa på Ben - Gurion flyplassen, og bussen tok oss til Jerusalem. Det var første stopp på turen. Det kjendest underleg å vere her. Vi var på historisk grunn. Det har budd folk her i ca. 5000 år. I 1. Mosebok kap. 14 møter vi Melkisedek som var konge i Salem. Han levde på 1700 talet f.Kr. Vi veit ikkje akkurat kvar dette riket var, men ordet Salem kan vere eit utgangspunkt for namnet Jerusalem. Det finst skrifter frå 1400 talet f. Kr. som kallar byen Urasalim.

David er ein av dei mest kjende kongane i Israel. Han levde rundt år 1000 f. Kr. I hans tid levde folket i fred med naboane sine, og dei opplevde gode dagar. Han gjorde byen til hovudstad og religiøst senter i riket sitt, og han byrja å bygge opp byen. Det står om det i 2. Sam. 5.

David ville gjerne bygge tempelet for Herren, men det var etterkomaren hans, kong Salomo, som gjorde det. Han levde på 900 talet, og han var kjend for visdomen sin. Tempelet skulle vere bustad for folket si paktkiste, og i kista var lovtavlene med dei 10 boda som Moses fekk av Gud på fjellet i Sinai. Det var då folket var på vandring frå Egypt tilbake til Kanaan. Frå Salomo si tid vart tempelet for all ettertid eit religiøst senter.

Jødefolket var eit gjenstridig folk, og landet og byen vart okkupert av kong Nebukadnesar i 587 f. Kr. Folket vart ført som fangar til Babylonia der dei var i 40 år. Etter den tid fekk dei vende tilbake, og byen og tempelet kunne byggast opp igjen. Profetane Haggai og Sakarja fortel om det. Bymurane vart gjenoppbygde frå år 445 f. Kr.

Seinare kom Aleksander den store frå Persia og tok landet i eige, og frå år 63 f. Kr. var det under romersk herredøme. Det jødiske opprøret kom i år 70 e. Kr., og det fekk store konsekvensar for land og folk. Jerusalem vart lagt i ruinar, tempelet vart øydelagt, og folket vart spreidde utover. Det var situasjonen fram til 1948.

Kristendommen vart ein statsreligion i romarriket i 381 e. Kr., og Jerusalem vart ein "kristen" by. Jødane vart no forfølgde av dei kristne. Den muslimske perioden starta i år 634, og frå 1099 byrja korstoga. Alle ikkje-kristne skulle då drepast. Vi kan vel seie at den gode hensikt var sterkt oppblanda med andre ting.

14. mai 1948 vart staten Israel proklamert i FN av David Ben - Gurion med Jerusalem som hovudstad, og ikkje lenge etter gjekk 5 arabiske land til angrep på den nye staten. Det vart underteikna våpenkvile i 1950, men Jordan nekta Israel tilgang til dei heilage plassane i Aust-Jerusalem.

Heile byen vart hovudstad etter 6 dagars krigen i 1967. Israel tok då store landområde på kort tid, og Jerusalem vart erklært som hovudstad for alltid.

Jerusalem - vandring i religionar.

Der er nokre plassar eg kunne tenkje meg å reise tilbake til, og ein av desse er Jerusalem. Det er ei oppleving av å vere i eit kryssingspunkt mellom tre av dei største religionane i verda: kristendom, jødedom og islam. Alle tre har heilage plassar her, og det er sterke kjensler knytta til desse plassane. Det kjennest intenst å gå her, og ein har ei aning om at det skal lite til før eit eller anna blussar opp.

Dette landet og denne byen er røtene til kristen tru. Jesu gjerningar rundt om i landet var ein proklamasjon av at no var Guds rike her, og Jesu gjerning i Jerusalem var ei opning for oss inn i dette riket. Ei vandring her er ei vandring i røtene til religionen vår.

Det var spesielt å gå den vegen Jesus gjekk her i år 33. Du kan vere med på vandringa mi ved å klikke på denne lenka:

Jerusalem - år 33

I Jesu fotspor utanom Jerusalem.

Vi hadde innhaldsrike dagar i Jerusalem, men det stoppa ikkje der. Jesus virke var også lenger nord i landet, i Galilea. Vi måtte sjølvsagt same vegen og gå i fotspora hans.

Genesaretsjøen ligg i det området, og ein båttur høyrer med. For oss vart det ein flott tur i svartestille, sol og god varme, men tankane gjekk til Jesu disiplar som kom i store vanskar her. Heldigvis kom meistaren gåande på bårene.
Vi vandra der 5 rundstykke og 2 fiskar metta innbyggarane i ei landsens norsk kommune, og der fiskenota mot normalt vart full om dagen og ikkje om natta. Vi var der verdas mest kjende tale vart framført, og der 3 spørsmål rippa opp i djupe sår. Vi såg byen som ikkje fekk leve, og vi var ved huset der lange og djupe grenser skulle brytast.

Det vart ei vandring i viktige hendingar for tru og liv. Du kan vere med ved å klikke på lenka:

I Jesu fotspor utanom Jerusalem.

Møte med jødisk tradisjon.

I vår tid lever jødar mange plassar i verda, men for mange av dei er Israel heimlandet. For alle er Jerusalem ein heilt spesiell by. Her møter vi deira lange historie, og vi ser sterke uttrykk for trua og tradisjonen deira. På same tid har både kristne og muslimar sterke røter i denne byen. Her er dei tre store religionane nære naboar, men ein merkar også dei sterke spenningane.

Dette nære naboskapet og desse spenningane viser seg på eit lite område, ved Klagemuren i Jerusalem. Vi var ved muren, og den opplevinga er noko av det eg huskar best frå turen. Det var ei blanding av kaos og djup konsentrasjon. Det var inderleg religiøst liv blanda med søken etter profitt, og det var ein plass der djupt inngrodde fiendar kunne gå side om side.

Eg har formidla nokre av opplevingane mine ved Klagemuren på lenka:

Møte med jødisk tradisjon.

Islam vil ha plass.

Kristne har krossen som symbolet sitt. Jødane har Davidstjerna, og muslimane har halvmånen og stjerna. Halvmånen og stjerna er plassert på minaretane som er dei muslimske tårna, og det er frå desse det blir ropt når muslimane sine bønetider er der.

Vi såg desse minaretane rundt om i Israel. Ein plass var ved Via Dolorosa i Jerusalem. Vi gjekk der Jesus vart ført til krossfesting, og ved den vegen var ein minaret. Det var så tett mellom dei religiøse symbola her. Vi gjekk i spora til den eine store religionen, og så passert vi symbolet til ein anna. Islam vil ha sin plass i dette landet og i Jerusalem, og kva er grunnen til det?

Legenda vil ha det til at Muhammed kom flygande til Jerusalem på ein kamel. Der var det ein stige opp til himmelen, og via den fekk Muhammed openberringar frå Allah som vart skrivne ned i Koranen. Det gjorde at dette området vart den 3. mest heilage plassen på jord for muslimar etter Mekka og Medina.

Koranen vart til mellom år 610 e. Kr. til Muhammed sin død i 632. Under og etter denne tida vart islam utbreidd med militærmakt, og noverande Israel var eit av dei områda som kom under muslimsk herredøme. Tempelplassen i Jerusalem låg aude og tom då muslimane kom hit. Kristne styresmakter som hadde regjert her før, hadde ikkje gjort noko med plassen. Muslimane kom på ein god ide. Dei bygde ein moske her. På den måten kunne dei knytta Jerusalem til religionen sin, og det vart ei plikt for alle muslimar å verne om dette heilage området. Det er ein grunn til at det er så sterke kjensler her, og at det er så vanskeleg å finne politiske løysingar. Ein del muslimske land (Iran) og organisasjonar vil ikkje anerkjenne Israel sin rett til å eksistere fordi dette for dei er ein del av den muslimske verda.

Grunnen til legenda om stigen i Jerusalem kan vere at Muhammed hadde som mål å vinne jødane for læra si. I Koranen brukte han derfor mykje stoff frå Det gamle testamentet, og han ville trekke inn Jerusalem som ein plass der openberringane skjedde. Dette skulle vinne jødane sin godvilje. Muhammed lukkast ikkje, og han sette i gong ei stor massakre av jødar i den arabiske verda.

Ørken - frodig land - oase.

Israel er landet med spenningar og korte avstandar mellom ytterpunkt. Slik er det også med landskapet. Du kan reise til den varme og tørre ørkenen der det er aude og tomt, men der grunnen inneheld verdifulle eigenskapar som er vide kjent. Ikkje langt derifrå er ørkenen gjort om til grøne marker med dei flotte fruktene, og etter ein kort biltur vidare kjem vi til ein av dei flottaste oasane eg har sett. Det er variasjonane si reise.

Vi var ein tur til Negev ørkenen som ligg sør i landet. Her var det godt å finne ly for den sterke varmen, og her var vi på ein av dei sentral plassane i Israel si historie, Masada. Det var her dei siste opprørarane mot romersk okkupasjon heldt stand i år 73 e. Kr. Vi var ved Dødehavet som byr på helsebringande produkt og spesielle badeopplevingar, og vi nytte sydenlivet med ørkenen rundt oss. Eg fortel meir på denne lenka:

Ørken - frodig land - oase.

Reise i fest og feiring.

Turen til Israel vart ei festreise. Vi trakke i dei plassane som vi har lese om, som eg lever av å snakke om, og som har med tru og liv å gjere. Vi fekk ta inn den dramatikken som utspant seg her i tre år i starten av tidsrekninga vår, og vi fekk kjenne på den spenninga som er der no. Vi fekk møte eit folk som vil bite seg fast her koste kva det koste vil, og som ber på ein lengsel etter fred og ro. Det vart dagar fulle av inntrykk som det ikkje er så lett å gi uttrykk for.

Vi kom også i direkte kontakt med feiring. Vi møtte ein av dei størte festane til jødane, lauvhyttefesten som varer sju dagar til ende. Saman med mange tusen andre frå mange nasjonar tok vi del i fest og feiring ute i ørkenen ved Dødehavet, og vi møtte noko av den same feiringa i sentrum av Jerusalem under den store marsjen. Eg fortel meir om dette på denne lenka:

Fest og feiring.

Var det trygt å reise?

Før vi reiste til Israel, var det ein del som spurte: Tør dokke å gjere dette? Er det ikkje farleg å reise rundt i det landet? Det var ikkje rart at desse spørsmåla kom. Det hadde vore mykje uro i Midt-Austen den seinare tida. For ikkje lenge sidan var det krig i Sør-Libanon mellom Israel og Hizbollah. Vi hadde sett reportasjer om intifadaen mellom jødar og palestinarar, og vi hadde høyrt om sjølvmordsbombarar som sprengde seg sjølv i lufta i den hensikt å ta med seg flest mogleg i døden. Ein visste aldri kvar det kunne smelle neste gong.

Det underlege var at eg sjeldan har kjent meg så trygg som eg gjorde på denne turen. Vi såg mange soldatar og andre med våpen, og vi måtte gjennom mange kontrollpostar, men det skapte ei oppleving av tryggleik. Vi opplevde heller ikkje noko ubehageleg, men vi fekk eit inntrykk av korleis det er å leve i eit land der naboane gjerne vil kaste ein på havet. Eg formidlar nokre inntrykk om dette på denne lenka:

Var det trygt å reise?

Ferielandet Israel.

Dette er eit land som byr på det meste, og det har ei stor tiltrekningskraft på mange. Folk frå heile verda kjem hit av ulike grunnar, og turisme er ei viktig næring for landet. Eit opphald her kan vere ferie med eit vidt innhald.

Å vere her er å vandre i ei historie som går mange tusen år tilbake i tida, og denne historia er knytta til gudstrua. Jødane si historie er samla i ei bok som på same tid inneheld religiøs tru for mange fleire enn jødar. Ein kjenner på at her er ein der mange ting starta. Det har å gjere med opphav, røter og identitet.

Og dei religiøse røtene ligg oppe i dagen. Kristne kan byrja å vandre der Jesu mor Maria fekk beskjed om at ho skulle føde ein son som skulle tilhøyre vår menneskeslekta, men som på same tid skulle vere noko mykje meir. Vidare kan vi sette oss ned der han i vaksen alder gjorde uhøyrte ting, og vi kan vere med gjennom liding, død og oppståe som er unik i vår historie.

Ved sida av dette ser vi eit folk med stort religiøst engasjement. Dei lever i historia si og i dei gamle tekstane, og dei ventar framleis på kongen Messias som skal kome og skape det gode riket for dei. Dei ber på ein lengsel etter fred.

Vegg i vegg med dette lever Muhammed si lære. Han ville vinne jødane for den nye religionen sin. Derfor knytta han mange ting i trua si til jødiske tekstar og til Jerusalem. Han nådde ikkje fram med det, og i all ettertid har det vore sterke spenningar mellom folk som gjer hevd på dette landet. Å vandre i gatene her er å kjenne på denne spenninga.

Det moderne samfunnet.

Ein annan del av Israel er det moderne samfunnet. Denne nasjonen er langt framme når det gjeld moderne teknologi, og på mange felt er dei banebrytande innafor forskning. Det gjeld mellom datateknologi, utvikling av landbruk under krevjande forhold og innafor militær forsking. Det er eit lite land med ikkje så mange innbyggarar, men dei har eit av dei lengst komne militære systema.

Og dei moderne byane er der. Ein av dei er Bat Yam ved Middelhavet. Vi kom dit på slutten av opphaldet vårt. No var det ikkje så mykje igjen av programmet. Det skulle vere nokre dagar med avslapping, fri til å farte rundt på eiga hand, og det var strandliv. Her låg fine hotell på rekke og rad. Det var tid til roe ned og nyte sommar og sol i oktober.

Av og til kjem ein bort i ting som det tek tid å finne ut av. Hotellet vårt var av beste klasse, men den eine heisa stoppa ved kvar etasje både når den gjekk oppover, og når den gjekk nedover, sjølv om vi trykka på knappen for den etasjen vi skulle til. Det var underleg. Så forstod vi samanhengen. Vi kom til hotellet på ein laurdag, og det er sabbat. For dei mest ortodokse jødane er den dagen strengt regulert. Då skal ein ikkje gjere arbeid, og det kan vere arbeid å trykke på knappane i heisa. Derfor stoppa denne heisa ved kvar etasje for at desse jødane skulle sleppe å trykke på knappane.

Strandliv.

Ferie er for oss nordbuarar også strand, sol og varme. Det kan vere det vi mest tenkjer på når det gjeld ferie, og det var rikeleg av det i Bat Yam. Middelhavet låg der. Himmelen var blå dei dagane vi var der, og det var god sommartemperatur i lufta. Solsengene var til utleige, og då var det berre å nyte dagen. Ein liten kafé låg ved, og der kunne ein sete under tak om ein kjende behov for det.

Men også her vart vi minne om at vi var i eit spesielt land, som lever under spesielle forhold. Frå tid til anna, og ganske regelmessig, høyrde vi lyd frå helikopter. Dei flaug lavt og sakte, og dei patruljerte nordover og sørover langs kysten. Det fekk meg til å tenkje på noko ein drosjesjåfør i Tel Aviv fortalde ein dag vi reiste dit. Han køyrde ein liten omveg ned mot ei strand, og så fortalde han at her i år 2000 kom terroristar i land og drap ca. 25 ungdommar. "We want peace, but they will not", sa han noko oppgitt i stemma.

Her veit ein at folk som vil dei vondt, kan kome over grensa frå Jordan. Dei kan kome inn på strendene ved Middelhavet. Dei skyt rakettar frå Gaza mot sivile mål, og Iran og Syria saman Hizbollah i Libanon kan sette i gong eit inferno for å få gjennomslag for vilje sine. Dette ligg i folkesjela her, men det er for dramatisk til å sette mange ord på det. Alt medan vi nytte slutten av ein innhaldsrik ferie på solsengene i Bat Yam.

tilbake til Reisemål

Opphav.

Det er flott å vere til, og det er flott å høyre til ein plass. Til denne plassen høyrer det også med menneske som betyr mykje.

I dette huset er eg fødd, og her voks eg opp. Småbruket heiter Lynghol og ligg på Haramsøy nord for Ålesund. Her var det mest mor som stelte huset og dei få husdyra, og far var borte på fiske.

Mor og far hadde fått barna sine. Familien var i boks, og den skulle festast til fotopapiret. Mor nærma seg 50 år, og tida for fødslar ebba ut. Men så kom det eit Sara-opplegg. To dagar etter mor sin 50 årsdag vart eg dregen ut med tanga, 5 kg. tung. "O du for ei hegre", sa jordmora. Eg var nok ikkje planlagt. Kanskje ein liten glipp, men likevel velkomen.

Kysten på Nordvestlandet byr på variert natur og ver og vind.

Himmelen kan vere blå og sjøen ligge still, ogrste det kan vere praktfullt med ein fjelltur.

Regnet kan øse ned, vinden kan ta skikkeleg tak, og båra kan bryte mot land.

I havet er lyren og anna slags fisk,

eller ein kan få eit måltid krabbe.