Peder Tomren si webside

tilbake til Tankar om livet

Kjærleik er noko du berre kan gi.

Det er så fint å sjå når noko er i ferd med å vekse fram mellom menneske, og når det har forhold til å vekse og utvikle seg. Blikka er der, flørten med ord, kjenslene, lengselen og til tider fortvilinga og sinnet.

I dette møter vi nokre av våre grunnleggande behov. Det å bli sett. Det å bety noko for andre, og det at nokon vert begeistra for oss. Det kjennest som å vere i verdas sentrum der andre er rundt oss og ser oss.

Vi møter kjærleiken som er det største vi kan møte i livet, og som vi lengtar etter frå livet startar og til det sluttar. Vi kjenner at blodet fossar i årene, og vi kjenner gleda og forventningane som lyftar livet vårt til store høgder. Det er som å leve på ein draum, og vi ser lyst på framtida. Livet smiler til oss.

Kjærleiken kan gjere blind. Beina våre når bakken når dei sterkaste kjenslene har gitt seg, og alt er ikkje rosenraudt lenger. Vi forstår at alt det gode i livet kjem ikkje av seg sjølv. Vår eigen innsats må bidra for at det gode i livet skal nå oss. Vi skal djupare i forholdet til andre, og då må vi sjølve på bana.

Vi kan lure på om vi er på rett veg. Vi kan lure på kva dette kan koste oss, og vi kan kjenne at vi er sårbare i prosessen som skjer. Vi kan bli redde. Vi kan halde igjen, og vi kan tenkje at den andre burde kome oss meir i møte og gi oss den kjærleiken vi ventar på, og som vi kanskje tenkjer at vi fortener.

I sårbare tider i livet kan det vere godt å ha noko å skjule seg bak, eit skjold å sette framfor seg. Det kan verne oss mot farer som trugar, og som vi ikkje har lyst å møte, og så kan vi kjenne oss trygge der. Dersom begge to i eit forhold tenkjer slik, kan dei leve bak kvart sitt skjold, og dei kan vere der med kvart sitt behov for nærleik og kjærleik.

Då kan tankar dukke opp: "Den andre burde kome meg i møte. Kjærleik er noko eg burde få og kanskje krevje frå den andre. Eg kan ikkje gi det utan at eg sjølv får det først. Eg kan ikkje gi noko utan at eg er trygg på at eg får det same tilbake".

Det blir lite kjærleik når det er "eg burde få" som styrer. Kjærleik er ikkje noko ein kan krevje. Det er noko ein berre kan gi. Det blir kjærleik mellom menneske berre når dei vil stige fram frå skjolda sine for å kome den andre i møte. Kjærleiken har vekstvilkår berre når vi er villege til å bli sårbare, og når vi vil ta sjansen på å bli skuffa. Kjærleik er noko du berre kan gå andre i møte med. Du kan ikkje sete for deg sjølv og vente på at andre skal kome deg i møte med det.

tilbake til Tankar om livet

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg