Peder Tomren si webside

tilbake til Reisemål

Lanzarote 2005

Syden var noko vi lenge berre høyrde om. Det var ein fjern tanke å kanskje kome dit ein gong. Og: Kva skulle vi gjere der? Ligge på stranda i sol og varme? Det er vel meir nyttige ting å bruke tida si til. Dessutan har vi eit flott land å reise i her i nord.

Men så byrja nokre små grå celler oppe i skolten å bevege på seg. Der er kanskje plassar utanfor vår landegrense som det er verdt å besøke, og det finst kanskje andre folk enn nordmenn som det er interessant å treffe. Og ikkje minst: Det kunne vere godt å brekke opp den mørke og sure norske hausten med nokre sommardagar.

Vi gjekk til reisebyrået og spurte om råd. For oss var det aktuelt å reise i november månad, og då var det Kanariøyane som kom på bordet. Etter litt tenketid vart det ordna med pakkereise frå Saga til Lanzarote, og tida var 8. - 15. nov. 2005.

Som ein mjuk start på reisa fekk vi kome til Anna og Olav Sandanger den første natta, og neste morgon måtte vi opp grytidleg for å rekke flyet. Etter 5 1/2 time i lufta landa vi på Lanzarote, og ute av flyet vart vi møtt av blå himmel, sol som varma og 26 grader i lufta. Då var det å håpe at bussturen til Puerto del Carmen ikkje tok for lang tid, og det gjorde den heller ikkje. Byen vår Puerto del Carmen ligg ca. 20 minutt frå flyplassen. Hotellet vårt Los Cocoteros ligg ca. 50 meter frå ei stor sandstrand, og vel innstalert der var det å finne vegen dit.

Puerto del Carmen er ein liten, men koseleg by på sørkysten av Lanzarote. Der er ein del hotell i området, og ein forstår at turisme er ei viktig næringsveg her. Totalt på Lanzarote er ca. 90 % av innbyggarane engasjert i turistindustrien på ein eller annan måte.

Men Puerto del Carmen er ikkje berre hotell. Bustadhusa ligg oppover åsane, og alle husa er kvite med grøne, blå eller raude karmar. Ein ser ikkje hus som er høgare enn tre etasjar, for det er ein regel her som seier: Ingen hus over tre etasjar.

Kva kan ein foreta seg ein slik plass? Dette er ein plass å vere strandturist. Stranda er stor, og for 5 euro kan ein nyte sommaren i ei god solseng heile dagen. Sola var oppe nesten kvar dag den tida vi var der.
Av og til vart vinden litt for sterk og litt for kald. Kanskje midt i november er litt seint å reise hit. Monsunvinden kjem frå nordaust langs Afrika-kysten, og Lanzarote merkar ein del til den. Det kunne bli for kjølig når sola gjekk bak ei sky.

Båttur

Det kan vere fint med ein tur på sjøen. Vi heiv oss på ein tur med Catamaranen. Den tok turistane til ei badestrand ikkje langt frå Puerto del Carmen. Om bord i båten kunne ein nyte livet på solduken med sjøvatnet som brått spruta opp og bløytte ein i baken, eller ein kunne berre nyte den friske lufta og den varme sola. Gratis drikke og lunch høyrde også med.

Framme ved stranda vart ei renne midt i båten fira ned i sjøen, og då var det å rusje ut i. Eller ein kunne få ein tur på vannskutaren. Fruen og eg valde det siste, og det er noko vi huskar. Det gjekk så det suste bortover bårene, og ein måtte halde seg fast så godt ein kunne og hyle og skrike mellom hoppa på bårene. Vi kjende suget i magen, og moro var det.

Nasjonalparken Timanfaya

Når ein kjøper ein pakketur, får ein tilbod om å vere med på utflukter. Ei utflukt som var vel verdt å få med seg, var ein tur til nasjonalparken Timanfaya.

Lanzarote er ei karrig øy med svært lite vegetasjon. Det er fordi øya er danna av lava frå ein vulkan. Ein tur i Timanfaya gir eit godt innblikk i korleis vulkanen har forma øya, og ein ser lavaen i ulike stadier. Vi såg korleis lavaen hadde runne som ei stor elva eller som ein liten bekk, og vi såg lavaen som små vassdråpar. Vi hadde ei oppleving av å vere nær noko som var eit stort drama ein gong.

Denne nasjonalparken er så heilag for folket her at guidinga i bussen foregjekk ved hjelp av kasett og ikkje ved at guiden fortalde. Det siste var forbudt.

Steike med jordvarme

Vulkanen under Lanzarote er ikkje død, men den lever i beste velgåande. Ikkje slik at det er noko utbrudd i vår tid, men nokre plassar kan ein godt kjenne effekten av den.

På reisa vår ved Timanfaya stod vi i ein ring, og ein person kom rundt og la nokre småstein i hendene våre. Desse småsteinane låg ca. 10 cm nede i bakken, men dei var så varme, at nokon automatisk kasta dei frå seg. Det brende i hendene.

På same området var der eit 3 meter djupt hol i bakken. Ein mann la noko tørt høy ned i holet, og etter nokre få sekund stod flammen til vers. Litt lenger borte var der eit rør som gjekk 6 meter ned i bakken. Ein mann tømde vatn frå ei lita bøtte ned i røret, og plopp så skaut fontena til vers.

Denne varmen frå bakken kan ein sjølvsagt utnytte. Der var ein restaurant der all maten vart steikt på jordvarmen. Komfyren var ikkje ein firkanta ting på kjøkenet, men den var eit 4-5 meter djupt hol ned i jorda ved inngangen til restauranten. Over holet låg maten på ei rist, og på den måten steikte dei all maten sin. Nede i holet låg temperatuen på ca. 200 grader. Vi kjende også varmen i golvet når vi gjekk der.

Små vinbuskar

På vår lille rundtur på øya kom vi til ein vingard. Vintrea stod ikkje på rekke og rad slik ein ser i Frankrike eller andre plassar, men dei var små buskar som låg nede ved bakken skjult bak ein steinmur. På den måten låg buskane i le for vinden. Det utrulege er at ein slik liten busk gir ca. 50 kg vindruer i løpet eit år. Vi fekk sjølvsagt prøvesmake på den edle frukta med tanke på at folk skulle kjøpe med seg ei flaske. Det ligg alltid business bak.

For barna i reisefølget var der eit alternativ til orientering om vinproduksjonen og prøvesmakinga, og det var å kike på dyra og papegøya på garden. Det var også vaksne som valde det.

Smerten si kyrkje

Folket på Lanzarote var sjølvsagt svært avhengig av vulkanet sitt humør den gongen den var aktiv. Det er fortalt at ved eit utbrot vart det tilkalla ein mann som skulle redde landsbyen frå den brennande lavaen. Han skulle få lavaen til å stoppe, men han klarte det ikkje. Då var det ei madonna som kasta ein kross fram for den rennande lavaen, og då stoppa den. Då lovde folket i landsbyen at det skulle byggast ei kyrkje der dette skjedde som takk til madonna.

Åra gjekk. Det vart ikkje bygd noko kyrkje, og etter kvart gløymde folket alt saman. Mange år etter var ei ung jente på fjellet saman med nokre dyr. Då kom ein engel til henne og spurte korleis det gjekk med den kyrkja som skulle byggast. Jenta gjekk ned igjen i landsbyen og snakka med folket om det som engelen hadde sagt. Då var der folk som huska dette med madonna og krossen, men dei trudde ikkje noko på at jenta hadde snakka med ein engel.

Jenta var på fjellet igjen ein gong seinare saman med dyra sine, og då kom engelen tilbake. Jenta sa at folket i landsbyen ville ikkje tru på henne. Då laga engelen eit brennemerke på jenta som teikn på at det var sant, og folket trudde det når ho kom ned igjen og viste fram brennemerket. Då kom det fart i byggeprosejektet, og det vart bygd ei kyrkja som fekk namnet "Smerten si kyrkje" til minne om madonnaen som redde landsbyen frå den brennande lavaen.

Kyrkja står der i dag, og på alteret er der ei stor statue av madonnaen.

Ut og ete

Utan mat og drikke duger turisten ikkje, og føde var det greitt å få tak i. Der var fleire Spar-butikkar i området, og i leiligheta på hotellet var der eit godt utstyrt kjøken. Det var ikkje naudsynt å fylle kofferten med gryterettar før vi reiste heimafrå.

Det er ein sjarm med det å gå ut på restaurant og ete. På den måten kjem ein meir i kontakt med det innfødde, og for det aller meste er det trygt å gå ut slik. Restaurantane låg også på rekke og rad, så det var ikkje vanskeleg å finne ein plass å gå inn.

For dei som er skeptiske til ukjende serveringsplassar, var der eit godt alternativ i Puerto del Carmen. Der var ein norsk restaurant med norsk mat og norsk betjening. Vikinghuset heitte den, og den låg i hovudgata. Fruen og eg gjekk dit fleire gongar, og vi var godt nøgde med det.

Puerto den Carmen er ein fin plass å reise til for ein som vil slappe av og for det meste nyte sol og varme. Hotellet vårt hadde også god standard. Vil du sjå fleire bilete frå denne turen, kan du klikke " ... tilbake til Reisemål", velje "Fotoalbum" og der klikke på "Lanzarote 2005". Eller ein lettare måte å kome til det albumet på er å klikke her.

tilbake til Reisemål

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg