Peder Tomren si webside

tilbake til Tankar om livet

Du må leve livet sitt sjølv.

Det er du som har livet ditt, og det er berre du som kan leve det. Andre kan ikkje gjere det for deg.

Det er du som får dei gode opplevingane som kjem til deg, og det er du som kan glede deg over dei. Andre kan ikkje glede seg i staden for deg. Det er du som kjenner det når livet er godt å leve, når det er rikt og meiningsfullt, og det er du som kan gi uttrykk for det. Det er du som kjenner at det er godt å ha andre menneske rundt deg, og det er du som kan seie det til dei.

Det er du som tenker tankane dine, og det er du som må kome fram med dei. Det er du som har kjenslene dine i deg, og det er du som kan kjenne på dei. Det er du som har smerten din, og det er du som må kjenne på den. Andre kan ikkje gjere det for deg. Det er du som har tårene dine, og det er du som må gråte dei. Andre kan ikkje overta dei for deg. Det er du som har spørsmåla, og det er du som veit om frustrasjonen, sorga og sinnet. Det er du som må ta det fram dersom det skal kome til uttrykk.

Det er du som må finne deg, for ingen andre kan gjere det. Det er du som må vere den du er, for andre kan ikkje vere det for deg. Det er du som må vere ekte og sann, for elles blir du det aldri. Det er du som må kjenne etter kva som er deg, og det er du som må ta deg sjølv på alvor. Det kan ikkje andre gjere for deg.

Det er du som må stå for det som er ditt. Andre kan ikkje gjere det.

Du kan vekse og utvikle deg som menneske, og då må du stå fram og møte det som er livet ditt. Andre kan ikkje gjere det for deg.

Du må kome fram og møte livet ditt der det er, og der du møter dei ulike vêrlaga i tilværet ditt. Det kan vere stille og roleg, og det kan vere stormfullt og skræmande, men det er der du kan øve deg på å stå i det som livet er. Du treng å øve deg på å ikkje vere feig og ikkje trekke deg tilbake når det kjem noko som ser farefullt ut.

Det kan vere fristande å lene livet sitt opp mot andre menneske. Høyre på det dei seier og vere einig i det. Då kan ein sleppe å tenkje sjølv, og ein slepp å stå til ansvar for det ein meiner og seier. Men det er ikkje sikkert det er så utviklande, og det er ikkje sikkert det gir vekst i livet. Du kan gå glipp av respons frå andre som kan vere med å bygge deg opp.

Det kan opplevast trygt å stille seg bak ryggen til andre når noko farefullt kjem deg i møte, men det er ikkje sikkert du blir sterkare på den måten. Du kan gå glipp av livserfaring og innsikt som ville vere godt å ta med seg.

Det kan vere fristande å tie når andre ber fram tankane og meiningane sine, for då slepp du at nokon skulle få noko imot deg. Du unngår å få uvennar, og du unngår å møte haldningar og ord som kan såre, men du blir usynleg på den måten. Du går glipp av respekt og godkjenning frå andre for den du er og for det du står for.

Det kan vere fristande å leve livet sitt gjennom andre. Trekke seg tilbake og gjere seg anonym. La tankane sine tilpasse seg andre sine tankar og seie det ein trur andre liker at ein seier. Det kan vere fristande å ikkje stå fram som den ein er, men heller leve eit liv som handlar om å tilpasse seg vinden som bles akkurat no. Det er fristande å ikkje ta tak i ting og jobbe for å stå oppreist på eigne bein, men heller gå den lettaste vegen. Gå utanom når utfordringane kjem, og når vindkasta i livet bles sterkt imot.

Eit liv som er å støtte seg til andre kan vere sytalaust, men det kan vere risikabelt. Du kan falle når den personen flyttar på seg, som du støttar deg til.

Vi kan lett oppleve at livet vårt og velværet vårt er avhengig av andre, men vi må også kunne leve sjølve. Tilværet vårt må ha ein eigenverdi på den måten at vi kan stå oppreist og vere velfungerande også når vi er åleine. Vi treng å vere så trygge i oss sjølve at vi kan leve godt på eiga hand.

Vi må kunne stå oppreist på eigne bein, men vi treng andre menneske som vi kan gjere det saman med. Ikkje på den måten at dei må vere der for at livet vårt skal fungere, men vi treng fellesskapet med dei, og vi treng dei resursane som desse menneska gir oss. Vi treng styrke i oss sjølv, saman med andre.

tilbake til Tankar om livet

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg