Peder Tomren si webside

tilbake til Reisemål

Sølvbryllaup i London

Der er milepælar i livet som må markerast. Det kan vere ein ny baby som kjem til verda, og folk møter i kyrkja i bunad og anna finstas for å få den lille døypt. Det kan vere dei håpefulle som skal konfirmerast eller giftast bort, og det må ein feire. I det siste tilfellet kan det vere nær på at ekteskapet rundar 25 år, og det må ein gjere noko med. Ikkje for å få det til å gå i revers, men for å lyfte glaset fordi ein har halde ut med kvarandre så lenge.

Solfrid og eg passerte ein slik milepæl i 2004. I desember 25 år tidlegare stod vi brud og brudgom, men vi klarte ikkje å vente med å feire. I mai dette året la vi ut på tur til London der ingen kjende oss, og i denne byen kan ein ikkje rekne med å rekke over alt. Det er ein by det er flust opp av ting å stikke inn om, og vi rakk berre litt på ein utvida helgatur.

Langs Themsen

Themsen er kjend vide om. Elva som renn gjennom London. Eg har nok sett reinare vatn langs norskekysten, for det er ikkje mange centimeter ein kan sjå ned i vatnet. Det var visst verre før seiast det. No har livet i elva byrja å kome tilbake, men det er ingen innlysande påstand når ein ser brunfargen i vatnet. Men der er mykje å sjå på langs elva. Ein kan ta ein tur med cruisebåt på dagtid eller om kvelden med servering, og det kan vere ei minnerik oppleving.
Då vil ein passere House of Parlament med Big Ben som legg heilt ned mot Themsen. England sitt "Storting" med Underhus og Overhus der folket sine valde representantar røyser seg under ordskiftet og applauderer eller ytrar misstemning. Det er eit skue som kan vere moro å iaktta. Dette er forresten eit imponerande byggverk.

Langs Themsen ligg også Tower of London. Ei gamal festining som vart bygd for å sikre kontrollen over Themsen, og som seinare vart brukt som kongeleg bustad og til fengsel. Det var ingen spøk å vere fange der. Det var inga kjære mor frå dei som tok fatt i ein, og mange enda sine dagar bak desse murane. I dag kan ein gå rundt festninga, og då forstår ein at her var det ikkje lett å flykte.
Eller ein kan gå inn i festninga og kikke mot å betale inngangspengar, og der er også guida omvisning. Det er ei tøff lekse i bli guide her. Ein må kunne alt utanatt, og det skal ikkje mange glippa til før ein må takke for seg. Guidane har stilige uniformar som skal vere tipp topp. Her inne er også dei engelske kronjuvelane godt vakta på. Tower of London er ein plass det er verdt å besøke dersom ein er interessert i det historiske.

Eit av London sine mest kjende landemerke er The Tower Bridge. Ei gamal steinbru med lift når litt store båtar skal passere. Denne brua har to tårn som ein kan gå opp i, og mellom tårna er der ein gangbru. Etter det eg huskar må ein betale litt for å kome opp dit, men då får ein informasjon om tårna, og ein har ein flott utsikt over byen og elva.
Fruen og eg rakk ikkje å besøke tårna, men noko har hviska meg i øyrene at der er nokre ramnar der oppe. Desse ramnane blir godt mata og godt passa på, for London blir ikkje innteken av fiendar så lenge dei lever i tårna. Vi var som sagt ikkje i tårna og fekk sjekke dette, men England har ikkje vore okkupert av fiendar sidan romartida. Kanskje det har noko å gjere med ramnane i The Tower Bridge.

Buckingham Palace

London er eit oppkome av ting å sjå og å vere med på. Ein må velje ut kva ein vil bruke tida på. Ein ting som er verdt å svinge inn om, er Buckingham Palace, dronninga sitt slott midt i byen. Her er det stadig folk som ruslar rundt, og det samlast spesielt mange når garden har vaktskifte. Det skiftet foregår rundt kl. 12 om dagen, og det skjer etter eit bestemt mønster. Mange ting i England skjer etter gamle møster. Biltrafikken stoppar opp, og garden kjem i dei kjende uniformane sine og dei store hattane som må vere utruleg varme når sola steikjer om sommaren. Så skjer vaktskiftet innafor det store gjerdet slik det har foregått i lang tid bakover.
Buckingham Palace ligg midt i byen, men likevel er der eit flott parkanlegg rundt med plenar, blomsterbed, tre og damanlegg. London er forresten kjend for parkanlegga sine, til dømes Hyde Park. Dei er som oasar i byenes stress og kav der ein kan slenge seg ned og nyte livets fred og ro for ei takket stund.

På marked.

Eg synest det kan vere moro å rusle rundt og kike på det som er, men der er vi ulike. London har mange gatekryss og bygningar som er verdt eit besøk. Det kan vere Piccadilly Circus, Saint Martin in the Fields, Trafalgar Square, Royal Albert Hall og St. Paul Cathedral, og så er ein plutseleg på eit marked. Der kan det vere utallige salsboder der ein får kjøpt nyttige eller unyttige ting, eller der kan vere folk som ropar på merksemd ved hjelp av song og musikk eller akrobatiske opptrinn. Vi snubla over noko som likna på statuer, men så skifta desse statuene stadig fasong. Ved nærare ettersyn var det levande folk som hadde dekka seg til frå topp til tå for å forestille eit eller anna. Det var sjølvsagt for å få ein mynt i hatten, og når dei fekk det, var det å takke ved å endre formasjonen. Eit moro innslag i gatebiletet. På markeda møter ein noko av folkelivet.

Møte med kjendisane

Hadde det vore moro å treffe paven eller vinnar av Nobels fredspris Desmond Tutu? Eller kanskje det hadde vore meir spennande å prate med Albert Einstein eller Chaplin. For ikkje å snakke om å få opptre saman med Tom Jones eller sjølvaste Elvis. I London går det meste an, også desse tinga. Ein møter opp ved Madame Tussaud, og der treff ein heile gjengen. I seinare tid har det visst kome fleire celebre gjestar som president George Buch og David Beckham.
Etter vår inngang i dette underlege huset fekk eg beskjed frå Solfrid om å flytte meg, for eg stod i vegen for ei som skulle fotografere. Det viste seg imidlertid at fotografen var ein livlaus voksfigur som likna svært masse på ein levande person. Og det seier noko om Madame Tussaud. Det var ingen problem å sjå kven voksfigurane skulle forestille. Det var moro å gå rundt å helse på dei, men det var desverre ikkje så mange svar å få.

Forarbeidet

Skal ein få godt utbytte av ein tur til f.eks. til London, må ein gjere eit godt forarbeid. Ein bør tenke gjennom kva ein vil med ein slik tur, og ein bør ha ein plan for å kome gjennom det ein ønsker å kome gjennom. Eit godt kart er eit godt hjelpemiddel, men eit kart kan lyge. Avstandane kan vere lenger enn dei ser ut som på papiret. Det er sunt å gå ein del, men for oss vart det meir gåing i London enn det som lurt var. Ein lur ting er å kjøpe ein bilett som ein kan bruke heile tida ein er der, og som kan brukast både på bussane og på undergrunnen. Då er det berre å hoppe på bussen eller undergrunnen etter som det passar. Gatene i sentrum av London kan til tider virke overfyllte av dobbeltdekarar. Dette reisekortet heiter Visit Travelcard, og ein bør kjøpe det før ein reiser frå fedrelandet. Ei nyttig adresse er www.visitbritain.com. Der er masse informasjon, og ein kan bestille ting ein treng til turen.

Vil du sjå fleire bilete frå London, kan du klikke her. Du finn dei same bileta på sida Fotoalbum.

tilbake til Reisemål

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg