Peder Tomren si webside
Dei som høyrer til.

Livet gir dei gode tinga, og det gir det som er vanskeleg. Ei av dei største gåvene er dei som kjem etter deg. Eg er så heldg å få oppleve barn og barnebarn som gjer livet rikt. Det er ein verdi som er der. Vesle Josefine får vere frontfiguren for oss andre.
Nedanfor avslører vi litt om:

  • Personalia
  • Yrke og Arbeid
  • Interesser
  • Meny:

    Framside Om meg og mine Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt meg Gjestebok

    Lenker:

    Blogg

    Om meg og mine.

    Peder

    Her er han far, Peder, velstelt og pynta. Han er fødd på Haramsøy ved Ålesund 1. desember 1952, og han voks opp med ein eldre bror og tre eldre søstre som ville oppdra han på kvar sin måte. Lukka var at attpåklatten kom vel ifrå det.

    Han har gått eitt år på folkehøgskule. Han gjekk realskulen, det som no er ungdomskule. Han har gymnaset, det som no er vidaregåande. Etter eit år i militære vart det Oslo og teologistudie, og det tok ca. 7 år. Han har med andre ord ein del år på skulebenken. Det er nokon som treng det meir enn andre.

    Yrkeskarriere:

    Han har jobba eit år på møbelfabrikk, og etter det gjorde han ikkje så mykje nytte for seg på det praktisk området. Etter studiene i Oslo vart det Sogndal med utsikt mot Fosshaugane og arbeid som sekretær i Det norske misjonsselskap. Den etappa varte frå 1983 til 1989. Så starta preste-karrieren. Det vart først 6 år som prest i Sogn, og i 1995 gjekk turen til Skien i Telemark. Peder vart kapellan i Solum prestegjeld. Våren 2007 vart stillinga gjort om til å vere sokneprest i Skien med teneste i Solum. Det er ikkje verst å bli forfremma utan å gjere noko for det sjølv. Han slutta som prest i Skien i august 2007, og han er no sokneprest i Vatne sokn og i Hamsund sokn på Sunnmøre.

    Sirkelen er på ein måte slutta. Han er tilbake i heimekommunen sin, startpunktet. Det kan vere godt å ikkje vere prest på heimplassen sin, men det er godt å kunne språket og kjenne kulturen. Folk veit kva det er å vere låk i majin.

    Arbeidet består mellom anna i formidling, samtale, bruke øyrene sine, vere nær og gå eit stykke av livsvegen saman med nokon. Det er godt når ein opplever at ein får bruke seg, og når ein får bety noko for nokon.

    Interesser:

    Peder er fødd med ein liten ingeniør i magen. Han skulle ikkje bli prest. Målet var lenge å kome til Trondheim og lære å konstruere skip, men den gong ei. Den lille ingeniøren kjem mellom anna til uttrykk gjennom sysling med data.

    Som mange andre gutar vart det mykje fotballsparking i oppveksten. Han nådde ikkje så langt. Det stoppa med B - laget på Haramsøya, men sportsinteressa har alltid vore der. Frå ca. 1970 har favorittlaget vore Leeds United, og det vil det alltid vere i gode og vonde dagar.

    I ungdommen kjøpte han seg eit Pentax fotokamera, og etter det har interessa for foto og film følgt han. Fotoapparatet er som regel med på fjellet og på sjøen.
    Det gir mykje å bruke naturen, og så har reiselysta skote fart. Hive seg på vingane og oppleve nye plassar, treffe nye folk og lære å kjenne nye kulturar. Livet må levast så lenge ein kan. Dei siste åra har også interessa for slekta meldt seg.

    Silje Beate

    Silje Beate kom til verda på Lærdal Sjukehus 13. oktober 1983, og ho voks opp i Sogndal. Ho fekk ein dialekt stakkar som var ei blanding av sunnmørsk, sørlandsk og sogning, og det vart ikkje betre når ho kom til Grenland 12 år gamal.

    Utdanning og arbeid.

    Ho har gått på ungdomskule og vidaregåande i Skien. Ho hadde eit år på Hedemarktoppen Folkehøgskule på Hamar, og ho utdanna seg til barnevernspedagog på høgskulen i Porsgrunn. Ho har arbeidd på ein fabrikk som laga kaker, og ho har prøvd seg som lærar. Då lærte ho at ho skulle ikkje bli lærar. Ho arbeider no som barneverspedagog i Porsgrunn kommune.

    Giftarmål:

    Siste helga i juni 2005 gifta ho seg med sin kjære David frå Skien, og dei har slått seg til der. David er frå den byen, og han har 3 søsken. Han er ein kjekk kar, og han er ein praktikar. I arbeidet sitt køyrer han stor bil.

    Interesser:

    Silje Beate har påstått at ho liker å stelle i hagen, men det er det ingen som trur på. Ho blir heller ikkje setande så lenge når ho set seg ned med ei bok, men ho kan bli verande der ei stund når ho set seg med pc-en. Ho er sosial, og ho trivast saman med folk i alle aldrer. Ho er flink til mange ting, og ho har eit varmt hjarte.

    David

    David er fødd 29. januar 1987 i Sao Paulo i Brasil, og han levde sine første 3 1/2 år på ein barneheim i byen. Han kom dit som nyfødd, og han kom til oss Olsok 1990. Han har hatt sine skuledagar i Sogndal, på Skotfoss og i Skien. Han har arbeidd i barnehage på Skotfoss og i Porsgrunn.

    Interesser:

    David har god teknisk innsikt. Han er flink til å finne ut av ting. Tidlegare var nok evna til å skru ting frå kvarandre større enn evna til å sette det saman igjen. Han har hatt nokre radioar og liknande som ikkje levde så lenge. Han har vore ein resar på sykkel, og ein gong gjekk det hardt utover ein stolpe ved butikken på Skotfoss. Elles trivast han ved TV-en eller framfor laptoppen.

    Josefine

    Dette er gullet vårt. Kom til verda i Skien 3. okt. 2010 som verdas flottaste unge. Ho har blåe auge som ser rett gjennom deg, og ho har eit smil som kan få knea til å skjelve. Ho er lun og tillitsfull. Kort sagt: Der er mange ting eg kjenner igjen.

    På tross av sin unge alder har ho byrja å utforske verda. Ho var i Athen i oktober 2011 der ho mellom anna besøkte Akropolis, og ho sjarmerte butikkdamene i gamlebyen i Athen. Dei kom ut den eine etter den andre for å få eit glimt. "Blue eyes, blue eyes", sa dei og smilte frå øyre til øyre. Elles liker ho seg best saman med mamman og pappan sin.

    Opphav.

    Det er flott å vere til, og det er flott å høyre til ein plass. Til denne plassen høyrer det også med menneske som betyr mykje.

    I dette huset er eg fødd, og her voks eg opp. Småbruket heiter Lynghol og ligg på Haramsøy nord for Ålesund. Her var det mest mor som stelte huset og dei få husdyra, og far var borte på fiske.

    Mor og far hadde fått barna sine. Familien var i boks, og den skulle festast til fotopapiret. Mor nærma seg 50 år, og tida for fødslar ebba ut. Men så kom det eit Sara-opplegg. To dagar etter mor sin 50 årsdag vart eg dregen ut med tanga, 5 kg. tung. "O du for ei hegre", sa jordmora. Eg var nok ikkje planlagt. Kanskje ein liten glipp, men likevel velkomen.

    Kysten på Nordvestlandet byr på variert natur og ver og vind.

    Himmelen kan vere blå og sjøen ligge still, og det kan vere praktfullt med ein fjelltur.

    Regnet kan øse ned, vinden kan ta skikkeleg tak, og båra kan bryte mot land.

    I havet er lyren og anna slags fisk,

    eller ein kan få eit måltid krabbe.