Peder Tomren si webside
Når du er på reise:

Ta med så mange som råd

Bruk den farkosten som er tilgjengeleg

Utnytt plassen mest mogleg

Ta med så lite bagasje som råd

Meny:

Framside Om meg og mine Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg

Reisemål.

Eg har lenge hatt begge beine trygt planta på jorda. Ei ekkel oppleving gjorde det vanskeleg å gå opp i ein slik ting som flyg oppe i lufta.

Frå 2002 til 2004 var eg med på eit etterutdanningskurs, og i det låg ein tur til England. Eg hadde ein plan om å reise med buss, ferje, tog, buss o.s.b., men på ein eller annan måte kom eg på lista over dei som skulle reise frå Gardermoen. Ja vel, kva gjer ein då?

Det kom ei underleg ro for at det skulle vere slik, men eg nærma meg flyet med bankande hjarte, skjelvande kne, klamm i handa og med noko som roa ned i magen. Å duss, så var vi oppe i lufta. Eg levde og var med mine fulle fem. Gledestårene rann, for no var ein uoverkommeleg barriere broten. Kanskje der hadde vore ein Fingar frå oven med i dette.

York, England 2000.

På lenkene nedanfor skriv vi litt om dei plassane vi har vore, og den første er frå den tida flyskrekken framleis rei han far. Vi var i York i England, og turen gjekk med bil og ferje. York har ei historie som er dobbelt så gamal som vår norske historie, og dette møter ein på mange måtar når ein vandrar rundt i byen. Gatene er smale, og husveggane kan vere skeive.

Det var også til dette området mange skandivaniske vikingar reiste. Derfor ser ein gatenamn som minner om dei nordiske språka. Du kan lese om denne turen ved å klikke på York, England.

York, England

London 2004.

I mai 2004 let mor og far barna og katten vere igjen i gamlelandet, og så sette dei kursen mot London. Det var eit sølvbryllaup som skulle feirast på forskudd, og så var det godt å lufte vingane litt.

London er ein storby som det er vanskeleg å bli ferdig med, dersom ein i det heile blir ferdig med den. Byen er full av praktfulle ting å sjå på, og ein kan velje mellom mange konsertar, teateroppsetningar og musikalar. På lenka London 2004 fortel vi om dei plassane vi besøkte der borte.

London 2004

Lanzarote 2005.

"Seint, men godt" er det noko som heiter. Vår første sydentur kom i godt vaksen alder, og den gjekk til Lanzarote på Kanariøyene. Vi tenkte vi måtte reise eit stykke når vi først skulle. Der var folk som hadde vore der over 20 gongar, og då fann vi det rett å ikkje seie så mykje.

På Lanzarote opplevde vi strandliv i sol og varme, men til tider kunne vinden vere sterk og litt kald. Vi var med på båttur. Øya er ei vulkanøy, og der er ein imponerande nasjonalpark i vulkanlandskap. Der er vinproduksjon, og der er uteliv. Vi hadde ikkje som mål å få med oss alt, men det vart litt. Du kan lese meir ved å klikke på lenka Lanzarote 2005.

Lanzarote 2005

Gran Canaria 2006.

Så fekk vi smaken på å reise langt sørover. Pakke kufferten og forlate norsk haust med mørke, kulde og surt ver. Tru for ei veke at ein er tilbake til sommaren, for no er det varmt, og det er mykje varmare i sjøen enn ein er vande med heime.

Gran Canaria er sommar og sol, og det er turisme, hotell og folk som vil selge ting til deg. Det er strandliv og avslappa liv, men det er også variasjon i klima og vegetasjon, og der er fjell ein kan gå flotte turar i. Du kan lese meir ved å klikke på lenka Gran Canaria 2006.

Gran Canaria 2006

Øya Iona langt mot vest.

Utafor alfarveg. Utafor sivilasjonen, vil vi seie i dag. Ut mot havet på vestkysten av Skotland. Der ligg ei lita øya med vel 100 fastbuande. Det kunne vere kva som helst øy der folk kjempa for eksistensen sin utan at andre visste om det. Men slik er det ikkje i dette tilfelle.

Hit har mange kongar søkt, og her er ein del av dei gravlagd. Dette har vore eit åndeleg senter for mange i heile Europa, og folketalet på øya aukar sterkt mange gongar i løpet av eit år. Mange kjem for å finne stilla, vandre og for å vere med i eit rikt gudstenesteliv. Du kan lese meir ved å klikke på lenka Iona 2008.

Iona 2008

Israel - masse på ein plass.

Mykje av religiøs tru i verda har røter her. Engasjementet på begge sider av gjerdet er stort, og det skal lite til før elden blussar opp. Mange lyftar på augebryna når ting røyver på seg i dette området. Det er som å vere i verda sitt sentrum, og det kjennest som om dette landet er kloden sitt termometer.

Det er eit spesielt land å vere i. Ein trakkar på plassar som har ei lang historie, og ein møter ting som når inn forbi huda. Ein kjem nær folk som kjempar for framtida si, og ein kjenner spenninga i lufta. På same tid finn ein svært verdifulle ting her. Du kan lese meir ved å klikke på lenka Israel 2008.

Israel 2008

Opphav.

Det er flott å vere til, og det er flott å høyre til ein plass. Til denne plassen høyrer det også med menneske som betyr mykje.

I dette huset er eg fødd, og her voks eg opp. Småbruket heiter Lynghol og ligg på Haramsøy nord for Ålesund. Her var det mest mor som stelte huset og dei få husdyra, og far var borte på fiske.

Mor og far hadde fått barna sine. Familien var i boks, og den skulle festast til fotopapiret. Mor nærma seg 50 år, og tida for fødslar ebba ut. Men så kom det eit Sara-opplegg. To dagar etter mor sin 50 årsdag vart eg dregen ut med tanga, 5 kg. tung. "O du for ei hegre", sa jordmora. Eg var nok ikkje planlagt. Kanskje ein liten glipp, men likevel velkomen.

Kysten på Nordvestlandet byr på variert natur og ver og vind.

Himmelen kan vere blå og sjøen ligge still, og det kan vere praktfullt med ein fjelltur.

Regnet kan øse ned, vinden kan ta skikkeleg tak, og båra kan bryte mot land.

I havet er lyren og anna slags fisk,

eller ein kan få eit måltid krabbe.