Peder Tomren si webside
Borghild og Vilhelm Tomren

Dette er opphavet mitt. Begge to er fødd og oppvaksen på Ulla på Haramsøy. Mor Borghild ute i "garden" som dei sa og far Vilhelm i "hammern". Ein reiste ikkje så langt den tida for å finne seg make.

Foreldra til mor gjekk også berre til naboen, men far sine foreldre kom "langvegs frå". Dei kom frå Lepsøya og frå Tomrefjord, og så møttast dei på Ulla.

Meny:

Framside Om meg og mine Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg

Slekt.

Åra rullar vidare, og ein får henge med så godt ein kan. Håra på toppen er gråare no enn dei var før, men det er godt så lenge der er hår. Til eldre ein blir, til meir snur ein blikket bakover og mimrar over barndom og oppvekst. "Dei gamle blir som barn igjen", blir det sagt.

Det kan vere dette som kjem til uttrykk gjennom slektsarbeidet. Ein snur blikket bakover for å finne kvar ein kjem i frå, og korleis dei var dei som er opphavet.

Borghild.

Eg har prøvd å samle noko av det som er mitt opphav. Mor var frå Negard på Ulla. Der var også mormor mi frå, og morfar var frå nabogarden Larsgard. Går ein lenger bak i tida, finn ein trådar mellom anna til Haram, Åkre, Myskja, Flem, Longva, Rogne, Kjerstad, Lausund, Farstad, Seth, Fjørtoft, Uksnøy og til fastlandet i det som no er Haram kommune. Ikkje alt dette kjem fram i det eg har lagt ved her, men eg har det i eit slektsprogram.

Dette biletet av Negard er teke av Knut Halvard Ulla.

Du finn det eg har om mor sine slektsledd bakover ved å klikke på lenka Forfedre til Borghild Hansdtr. Ulla nedanfor.

Forfedre til Borghild Hansdtr. Ulla

Vilhelm.

Far var fødd og oppvaksen i Tomren-huset i Ullahammaren, men foreldra hans var tilreisande. Farfar min, Andreas, voks opp på ein husmansplass i Tomrefjord, og han kom til Ulla for å drive fiske og snekkararbeid. Farmor mi, Helena, var frå Ivargarden i Hellevika på Lepsøy, og ho kom til onkelen sin, Hellevik-Petter, som budde på Ulla. Han arbeidde med fisk, og Helena skulle vere der og hjelpe til. Andreas og Helena "fann" då kvarandre, og med tida vart det ei stor etterslekt etter desse.

Eg har delt opp far si slekt i to sider. Den eine handlar om slekta hans frå Hellevika på Lepsøya. Her går trådane mellom anna til Engesetdalen og til Oppstryn i Nordfjord. På denne sida skriv eg også om far sine søsken.

Du finn det eg har om far sin slekt frå Hellevika ved å klikke på lenka Forfedre til Velhelm A. Tomren - Hellevika nedanfor.

Forfedre til Velhelm A. Tomren - Hellevika

Den andre sida handlar om far si slekt frå Tomrefjord. Her skriv eg om slekta hans frå Aretgarden i Store Tomren, og der er trådar mellom anna til Løvoll og Selnes. Der er også ein del halvt slektsforhold, og eg tek med noko om det. Eg har litt om garden Store Tomren si historie og litt om sæterdrifta på garden.

Det eg har om far si slekt frå Tomrefjord, ligg på fila Forfedre til Velhelm A. Tomren - Tomrefjordka nedanfor.

Forfedre til Velhelm A. Tomren - Tomrefjord

Eg er takksam dersom du kan kome med utfyllande stoff om mor og/eller far sine slektsledd. Då vil eg gjerne høyre frå deg.
Ta gjerne også kontakt dersom det er noko her som gjer deg nysgjerrig, og som du treng meir informasjon om. Eg skal love å svare så godt eg kan.

Opphav.

Det er flott å vere til, og det er flott å høyre til ein plass. Til denne plassen høyrer det også med menneske som betyr mykje.

I dette huset er eg fødd, og her voks eg opp. Småbruket heiter Lynghol og ligg på Haramsøy nord for Ålesund. Her var det mest mor som stelte huset og dei få husdyra, og far var borte på fiske.

Mor og far hadde fått barna sine. Familien var i boks, og den skulle festast til fotopapiret. Mor nærma seg 50 år, og tida for fødslar ebba ut. Men så kom det eit Sara-opplegg. To dagar etter mor sin 50 årsdag vart eg dregen ut med tanga, 5 kg. tung. "O du for ei hegre", sa jordmora. Eg var nok ikkje planlagt. Kanskje ein liten glipp, men likevel velkomen.

Kysten på Nordvestlandet byr på variert natur og ver og vind.

Himmelen kan vere blå og sjøen ligge still, og det kan vere praktfullt med ein fjelltur.

Regnet kan øse ned, vinden kan ta skikkeleg tak, og båra kan bryte mot land.

I havet er lyren og anna slags fisk,

eller ein kan få eit måltid krabbe.