Peder Tomren si webside
Smått og stort.

Så kjekt det kan vere å ta ein titt, for der kan vere noko spennande der borte.

Det kan også vere moro at noko vil kikke i det ein har laga til.

Så langt er der litt om islam.

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg

Islam.

Ein høyrer så mangt via TV og radio, og ein les så mangt i avisene og på nettet. Det kjem til oss ting som vi ikkje trudde gjekk an, og så viser det seg at dette er knytta til ein religion. Dei aller fleste menneske på denne jord fekk med seg terrorhandlinga i New York 11. september 2001, og så blir religionen islam trekkt inn i dette. Ikkje alle muslimar er terroristar, men dei fleste terroristar er muslimar. Korleis heng dette saman? Eg har jobba med spørsmålet, og du kan lese resultatet ved å klikke på lenka "Islam - religion og politisk system" nedanfor.

Det er ikkje mitt mål å spre negative haldningar til muslimar. Dei er like verdifulle som alle andre, men eg foretek ei kritisk analyse av religionen islam slik vi møter den i Koranen. Eg kjem også inn på kvinnesyn i islam og islam sitt forhold til jødane. Eg berører også menneskerettar og religionsfridom.

Islam - religion og politisk system

Opphav.

Det er flott å vere til, og det er flott å høyre til ein plass. Til denne plassen høyrer det også med menneske som betyr mykje.

I dette huset er eg fødd, og her voks eg opp. Småbruket heiter Lynghol og ligg på Haramsøy nord for Ålesund. Her var det mest mor som stelte huset og dei få husdyra, og far var borte på fiske.

Mor og far hadde fått barna sine. Familien var i boks, og den skulle festast til fotopapiret. Mor nærma seg 50 år, og tida for fødslar ebba ut. Men så kom det eit Sara-opplegg. To dagar etter mor sin 50 årsdag vart eg dregen ut med tanga, 5 kg. tung. "O du for ei hegre", sa jordmora. Eg var nok ikkje planlagt. Kanskje ein liten glipp, men likevel velkomen.

Kysten på Nordvestlandet byr på variert natur og ver og vind.

Himmelen kan vere blå og sjøen ligge still, og det kan vere praktfullt med ein fjelltur.

Regnet kan øse ned, vinden kan ta skikkeleg tak, og båra kan bryte mot land.

I havet er lyren og anna slags fisk,

eller ein kan få eit måltid krabbe.