Peder Tomren si webside
Tankar om livet

Eg har nokre små grå

Det er uvisst kor godt dei fungerer

Av og til slår dei til, og det dett ned nokre tankar

Nedanfor er samla eit knippe, men dei tek ikkje så mykje plass

Meny:

Framside Om meg og mine Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg

Livet er ei så flott gåve. Du ber så mange ressursar i deg som kan berike både deg sjølv og andre. Men dette livet kan levast ut, eller det kan haldast nede. Ein del av livsinnhaldet vårt er vi sjølve årsak til. Ein del har vi overteke frå andre, men det er vi sjølve som må leve det.

Du må leve livet ditt sjølv

Vi har behovet i oss frå vi kjem inn i denne verda, og det er der til vi trekker det siste åndedraget. Vi lengtar etter det. Vi drøymer om det, og vi ventar på at nokon skal kome oss i møte og gi oss det i rikt monn. Men det er noko du ikkje kan sete og vente på. Det er noko du berre kan gi: Kjærleiken.

Kjærleik er noko du berre kan gi

Vi er sosiale vesen. Vi treng nokon som er der for oss. Vi ber i oss behovet for fellesskap og tryggleik. Vi kjenner frykta for å bli åleine i livet. Men dette er ikkje alltid lett å takle. Våre behov for andre kan støyte dei bort. Vi vinn dei ved å gi dei frå oss.

Du vinn andre ved å gi dei frå deg

Opphav.

Det er flott å vere til, og det er flott å høyre til ein plass. Til denne plassen høyrer det også med menneske som betyr mykje.

I dette huset er eg fødd, og her voks eg opp. Småbruket heiter Lynghol og ligg på Haramsøy nord for Ålesund. Her var det mest mor som stelte huset og dei få husdyra, og far var borte på fiske.

Mor og far hadde fått barna sine. Familien var i boks, og den skulle festast til fotopapiret. Mor nærma seg 50 år, og tida for fødslar ebba ut. Men så kom det eit Sara-opplegg. To dagar etter mor sin 50 årsdag vart eg dregen ut med tanga, 5 kg. tung. "O du for ei hegre", sa jordmora. Eg var nok ikkje planlagt. Kanskje ein liten glipp, men likevel velkomen.

Kysten på Nordvestlandet byr på variert natur og ver og vind.

Himmelen kan vere blå og sjøen ligge still, og det kan vere praktfullt med ein fjelltur.

Regnet kan øse ned, vinden kan ta skikkeleg tak, og båra kan bryte mot land.

I havet er lyren og anna slags fisk,

eller ein kan få eit måltid krabbe.