Peder Tomren si webside
Utflukter:

Kome seg ut på tur. Aldri vere sur. Sjå på alle problem som ei utfordring.

Bere tungt i motbakken. Kjenne at kroppen fungerer. Vere nær naturen.

Kome seg bort frå det vante. Fellesskap. Samle vitamin for kropp, sinn og sjel.

Meny:

Framside Om meg og mine Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg

Utflukter.

Skitur til Skjerdingen og Frostadtinden 2008.

Eg flytta til Sunnmøre i førstninga av mars 2008, og for ein start det vart. Den eine soldagen etter den andre rann opp. Dette måtte ein gjere seg nytte av. Ein tur gjekk til den høgste toppen i Haram kommune, Blåskjerdingen, 1060 m.o.h. Ein annan tur var til Frostadtinden som er vel 800 m.o.h. Mine gode vennar Reidun og Per Arne Sæter var med på begge desse turane.

Det er eit eldorado å vere i dette vinterlandskapet. Vil du sjå bilete frå desse turane, klikkar du på denne lenka: Skitur Skjerdingen og Frostadtinden april 2008

Rose-kyrkja i Stordal.

Slektsarbeid kan føre med seg ulike ting. Det kan t.d. gi deg ei slektsforeining i fanget, og ei slik foreining finst i Møre og Romsdal. 14. juni 2008 arrangerte ho tur til Stordal, og eit stopp der var den kjende Rose-kyrkja.

Kyrkja er måla i 1799 av Andreas Reinholt og Vebjørn Halling og "bekostet av den storædige Stordals almue den suma 50 daler". Veggar, tak, søyler og preikestol er dekorert på ulike måtar. Eit interessant besøk, og bilete frå kyrkja finn du på denne lenka: Rose-kyrkja i Stordal

Ytste-Skotet ved Storfjorden.

På sørsida av Stofjorden ligg Ytste-Skotet. Det har vore ein sjølvbergingsgard frå vikingtida, og dei siste brukarane der flytta i 1954. No er det Storfjordens Venner som eig plassen. Garden er utan veg og straum.

Garden er ei perle med historisk sus over seg. Ein kan overnatte i stabbur eller i løe, og ein får mat laga på vedkomfyren. Ein kan også bruke plassen som utgangspunkt for fjellturar. Bilete frå turen er på lenka: Ytste-Skotet ved Storfjorden

Det blanke stille havet.

Dei finst, men det er ikkje så mange av dei. Dagar då havet ligg blanke stille. Himmelen er blå. Termometeret viser 27 grader, og du håper det kjem ein vindpust snart som kan svale deg ned. Og dette er til og med på kysten ved det opne havet.

Vi hadde ein slik dag på Harøya sommaren 2008. Sjøen var som stovegolvet. Ikkje ein vindpust, flott natur med blomsterenger og middag på kaikanten. Bilete frå denne dagen finn du på denne lenka: Det blanke stille havet

Runde - Fuglefjell - Lundefuglar.

Eg hadde drøymt om det ei tid: Ta sykkelen fatt og sykle til Runde. I mai 2009 la det seg til rette for ein slik tur. Veret var heilt topp, og det vart ei flott oppleving.

Her er fuglar i tusenvis - m.a. krykkjer, alker, ørn, toppskarv, havsule og lundefuglar. Eg kom så nær lundefuglane at eg kunne ta på dei. Bilete frå øya Runde finn du på denne lenka: Runde - Fuglefjell, og bilete av lundefuglane på øya finn du på lenka Lundefuglar.

Til fjells vinteren 2010.

Vinteren 2010 var kald og lang, og det gav høve til mange flotte opplevingar. Rundt Svartløken ved Tomrefjord låg snøen tjukk på trea medan sola titta så vidt fram og gradestokken nærma seg minus 20 grader. Når sola på himmelen og gradestokken steig, vart det turar på Ørskogfjellet og Overøya i Stordal, og eit mål for vinteren vart nådd då eg stod på toppen av Høgsvora ved Vaksvika og Ystetinden ved Vestnes. Ei stor oppleving var også skitur i kvit snø, klar himmel og fullmåne ved midnatt. Bilete frå dette pluss litt meir finn du på lenka: Til fjells vinteren 2010

Opphav.

Det er flott å vere til, og det er flott å høyre til ein plass. Til denne plassen høyrer det også med menneske som betyr mykje.

I dette huset er eg fødd, og her voks eg opp. Småbruket heiter Lynghol og ligg på Haramsøy nord for Ålesund. Her var det mest mor som stelte huset og dei få husdyra, og far var borte på fiske.

Mor og far hadde fått barna sine. Familien var i boks, og den skulle festast til fotopapiret. Mor nærma seg 50 år, og tida for fødslar ebba ut. Men så kom det eit Sara-opplegg. To dagar etter mor sin 50 årsdag vart eg dregen ut med tanga, 5 kg. tung. "O du for ei hegre", sa jordmora. Eg var nok ikkje planlagt. Kanskje ein liten glipp, men likevel velkomen.

Kysten på Nordvestlandet byr på varenka nedanfor.iert natur og ver og vind.

Himmelen kan vere blå og sjøen ligge still, og det kan vere praktfullt med ein fjelltur.

Regnet kan øse ned, vinden kan ta skikkeleg tak, og båra kan bryte mot land.

I havet er lyren og anna slags fisk,

eller ein kan få eit måltid krabbe.