Peder Tomren si webside

tilbake til Tankar om livet

Du vinn andre ved å gi dei frå deg.

Det kan vere lett for oss menneske å binde andre til oss. Det kan kjennast trygt, for då trur vi at vi har dei. Dei er i våre hender, og det er vi som har kontrollen over dei. Då held vi på avstand frykta for å kjenne oss åleine i livet, den gnagande einsemda.

Denne bindinga kan skje på mange måtar. Den kan uttalast direkte sjølv om det er sjeldan. Det kan seiast ting som skaper dårleg samvet hos dei andre, og det kan vere tonefallet ein bruker. Det kan også vere ting som ikkje vert sagt. Tausheita kan tale sitt tydlege språk.

Det kan vere mange mekanismer i sving mellom oss menneske. Nokre av dei kan vi vite om, og andre veit vi ikkje om. Vi har alle vår bagasje i livet, og denne bagasjen kan styre oss. Den kan vere med og bestemme kva vi gjer og kva vi seier, og den kan bestemme måten vi gjer tinga våre på og måten vi uttalar oss. Dette kan vere som ein lassa som vert kasta mot andre for å fange dei og for å binde dei til oss. Ein spelar på samvitet eller på andre kjensler slik at ankeret vårt finn eit feste hos andre.

Dette kan fungere greitt når ingen merkar noko til det, men det kan bli ille når ein merkar at her er mekanismer i sving som ikkje skulle vere der. Det er ikkje sikkert ein veit kva det er, men ein merkar at ein får ikkje naturleg kontakt. Ein blir ikkje sett og verdsett som den ein er, og ein har ikkje fridom til å vere seg sjølv. Her er det avstanden som rår, og ein kjenner ein trong til å kome seg vekk. Der er eit fangenskap som ein vil ut av.

Ein kan kjenne seg innelåst i eit fangebur, og livet får ikkje leve. Det gode i livet er borte, og tilværet kan miste dei fargane det skulle innehalde.

Å oppdage desse mekanismane kan føre til radikale oppbrot. Ein kan bryte opp frå det ein er i. Ein må forlate menneske ein har vore saman med lenge, og ein må legge ut på reise i livet for å finne tilbake til seg sjølv. Denne reisa må ein gjere åleine, og det kan vere ei reise med leiting, smerte og einsemd. Men det kan også vere ei reise der ein kjenner på glimt av liv og glede igjen. Det kan vere ei reise i ulent tereng med fjelltoppar med lys og god utsikt, og der kan vere djupe dalar der fjellsider og tre skaper mørke skuggar, og utsikten er kort.

Vi vinn andre menneske ved å gi dei frå oss. Ein må kutte dei banda som ein bruker til å binde andre, og ein må la dei gå den vegen dei vel å gå. På den måten kan vi få dei tilbake slik at dei blir hos oss, og på måten kan dei vere hos oss med dei eigenskapane dei ber på. Det gir oss sjølve eit rikare liv.

tilbake til Tankar om livet

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg