Peder Tomren si webside

tilbake til Reisemål

York, England

Sommaren 2000 la Silje Beate, Solfrid og Peder på tur til York i Nord-England. David var heime på leir. Bilen tok oss til Kristiansand, ferja førte oss over til Newcastle, og så var det å køyre igjen sørover til York. Forskjellen var at no måtte vi køyre på venstre sida av vegen, og ein måtte tenkje motsett i rundkøyringane. Det var litt krevande i starten, men så vart ein vande med det.

Etter å ha farta litt rundt i York, og etter å ha spurt seg fore nokre gongar, fann vi krypinnet vårt. Det var eit eldre koseleg hus med "Bread and breakfast".

Byen York

York er ein gamal by. Den vart grunnlagt i år 71 e. Kr., og den låg ei tid i det gamle Romerriket. Rundt den indre delen av byen er der ein bymur slik det ofte var i gamal tid. Ein ser at denne muren vart bygd høgare og høgare etter som tida gjekk, og den nederste delen av muren er frå romertida.

I denne muren er der portar inn til sentrum, og over portane er det bygd ei lita festing. Det var for å verne byen mot intrengarar.

På dette biletet ser vi noko av muren, porten og festninga over. Bak ser vi noko av den kjende katedralen York Minster.

Ein av dei første dagane våre der borte var vi med på ein guida spasertur rundt i byen. Det gav god informasjon, og det er å tilrå. York har i dag 181 000 innbyggarar.

Gatene i den eldste bydelen er trange. Nokre plassar er det vanskeleg å kome fram med bil, og ein må vere obs når ein går der. Husa kan også vere svært ulike, og nokre av dei er skeive. Det var moro å rusle rundt, og ein kjende at ein var på historisk grunn.

Vikingane kom

Storbritania var eit av måla til vikingane, desse røvarane frå Skandinavia. Dei norske vikingane reiste meir til Irland, men dei danske stranda i Nord-England og gjorde seg bemerka i Yorkshire (fylket der York ligg). Eit av spora frå den tida er namna på gatene i byen. I England heiter gatene normalt "street", men i York er dei kalla "gate". På gateskilta står det då ikke til dømes "Olav Trygvason street", men det står "Olav Trygvason gate". Det var moro å rusle rundt og sjå desse skandinaviske namna.

Jorvik - The Viking City

Det er mykje flott å oppleve i York, mellom anna Jorvik Museum. Der kan ein sette seg i ei vogn, og så vert ein ført 1000 år tilbake i tida, til "Jorvik - The Viking City". Der møter ein dei folka som levde i dette området på den tida. Ein høyrer det språket dei snakka. Ein kjenner dei luktene som var då. Ein ser dei husa dei budde i, og ein får innblikk i korleis dei livnærte seg. Ein ser også kva slags klede som var vanleg å bruke.

Dette var ei reise i tid som var vel verdt å ta.

York Minster

York Minister er den største katedralen nord for Alpane som er frå Middelalderen og i gotisk stil, og den har glasmåleri som er 800 år gamle. Ein blir imponert når ein står inne i eit slikt byggverk, og ein kjenner seg liten.

Katedralen ruvar i landskapet, og den er eit landemerke for byen, og frå tårna har ein utsikt over heile York og lenger enn som så.

Det er regelmessige gudstenester i katedralen, og utanom desse er den normalt open for folk som vil kikke, eller som vil ha seg ei stille stund.

Castle Howard

Eg var ein tur i Oxford for ca. 30 år sidan, og då kunne eg gå i gatene og berre kikke på bygningane der. Det var noko med formene og tårna som imponerte meg. Noko anna som imponerer like mykje med England, er slåtta. Ikkje langt frå York ligg Castle Howard, eit slått å barokk stil frå 1600-talet. Vi måtte ein tur dit.

Vi såg noko av det storslåtte, dei flotte utformingane, dei imponerande måleria på veggane og den flotte hagen rundt som var så velstelt. Ein tanke bak alt dette var å imponere "dei pene" som kom frå London, og som ikkje trudde det fanst noko så storslått utanfor hovudstaden.

Parkanlegg

Eg har allereie nemnd det: Dei flotte hagane. Eller kanskje storleik gjer det rettare å kalle dei parkar. Ein finn dei mange plassar i England, og dei er imponerande. Dei er så velstelte, og komposisjonen er så gjennomført. Graset veks ikkje i hytt og ver, og hekkane er som ein rett husvegg.

Vi måtte ha nokre timar i ein slik park når vi var i Yorkshire, og vi fann ein ved Castle Howard. Det var ein rose-park med roser i mange variantar. For meg vannkunnige mann var det utruleg at det finst så mange sortar roser, men her var det det. Ulike fargar, ulike former og ulik storleik. Dei stod på bakken, og dei danna flotte portalar. Solfrid er godt innført i hagebruk, og ho likte desse timane i rose-hagen. Det er også noko med roen som senkar seg når ein ruslar rundt slike plassar.

tilbake til Reisemål

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg