Peder Tomren si webside

tilbake til Gudsordet

Ha besøk utan å vite det

Du har no klikka deg inn på denne betraktninga, og du måtte gå ein liten omveg for å kome hit. Du kom først til Framsida av Heimesida mi. Så gjekk du kanskje nedover til du fann noko om Gudsordet, og derifrå kom du hit. Medan du har gjort dette, har du gjort ein annan ting også. Ja, det var ikkje berre fram til hit du gjorde det. Du gjer det no også. Du har faktisk gjort det frå du kom ut av mor sin mage, og du kjem til å gjere det til du skal forlate denne verda.

Kva er det eg bablar om? Eg kan gjerne bable, men livet vårt er heilt avhengig av denne tingen. Blir den borte, sluttar livet å eksistere, men vi tenkjer sjeldan på at den er der. Det er sjølvsagt PUSTEN eg snakkar om. Det var då innlysande.

Pusten er der når vi set beina på golvet om morgonen og går på badet for å sminke oss. Den er der når vi set ved frukostbordet trøytte, sure og grinete. Den er der når vi sveittar og stønnar over arbeidet vårt ute eller inne, og den er der når gutane listar seg rundt og kikar etter jentene. Den er der også når vi har innteke horisontalen om natta og musklane og hjernen har gått til kvile. Pusten tek aldri kvile. Den er den mest trufaste fylgjesveinen.

Med Guds finger

Jesus levde på vår klode for 2000 år tilbake. Han farta rundt og trefte mange ulike menneske. Ein gong støytte han på ein mann som var både stum og blind, og grunnen til det var at han var fanga av ei vond ånd. Jesus snakka til den vonde ånda, og vips så var den borte.

Folket vart imponert. "Korleis får han til dette?" - lurte dei på. Farisearane visste svaret, dei som hadde greie på ting. "Det er ved hjelp av Beelsebul", sa dei. Beelsebul er eit anna ord for Djevelen.

"Stopp ein halv", sa Jesus, "logikken dykkar slår sprekker. Det går ikkje bra dersom den vonde skal slåss mot den vonde. Men er det med Guds finger eg gjer dette, så er Guds rike midt imellom dykk". Han ville seie til folket: "Guds rike er der de lever livet dykkar. Det er der når de går ut av senga om morgonen og går på badet for å sminke dykk. Det er der når de et frukost sure og grinete. Det er der når de jobbar og sveittar. Og det er der når gutane spring etter jentene, og når de snorkar og sov om natta. Men det er ikkje sikkert de veit om det".

Det var dette Jesus ville proklamere for folket, at Guds rike var mellom dei. Det var målet når han bles vonde ånder ut av folk. Det var det han ville ha fram når han la hendene på sjuke og gjorde dei friske, og det var det han ville formidle når han la ei spyttklyse på auga til ein blind og gjorde han sjåande. Det var også dette han ville forkynne når han ropte døde menneske ut av død og grav.

"Og", sa Jesus, "ein gong skal dette riket kome til syne, når de ser meg som verdas beste konge kome ridande på ei sky. Då skal eg blåse bort alle makter og alle plager og skavankar på denne jord. Jorda og Saturn og Mars og resten av universet skal skapast på ny, og så skal eg vere i alt dette og vere konge der til evig tid. Livet skal vere hopp og sprett og dans og glede, og alt og alle til tilbe og hylle meg".

"Høyr på han", sa farisearane, "skrytepaven. Høg på pæra er han. La oss bli kvitt han"

Og det fekk dei til også. Jesus vart teken til fange. Dei spikra han til krossen, surra han inn i likklede og la han i grava. Ein stor stein kom framfor gravopninga, og soldatar heldt vakt. "Det var det", sa dei, og gnidde støvet av hendene sine.

Men den gang ei. To dagar etter var grava tom. Likklede låg på golvet som eit tomt hylster. Den store steinen låg slengt på bakken, og det same gjorde vaktmennene. Dei var som døde. Jesu vennar møtte han lys levande. Han levde. Han lever. Han skal alltid leve.

Livet sine mange krikar

Livet i år 2007 går sin gang. Vi set beina på golvet om morgonen og går på badet og sminkar oss. Vi set ved frukostbordet trøytte og grinete, og vi går til arbeidet vårt med strev og møye. Gutane luskar rundt i terrenget og kikar etter jentene, og vi snorkar og sov natta igjennom. Og pusten fylgjer oss alltid og over alt utan at vi tenkjer på det.

Midt i alt er også den oppstadne og levande. Han dultar bort i oss for å vekke oss litt. "Hei du", seier han, "eg lever eg. Eg er her hos deg, og eg vil fylgje deg over alt, like fast som pusten din. Og du, skal ikkje du vere med då, på festen min, den store og evige, når heile universet er fylt av liv og galskap?"

"Neeeeeiiiiii", seier nokon, "dette har vi høyrt før. Det er ikkje noko å bry seg med. Det er vel berre tull og tøys". Men den oppstadne og levande vil alltid vere der for å prøve å nå inn.

"Ja!!!!!", er det nokon som seier, "det har eg lyst til. Festen og livet som skal sprenge alle grenser". Og Jesus svarer tilbake: "Yes, my friend, all mine is now yours", og englane i himmelen syng og speler av full hals.

tilbake til Gudsordet

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg