Peder Tomren si webside

tilbake til Gudsordet

Rådslagningsmøte i himmelen

Det er fastetid. 40 dagar før påske. Kva er vitsen med fastetid? Ja, det kan det vere like mange tankar om som det er menneske på jord. Den opprinnelege meininga med faste er å avstå frå noko av det vi er vande med for å få meir fokus på noko som skal kome. Vitsen med faste er å rette fokus på påskehøgtida som nærmar seg.

I tekstar som blir brukt denne tida byrjar Jesus å snakke med disiplane sine om at dei skal reise til Jerusalem, og der skal han takast til fange. Han skal lide og døy, og to dagar etter skal han stå opp igjen. Men disiplane skjøna bæret. Slik vart det likevel. Jesus gjekk til Jerusalem for å lide og døy, og det var ein smerte som inga hjerne på denne jord nokon gong har forstått døyten av. Eit spørsmål som av og til dukkar opp i mi lille hjerne er: Kvifor valde Jesus å gå denne vegen?

I min fantasi forestiller eg meg at der var eit rådslagningsmøte i himmelen ein gong. På dette møtet var Gud Fader, Sonen i guddomen og Den Heilage Ande. På sakslista stod det ei sak: "Menneska har søla det til for seg". Dei blir misunnelege når naboen får ny dress eller ny kjole, og dei rottar seg saman og frydar seg høglydt over at fine fru Olsen knakk den høge hælen i selskapet til direktør Hansen. Dei liker ikkje kvarandre, og dei lagar våpen for å drepe kvarandre. Problemet på rådslagningsmøtet var at dersom desse menneska kjem til Guds himmel med alt det vonde dei gjer, blir det ingen himmel. Dessutan er Faderen så glad i det som er rett og godt, at han ikkje toler noko anna.

Dei tre rundt bordet kom fram til at eitt av to måtte skje:

For det første: Menneska kunne få det som dei ville. Vere borte frå livet og rikdomen i Guds rike for all framtid, men Faderen sitt hjarte tok eit ekstra hopp ved den tanken. Han hadde skapt desse krypa, og han elska dei meir enn noko anna. Han kunne ikkje sete og sjå på at dei seila sin eige sjø. Dei tre rundt bordet måtte sjå på det andre alternativ.

For det andre: Ein av dei tre tok saka. Det vil seie om Faderen, Sonen eller Anden ville stige ned på jorda og ordne opp i menneska sitt søl. Då var det at Sonen melde seg.

Derfor møter vi Jesus før påske på veg til Jerusalem. Han hadde kome til jord for å gjere seg til alt det som menneske er, og til alt dei har gjort. Han bar på ein sekk som lukta ille, og han gjorde det for å gjere opp for alt innhaldet. Den største smerten var ikkje naglane som spikra han til krossen, men det var Guds reaksjon mot vårt søl.

Så var det gjort. All skiten låg igjen i grava, og Jesus stod opp igjen til liv og framtid to dagar etter. 1974 år etter fartar han rundt på jord gjennom dei ulike tenarane sine for å dele ut tilgjeving, liv og alt som finst av eigedom og rikdom, til dei som vil ta imot.

tilbake til Gudsordet

Meny:

Framside Om oss Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt oss Gjestebok

Lenker:

Blogg