Peder Tomren si webside
Nye høgdepunkt og new look.

Det har runne ein del vatn i havet sidan sist det skjedde noko med denne sida, men livet har ikkje stått stille. Den eine hendinga etter den andre har dukka opp. Ei av dei største var då Josefine kom til verda i oktober 2010. "Kunne eg velje, hadde eg valt barnebarna først", sa mannen. Tja .... Eg er svært glad for barna, men det var stort å bli morfar. Ein absolutt "høgare".

Så gror det hår rundt haka hans far for første gong i livet, men grunnen er enkel. Det blir for tungt å ta med balberskum når ein reiser til Frankrike for å gå pilegrimsvegen, og rubbel og bit skal berast i ryggsekken. Det var forresten eit anna høgdepunkt som det vil kome meir om etter kvart.

Så nådde eg mitt høgste punkt så langt i livet, fysisk forstått. Det skjedde på fjelltur til Ahornspitze i Østerrike. Då var beina (kledde med joggesko) 2970 m.o.h. Det var litt ergerleg med dei 30 metera som mangla på 3000. Flott tur var det i alle fall med selskap av nokon frå Tyskland.

Det er kanskje nye tider for denne sida også, med nye høgdepunkt som ventar.

Meny:

Framside Om meg og mine Slekt Reisemål Fotoalbum Livstankar Utflukter Smått og stort Gudsordet Humor Plakaten Kontakt meg Gjestebok

Lenker:

Blogg

Velkomen!

Hei. Velkomen til Peder si heimeside. Det var fint du stakk innom. Eg er ein mann som har passert min beste alder, men livet er verdt å leve sjølv om kneet kan svikte og magen kan vere sur. Eg har vokse opp med hav, fjell, vind og nedbør. Derfor liker eg å reise på sjøen for å fange torsken eller slite meg opp fjellsida for å nå toppen, med den utsikten, og så er fotoapparatet som regel med. Eg kjenner at livet lever når natur og ver lever rundt meg.

Eg er også skrudd saman for å sete på stolen og lese, studere, fundere og finne ut av ting, og det er stor glede i toppen når det blir slik eg ønskjer det skal bli. Det er den lille ingeniøren som er i funksjon, og websida du er inne på no, er eit resultat av dette.
Kva vil eg med denne sida? Eg set stor pris på å ha kontakt med deg og med andre. Eg vil formidle noko av det som skjer i min nære krets, og så vil eg gjerne høyre frå deg. Kontakt er ein verdifull ting. Det er med og gjer livet rikare.

Litt praktisk: Nedanfor skriv eg litt om det du kan finne på dei ulike sidene. Du finn det same i Meny til høgre. Du er velkomen til å klikke der det passar. Det var fint du stakk innom.

Opphav.

Det er flott å vere til, og det er flott å høyre til ein plass. Til denne plassen høyrer det også med menneske som betyr mykje.

I dette huset er eg fødd, og her voks eg opp. Småbruket heiter Lynghol og ligg på Haramsøy nord for Ålesund. Her var det mest mor som stelte huset og dei få husdyra, og far var borte på fiske.

Mor og far hadde fått barna sine. Familien var i boks, og den skulle festast til fotopapiret. Mor nærma seg 50 år, og tida for fødslar ebba ut. Men så kom det eit Sara-opplegg. To dagar etter mor sin 50 årsdag vart eg dregen ut med tang, 5 kg. tung. "O du for ei hegre", sa jordmora. Eg var nok ikkje planlagt. Kanskje ein liten glipp, men likevel velkomen.

Kysten på Nordvestlandet byr på variert natur og ver og vind.

Himmelen kan vere blå og sjøen ligge still, og det kan vere praktfullt med ein fjelltur.

Regnet kan øse ned, vinden kan ta skikkeleg tak, og båra kan bryte mot land.

I havet er lyren og anna slags fisk,

eller ein kan få eit måltid krabbe.

Om meg og mine.

Uffa meg, kan dette likne på oss? Ingen har sagt det til oss endå, men ingen har sagt det motsette heller. Så kven veit? Eg trur i alle fall sjølv at vi framstår litt annaleis.

Kven er vi, og kva driv vi med? Du kan lese litt om det ved å klikke på sida Om meg og mine i Menyen til høgre. Du får ikkje den store innføringa i vår lille verd, men ein liten presentasjon.
Eller les meir her.

Slekt.

Det kan vere alderen som gjer det. Eg har i alle fall rota litt i slekta mi. Med tida kan det melde seg eit behov for å vite meir om røtene sine. Det handlar også om å få vite meir om seg sjølv.

Eg har arbeidd med mor Borghild si slekt som kjem frå Ulla på Haramsøy, og eg har jobba med far Vilhelm si slekt som kjem frå Hellevika på Lepsøya og frå Tomrefjord i Romsdal. Under Slekt i Menyen finn du ein oversikt over slektsledda bakover.
Eller les meir her.

Reisemål.

Vår lille familie har hatt "landlege" ein del år p.g.a. flyskrekk ombord, men på underleg vis har denne skrekken sloppe taket. Derfor har det vorte nokre reiser hit og dit.

Dei store reisene skjer i fantasien, og dei reelle reisene våre fortel eg om på lenka Reisemål i Menyen. Så langt gjeld det reiser i Europa, Midt-Austen og til Syden.
Les meir her.

Fotoalbum.

Det er moro med bilete. Det kan vere gamle bilete, og det kan vere nye. Dei kan fange opp ei stemning, og dei kan alle fortelje ei historie. Så langt har eg laga album med naturbilete frå inn- og utland, og eg har gamle bilete frå slekta mi. Eg vil gjerne høyre frå deg dersom du har fleire av dei sistnemnde. Du kan lese meir om bilete mine ved å klikke på Fotoalbum i Menyen.
Eller les meir her.

Utflukter.

Finne fram utekleda. Gjere reisesekken klar. Stikke nasen ut døra og kjenne den friske lufta. Klatre i li og fjell slik at ein kjenner det i beina, eller bruke båten og merke sjøsprøyten. Og ikkje minst: Stikke av ein tur saman med andre. Det er noko av livet, og det er vitamininnsprøyting i tilværet. Dette er noko av det eg gir innblikk i på sida Utflukter i Menyen.
Les meir her.

Smått og stort.

Eg tenkjer av og til. Eg kan filosofere over ting. Eg kan studere på noko for å finne ut av det, og eg kan skrive om det. Om det er smått eller stort, er relativt. Noko er stort for meg, og noko er stort for deg.

Ved å klikke på lenka Smått og stort i Menyen finn du noko av det som rører seg i toppen min. Så langt ligg der ei kritisk analyse av religionen Islam.
Les meir her.

Gudsordet.

Det er ein prest som steller med denne sida, men han meiner å vere alminneleg. Når det heng slik saman, er det vel ikkje så underleg om det dukkar opp nokre gudsord her og der.

Eg har samla desse orda på sida Gudsordet som ligg i Menyen. Dette er små betraktningar av ulike slag.

Les meir her.

Humor.

Latter er ei god gåve, og den forlengar livet, seier dei. Det er så godt å sette seg godt bak i stolen og la humoren ta ein. Ein kjenner noko av livet på den måten.

Eg har samla litt herifrå og litt derifrå på sida Humor i menyen. Der er frå Barnemunn og litt anna. Dette tullet har utført sin misjon dersom det kallar fram latteren og ruskar litt i organa.
Les meir her.

Siste nytt.

November 2011:

Er istida slutt?

No har denne sida mi hatt ei lang pause. Den har lege på is (eller under is) over eit år, men kanskje den no kan byrje å røyve på seg. Den lange stoppen kan skuldast lita tid, arbeid som krev sitt, og hus som skal gjerast reint for hybelkaniner og andre vesen. Der er i alle fall eit ønskje om at nye tider skal kome.

Mykje har skjedd sidan sist. Fin tur til Austerrike i fjor sommar der pasjonsspelet i Oberammergau var høgdepunktet. Studieturen til Roma som forsvann i vulkanaska i april, vart gjennomført med stort utbytte i september. Verdas flottast jente kom til verda i oktober då eg opplevde det store å bli morfar, og dette året vart det mellom anna ny tur til Austerrike med sykling og vandring, og det vart tur i Athen der eg kraup mellom gamle tempel- og kyrkjeruinar.

Noko anna som er verdt å nemne, er ei 4 vekers pilegrimsvandring i Frankrike i mai. Eg reiste åleine til eit ukjent land med ukjent språk for å gå der. "Galskap" sa søskena mine, og dei hadde sikkert rett, men det vart innhaldsrike og lærerike veker. Håpet er å gå til Santiago i Spania.

Tankar om livet.

Til tider kan ein lure på korleis det fungerer i toppetasjen. Ting vart ikkje lagra som ein trudde vart lagra, og ting dett ut som ein trudde var der. Men vi må ikkje fortvile. Det kan fungere betre enn vi trur.

Livet er ei vandring i varierande terreng, og det produserer ulike opplevingar og ulike refleksjonar.

Eg har samla nokre tankar rundt dette på sida Tankar om livet. Du kjem dit ved å klikke på Livstankar i menyen.

Eller les meir her.

Plakaten.

Kva driv eg med? Det kan vere litt her og litt der. Noko kan forteljast til andre, og noko skal eg tie still med. Noko er verdt å gjerast kjent, og noko er meir tvilsamt.

På sida Plakaten er der ein oversikt over noko av det eg er med på. Du finn den i menyen,

eller klikke her.

Kontakt meg.

Som sagt: Eit viktig mål med denne sida er å ha kontakt med deg og med andre. Eg vil formidle noko av det som skjer her, og eg vil gjerne høyre frå deg.

Du sender meg nokre ord via e-post ved å klikke på Kontakt oss i menyen, eller du gjer det ved å klikke på Gjestebok. Fint å høyre frå deg.
E-post.

Gjestebok.

Blogg.

Ein annan måte å fortelje om ting på, er å bruke ein Blogg. Der fortel eg meir utførleg om ting som skjer, og som eg er med på, mellom anna når eg er på reisefot. Det meste av det som står der, er seriøst. Du finn det ved å klikke på Blogg under Lenker.

Siste innlegg i Bloggen: "Israel okt. 08 - Jerusalem religiøst senter".
Les meir her.

Oppdatering:

04.04.12: Eg formidlar historie, opplevingar og inntrykk frå Israel. Eg hadde ein innhaldsrik tur dit i 2008 saman med mange andre. Vil du vere med, finn du den under Reisemål og Israel 2008.